Nyheter

Nekta opphald i Norge grunna manglande lojalitet

AFGHANISTAN: Fleire av dei afghanske tolkane som arbeidde for Forsvaret skal ha hatt ekstreme og ytterleggåande haldningar. Difor blir dei på nytt nekta opphald i Norge.

Ein rapport frå Forsvarets sikkerheitsavdeling (FSA) frå 2013 kastar lys over avslaga om opphald i Norge. Forsvarsnettstaden aldrimer.no skriv måndag at i rapporten er FSA «uroa over menneskesynet til fleire (av tolkane, red.anm), og dessutan over dei sterke religiøse strøymingane i gruppa».

Kaoset rår på flyplassen i Kabul. Tusental har samla seg for å få plass på fly ut av Afghanistan. Måndag morgon gjekk justisminister Monica Mæland (H) ut og forklarte kven som kanskje kan få kome til Norge:

Lokalt tilsette afghanarar som arbeidde for Forsvaret, og som ikkje søkte asyl i samband med søknadsordninga i 2015, kan få søknaden handsama i utlendingsforvaltninga, altså UDI og UNE.

Men ei gruppe seier Mæland tvert nei til: «I forbindelse med behandling av saker etter 2015-instruksen fikk ti personer avslag av tungtveiende grunner. Det legges ikke opp til å behandle disse søknadene på nytt.»

Sundag sa statsminister Erna Solberg (H), til NTB, at det var snakk om «ganske tungtveiende grunner for avslag. Det er rikets sikkerhet – altså Norges sikkerhet – som er begrunnelsen for dette».

---

Afghanistan

  • Norge hadde totalt 9.200 soldatar i Afghanistan, i perioden 2001-2021, dei siste kampsoldatane kom heim i juni.
  • Ti soldatar blei drepne i teneste.
  • Forsvarets innsats i landet har kosta kring 11 milliardar kroner.
  • Sivile afghanarar arbeidde hjå militære avdelingar som tolkar, reinhaldarar, vedlikehaldsarbeidarar og sjåførar.

---

Delte Talibans verdisyn

Når Vårt Land kontaktar Justisdepartementet måndag med spørsmålet «korleis kunne afghanarar arbeide for Forsvaret over år, gå inn og ut av militærleir, for så å ende opp som ein tryggingsrisiko», er svaret «kontakt Forsvarets operative hovudkvarter».

Her seier pressetalsmannen at dei ikkje kan kommentere saka, men gjer Vårt Land merksam på ein artikkel på nettstaden aldrimer.no.

Aldrimer.no har fått tilgang på ein rapport frå Forsvarets sikkerheitsavdeling (FSA) frå 2013. Der går det fram at lokalt tilsette tolkar i Afghanistan skal ha hatt haldningar som i monaleg grad samsvarte med verdisynet til Taliban.

«Ettersom det dominerande verdisynet blant tolkane i stor grad samsvarer med det som kjenneteiknar motstandarane våre, kan vi ikkje ta lojaliteten deira for gjeven. Særleg gjeld dette no som ISAF-uttrekninga er langt framskriden og personleg posisjonering for ettertida blir stadig meir aktuelt», siterer aldrimer.no frå 2013-rapporten.

kk

Tok lett på personsjekk

Aldrimer.no skriv at dei seinare åra er det blitt kjent at «norske styrker tok meget lett på bakgrunnssjekker av tolker som ble engasjert under oppdragene i Afghanistan, sammenliknet med andre lands kontingenter» – og viser til boka Tolken av Simen Sætre og Qais Wahidi.

I boka fortel ein norsk offiser at innsidetrusselen gradvis blei større: «Det startet for oss ved at en afghansk grensepolitisoldat i en naboleir drepte to amerikanere. Det var et av de første innsideangrepene. Det gjorde at vi internt, mitt team som bodde i en afghansk leir, ble ekstra oppmerksom på dette», fortel offiseren.

Aldrimer.no skriv at «minst en av de norsktilsatte tolkene aktivt ga informasjon til Taliban om norske og allierte operasjonsplaner».

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter