Nyheter

Rømer krisa i Tunisia – går i båten mot Europa

DØYR PÅ HAVET: Krisa i Tunisia kan avlesast i farkostane som legg ut på den farlege ferda over Middelhavet. Stendig fleire tunisiarar prøver å ta seg til Europa.

EUs grensebyrå vaktar Europas yttergrenser – og kartlegg med det ulovlege grensepasseringar. Halvårstala til Frontex viser at Europa på nytt har sterk trekkraft på flyktningar og migrantar.

Samstundes som talet på båtreisande på nytt stig, stig også dødstalet.

Frå januar til august har 1.146 menneske forsvunne i Middelhavet, melder IOM, FNs organisasjon for migrasjon. Flest har drukna på den sentrale ruta, 930.

Til samanlikning drukna 499 personar i Middelhavet i heile 2020 i forsøka på å ta seg til Europa.

Over dobling av dødstal

Frå januar til juni registrerte Frontex at vel 61.000 personar prøvde å ta seg ulovleg over ei grense – ein vekst på heile 59 prosent samanlikna med første halvår i fjor. Ein person kan imidlertid vere talt to eller fleire gonger på ferda inn i Europa.

Berre i juni var auken på nesten 70 prosent samanlikna med juni i fjor. I helga plukka redningsbåtar opp vel 700 migrantar og flyktningar, storparten utanfor Libya og Malta.

Frontex forklarar veksten med at i fjor regulerte strenge koronarestriksjonar mykje av aktiviteten langs rutene til Europa.

Veksten er størst på ruta over det sentrale Middelhavet, frå kysten av Libya og Tunisis, mot særleg Italia. På denne ruta dominerer no to nasjonalitetar, seier Frontex – reisande frå Bangladesh og Tunsisa.

Utforbakke med økonomien

Djupe økonomiske problem er ei viktig årsak til den politiske krisa i Tunisia, der president Kais Saied har samla all politisk makt i eigne hender.

Saied blir skulda for statskupp etter at han 25. juli sparka statsministeren og suspenderte nasjonalforsamlinga. Likevel gikk tusental ut i gatene i hovudstaden Tunis for å feire.

Tunisia blir fillerista økonomisk ti år etter at det arabiske våren braut ut i nettopp dette nordafrikanske landet. Dei dårlege tidene blir forsterka av koronapandemien.

– Alle prisar har gått opp, men det har ikkje lønningane, seier slaktaren Adel Ben Trad i hovudstaden Tunis til AFP.

---

Ruter inn i Europa

  • Halvårstala til Frontex viser utviklinga på alle rutene inn i Europa.
  • Austre Middelhav, frå Tyrkia til Hellas: 7.340 ulovlege grensepasseringar, 40 prosent ned samnlikna med første halvår i fjor, syrarar og tyrkarar dominerer.
  • Vestre Middelhav, frå særleg Marokko til Spania: 5.800 ulovlege grensepasseringar, opp 27 prosent, algirarar og marokkanarar dominerer.
  • Vest-Afrika, frå kystland i Vest-Afrika til Kanariøyane: 6.600 i år mot 2.700 i same periode i fjor.
  • Vest-Balkan, frå særleg Bosnia-Hercegovina og Serbia inn i Ungarn og Kroatia: 18.600, opp 92 prosent, syrarar dominerer.

---

Ti år sidan opprøret

Folkeoppstanden vinteren 2011 blei startskotet for den arabiske våren. Protestar og krav om demokrati spreidde seg som eld gjennom land i Midtausten, og fleire autoritære leiarar blei avsette.

Likevel var Tunisia det einaste landet der demokratiet slo rot, melder NTB. I 2015 fekk Den tunisiske dialogkvartetten – fire organisasjonar frå sivilsamfunnet – Nobels fredspris for innsatsen i overgangen til demokrati.

Men for kvarmann er livet blitt vanskelegare.

– I løpet av ti år må me ha mista halvparten av kundene, seier Adel Ben Trad.

opprør

Legg skulda på eitt parti

Han fortel om desperate kundar som ber om å få krite. Dei har ikkje kontantar til å betale kjøtet. Adel Ben Trad slaktar landets politikarar.

– Me er i denne situasjonen grunna dei politiske partia som berre tenker på seg sjølve.

Trebarnsfaren Haykel Mosbahi, som har mista jobben som sivilingeniør i eit anleggsfirma og må jobbe som tryggingsvakt, er tvungen til å finne nye klede til familien i søppelkasser. Han meiner det moderate islamistpartiet Ennahdha har hovudansvaret for problemene.

Partiet har nemleg hatt sete i alle ni regjeringar som styrt Tunisia sidan revolusjonen i 2011.

– Jobbtilbud går berre til Ennahdha-tilhengjarar, lyder Mosbahis analyse.

Europa blir utvegen

Tunisia var i fleire år fram til 2011 eit populært reisemål for nordmenn. No råkar koronapandemien den viktige turistnæringa hardt. I fjor krympa den tunisiske økonomien med over åtte prosent, skriv NTB.

Verdien av den tunisiske valutaen er halvert sidan 2011, medan statsgjelda har auka kraftig.

Tunisia slit også med korrupsjon. Landet ligg på 69. plass på indeksen til Transparency International som rangerer 180 land.

I eit land som slit med høg arbeidsløyse blant særleg unge, er det mange som no berre ser ein utveg: Ein båttur til Europa. Ein høg sum pengar for ein einvegsbillett over havet. Rett i lommene på menneskesmuglarar.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter