Nyheter

Støre om Bibelen, Kari Veiteberg og eit dramatisk terrorangrep

VERDIKAMP: Jonas Gahr Støre vart kristen som vaksen. Han fekk verdiane sine testa då den afghanske terroristen som kunne ha drepe han, vart ein fri mann.

Dette intervjuet med Jonas Gahr Støre vart publisert 2. august i år. Me henter det fram igjen, no som det er klart at Støre truleg blir ny statsminister i Noreg.

– Sidan eg visste du kom, skal du få ein tekst av meg.

I handa har Jonas Gahr Støre seks A4-sider som han har printa ut. Ap-leiaren stiller førebudd når Vårt Land kjem på besøk.

I teksten skriv Støre om den demokratiske arven frå Hans Nielsen Hauge, den radikale bodskapen i Bergpreika og kjærleiken som ei ideell fordring i Høgsongen. Teksten framførte han for Trondheim Bispemøte i 2014, få veker før han vart vald som partileiar.

– Det er noko av det ærlegaste og viktigaste eg har skrive som politikar.

I 20-åra byrja han å kalla seg kristen. Det var eigentleg ikkje så stor overgang, for det han fann i Bibelen om radikalt likeverd og forvaltaransvar, var verdiar han kjente frå oppveksten.

– Eg ser på Bibelen og kyrkjas historie som eit etisk vegkart i mitt liv. Men det er eg som navigerer i det livet. Eg må ta ansvar for det.

Eit etisk vegkart kan sjå oversiktleg ut på papiret, men meir trøblete i møte med røynda. Jonas Gahr Støre har kjent på kor vanskeleg det kan vera å gje slepp på ønsket om hemn.

– Så begynte knatringa frå maskinpistolar

– Det er framleis veldig nært. Eg hugsar dagen veldig godt.

Jonas Gahr Støre snakkar om måndag 14. januar i 2008. Han hugsar synet av døde menneske og blodspora i resepsjonen.

Fullt utrusta amerikanske marinesoldatar kom inn i kantina. Dei bad alle amerikanarane om å rekka handa i vêret. Så tok dei amerikanarane ut. Me sat igjen.

—  Jonas Gahr Støre

Støre var utanriksminister og på besøk i Kabul. Følget hans hadde fått råd om å halda seg på hotellet, det var ikkje trygt å gå ut.

Serena Hotel marknadsfører seg som ein oase av ro i hjartet av hovudstaden av Afghanistan. Slik var det ikkje den dagen.

– Me sat i eit møterom ein etasje ned frå resepsjonen. Så begynte det å støya over hovuda på oss.

Støre trudde først at nokon heldt på å flytta på møblar i etasjen over. Så høyrde han lyden av granatar og drønnet frå ein eksplosjon. Det var lyden av ein mann som sprengde seg sjølv i lufta.

f

– Så begynte knatringa frå maskinpistolar. Det tok nokre sekund før me forstod at det var alvorleg.

Dei norske livvaktene gav beskjed om at alle måtte koma seg ned på golvet. Følget la seg under borda i det tronge møterommet utan vindauge.

Etter litt tid vart dei evakuert til ei kantine som var utpeika som tilfluktsrom. Telefonane byrja å koma inn om at ein UD-tilsett og ein norsk journalist var skada.

Så høyrte Støre lyden av støvlar.

– Fullt utrusta amerikanske marinesoldatar kom inn i kantina. Dei bad alle amerikanarane om å rekka handa i vêret. Så tok dei amerikanarane ut. Me sat igjen.

Tungt å bera tapet av norsk journalist

Jonas Gahr Støre kom seg ut til slutt.

Dette var første gong ein offisiell norsk delegasjon i utlandet vart direkte ramma av eit terrorangrep, skriv UD i ein gjennomgang av hendinga.

Seks personar mista livet i angrepet, mellom dei den norske journalisten Carsten Thomassen. Åtte personar vart skada, mellom dei ein kollega av Støre i Utanriksdepartementet.

– Det med Carsten Thomassen var vondt å bera. Eg hadde møtt han mange gonger, han var ein av våre flinkaste utanriksjournalistar på den tida, seier Støre.

Taliban tok på seg ansvaret for angrepet. Det har versert ulike påstandar om Støre var eit uttalt mål for aksjonen eller ikkje.

Mot dødstraff, også for terroristar

No trekker USA og Nato seg ut av Afghanistan. Tilbaketrekkinga av styrker er følgt av ein stor offensiv frå Taliban.

– Korleis kjennest det for deg at den organisasjonen som kunne ha drepe eller skada deg, no er på offensiven i Afghanistan?

– Det første spørsmålet eg stilte meg, var om eg var for eller mot dødsstraff for den afghanske terroristen, seier Støre.

Det var Taliban-krigaren Muhammed Ramadan som drap Carsten Thomassen og skada UD-kollegaen til Støre. Etter angrepet hadde Ramadan blitt arrestert og seinare dømt til døden.

For at livet mitt skal gå opp, så må ein del av livet mitt handla om tru.

—  Jonas Gahr Støre

Støre kom fram til at han måtte stå ved sitt prinsipielle syn om å vera mot dødsstraff. Blodhemn var noko som låg fortida til.

– Om det gjeld den afghanske terroristen eller Anders Behring Breivik, er eg imot dødsstraff.

Dødsstraffa mot Ramadan vart ikkje fullbyrda, og i september i fjor vart han truleg ein fri mann. Han skal ha blitt lauslaten i samband med fredsforhandlingar mellom Taliban og afghanske styresmakter.

– Det var ein tung bodskap å få. Folk som har gjort dette, burde ikkje lauslatast. Men eg tenkte at om det er dette som skal til for å forsøka å koma vidare, så er ikkje det noko eg skal motsetta meg.

