– Regjeringa må gå gjennom sakene til tidlegare tilsette, som har fått avslag, på nytt.
Kravet kjem frå Senterpartiets forsvarspolitiske talskvinne, Liv Signe Navarsete, som også har vore statsråd og partileiar.
Mazar-e Sharif er under kraftig angrep fra Taliban og kan bli den neste provinshovudstaden som står for fall i Afghanistan, melder NTB måndag.
– Me førebur oss på å døy, Taliban vil drepe oss, skriv ein afghanar til Vårt Land i ei tekstmelding måndag ettermiddag. Han arbeidde i den norske leiren i Mazar-e Sharif, Camp Nidaros, i fire år.
Dei som var tolkar fekk opphald i Norge då Forsvaret trekte seg ut frå Mazar-e Sharif. Dei som hadde hatt andre jobbar, fekk avslag.
Afghanaren, som ikkje fekk tilbod om Norge fordi han jobba med reinhald og vedlikehald, melder no at Taliban står fire kilometer unna der han oppheld seg i Mazar-e Sharif.
[ Regjeringa nektar å hente ut fleire eks-tilsette ]
Tybring-Gjedde vil ha ny vurdering, men nei til storfamiliar
Framstegspartiets forsvarspolitiske talsmann, Christian Tybring-Gjedde, følger Sp og Navarsete – eit stykkje på veg.
– Dei som har arbeidd tett med Forsvaret i Afghanistan, og som tidlegare har fått avslag, bør få sakene vurderte på nytt. Men Norge skal berre gje opphald til einskildpersonar, ikkje heile familier, og dei skal kome som kvoteflyktningar, på den årlege kvota.
Veteranar ber for eks-kolleager
I Norges Veteranforbund for Internasjonale Operasjoner (NVIO) har mange medlemmer oppdrag i Afghanistan bak seg. Generalsekretær Bjørn Robert Dahl har difor ei oppmoding til regjeringa, akkurat som Sp- og Frp-toppane:
– Dei som har fått avslag tidlegare, må få vurdert sakene sine på nytt, ut frå dagens tilhøve i Afghanistan.
Dahl har sjølv vore offiser i Afghanistan og sett kva sivile afghanarar har ytt av viktig innsats for Forsvaret. Tolken han brukte fekk opphald i Tyskland for fire år sidan.
NVIO-sjefen meiner at utan sivile afghanarar ville ikke Forsvaret klart å løyse oppdraga i Afghanistan. Difor må Norge no ta vare på dei afghanske hjelparane.
[ Afghanar angrar han jobba for Forsvaret ]
Blir rekna som spion og svikar
91 afghanarar har fått opphald i Norge fordi det var for farleg for dei å bli verande i Afghanistan. Dei hadde alle arbeidd for Forsvaret som tolkar eller reinhaldarar, og har fått kome til Norge saman med familiane, totalt 271 kvinner og barn, opplyser Forsvarsdepartementet til Vårt Land.
I juli intervjua Vårt Land ein afghanar som hadde vore i norsk teneste i Mazar-e Sharif, og som er blitt nekta Norges-billett. Han fortel at Taliban reknar han som spion og sviker, og dersom Taliban finn han og får dei rette opplysningane, vil han bli avretta.
Regjeringa avviser nye vurderingar
Etter at Taliban tok område etter område og by etter by i Afghanistan, spurde Vårt Land Justisdepartementet om regjeringa vil vurdere sakene til dei som har fått avslag på nytt, i lys av Talibans frammarsj. Svaret var nei:
«Vi har forståelse for at situasjonen i Afghanistan er krevende. Det er flere av dem som har vært ansatt av Forsvaret og deres familier som har fått komme til Norge. Det legges ikke opp til nye vurderinger for dem som tidligere har fått avslag», sa statssekretær Hilde Barstad (H) førre veke.
Avslaget får Sps talskvinne, Liv Signe Navarsete, til å reagere:
– Tilhøva i Afghanistan har endra seg kraftig sidan dei fekk avslag. Når Taliban no rykkjer fram, går dei som har arbeidd for «den store fienden» usikre kår i møte.
---
Afghanistan
- Norge hadde soldatar i Afghanistan i nesten 20 år, dei siste kampsoldatane kom heim i juni.
- Ti soldatar blei drepne.
- Forsvarets innsats i Afghanistan har kosta kring 11 milliardar kroner.
- Sivile afghanarar arbeidde hjå militære avdelingar som tolkar, reinhaldarar, vedlikehaldsarbeidarar og sjåførar.
---
Held Norge ansvarlege
Afghanaren Vårt Land snakkar med på måndag, var avisa også i kontakt med på fredag. Han er ein av 14 afghanarar frå Camp Nidaros i Mazar-e Sharif som ikkje har fått tilbod om Norge som nytt heimland:
«Hvis noen av oss blir drept av Taliban, kommer Norge til å bli holdt ansvarlige fordi de ikke hørte på oss», fortalde mannen på telefon frå byen.
[ Kommentar: Korleis vågar regjeringa? ]
Ber om felles Nato-reglar
Uthenting av afghanarar som arbeidde for Nato-landas militære avdelingar er tema i mange land. I Danmark lovar regjeringa av eks-tilsette som tidlegare har fått avslag, skal få vurdert sakene på nytt i lys av dagens tilhøve. Tyskland, Storbritannia og USA arbeider også med å hente ut afghanarar.
Christian Tybring-Gjedde og Frp meiner at kvart Nato-land ikkje bør ha eigne reglar for kven som skal sleppa gjennom nålauga.
– Her bør Nato få etablert eit felles regelverk, slik at det blir lik handsaming i alle Nato-land, seier han, og spelar med det ballen over til Natos generalsekretær Jens Stoltenberg.
Vårt Land har ikkje lukkast med å få ein kommentar frå Natos hovudkvarter i Brussel.