Eg er ikkje einig i eit prinsipp om at me har eit ansvar for å ta i mot dei som måtte koma frå Afghanistan fordi me har vore engasjert militært i landet.

—  Jonas Gahr Støre

– No må afghanarar styra Afghanistan

Jonas Gahr Støre var utanriksminister i sju av dei 20 åra norske soldatar var stasjonert i Afghanistan.

I dag tek Taliban over stadig nye område i Afghanistan.

– Er dette ein krig me har tapt?

– Eg vil seia ja og nei. Eit av måla var å hindra terror å spreia seg frå afghansk jord til regionen rundt og vidare ut. Der vil eg ikkje seia me har tapt. Men me har ikkje nådd måla om å sikra kvinners rettar og eit regime vald gjennom demokratiske prosessar.

Han meiner at det er på tide å setja strek for norsk nærvær i Afghanistan.

– No må afghanarar styra Afghanistan. Eg hugsar at då Ap var i regjering, var me opptekne av at me var i ferd med å få militære i Nato som kunne meir om fjella i Afghanistan enn fjordane i Nord-Europa. Vår oppgåve var å få Nato sitt fokus tilbake igjen på kjerneoppgåvene.

Jonas Gahar Støre besøker Støre gård i Skogn, Trøndelag.

Meiner Noreg ikkje har særskild ansvar for afghanske flyktningar

Her heime førebur norske styresmakter seg på at Natos tilbaketrekning kan gje ein ny flyktningstraum.

– Sett at det kjem ei flyktningbølge frå Afghanistan. Har Noreg eit spesielt ansvar å ta i mot flyktningar sidan me har drive krig i dette landet?

– Nei. Eg meiner me ikkje har «drive krig» i Afghanistan. Me har vore i Afghanistan etter eit mandat frå FNs tryggingsråd og på invitasjon frå afghanske myndigheiter. Eg er ikkje einig i eit prinsipp om at me har eit ansvar for å ta i mot dei som måtte koma frå Afghanistan fordi me har vore engasjert militært i landet.

Han legg til:

– Noreg skal framleis stilla opp for Afghanistan, men stilla klare krav til styresett. Me skal også bistå FN og landa i regionen saman med våre europeiske partnarar med å handtera flyktningar.

Eit spørsmål som no melder seg, er kva ansvar europeiske land har for afghanarar som har jobba for utanlandske styrker.

Vårt Land og Forsvarets Forum har omtalt 14 afghanarar som lever i frykt for eigne liv, på grunn av jobben dei har gjort for norske styresmakter.

Støre vil ikkje kritisera regjeringa for å ikkje hente heim alle som har jobba for norske styrker.

– Eg er einig med regjeringa i me har eit ansvar for dei som har sett sine liv i fare for å jobba for norske styrker. Men det må vera ei avveging, der ein set strek ein plass. Det må vera kriterier som er oppfylt, og det må vurderast individuelt. Eg sit ikkje på all informasjon og har ikkje grunn til å kritisera regjeringa.

– Sett at det kjem ei ny flyktningbølge, korleis trur du det kan påverka valkampen?

– Eg ser ikkje heilt for meg ei flyktningbølge som når Nord-Europa innan 13. september. Det er alt mange flykningar frå Afghanistan, men dei er i nabolanda.

Han vil ikkje svara på om ei flyktningbølge kan vera bra for Sylvi Listhaug og Frp, og avviser spørsmålet med «eg vil ikkje karakterisera andre politikarar».

Eit halvt år med berg-og-dalbane-målingar

Vårt Land møter Jonas Gahr Støre på kontoret på Stortinget, rett før han reiser ut på valkampturne i Trøndelag. Her skal han treffe bønder på Støre gard, der namnet hans kjem frå, og samtala med Erna Solberg under Olavsfest.

Ap-leiaren er solbrun og avslappa. Han smiler «me har god tid» når det som eigentleg skulle vera eit lettbeint sommarintervju har drege ut i tid, og me har teke mange snirklete vegar innom kompliserte tema.

Jonas Gahar Støre besøker Støre gård i Skogn, Trøndelag.

Kanskje er målingane litt av bakteppet. Ap har henta seg opp frå krisemålingar eit halvt år tilbake i tid, der dei snusa på 17-talet. Landssnittet for julimålingane er 24,3 og Støre har gått forbi Erna Solberg på statsministermålinga til TV2 for juli.

– Min person har ikkje endra seg så mykje med målingane. Om du går inn i denne jobben og tek av når det går bra og blir knust når det går dårleg, då må du finna noko anna å gjera. Då me fekk dårlege målingar i januar, så var eg ikkje nedstemt. Eg tenkte me hadde alle føresetnader for å gjera det godt.

Han meiner at Ap no vinn på at dei får høve til å snakka om politikk.

– Dei siste åra har eg måtte snakka om saker som er heilt nødvendig å snakka om, men som ikkje handla om politikk. Folk reagerer på sånt med å setja seg på gjerdet eller gå til andre parti som vil snakka om politikk. Det har me rydda opp i.

Desse «andre tinga» som Støre snakker om, er saka rundt tidlegare nestleiar Trond Giske.

– Me var i gang med å takla eit valnederlag, så fekk me metoo. Det måtte eg ta tak i. Saka har hatt store konsekvensar for mange. Det har vore tungt å bera for både varslarane, den det er varsla mot, og for partiet. Som leiar visste eg at dette kom til å kosta oss, men alternativet om å ikkje gjera noko med det, var verre.

«Stopp Kristen-Jonas»

På ei hylle på kontoret hans på Stortinget står ei innramma framside av Vårt Land. På bildet av Jonas står tittelen «Stopp Kristen-Jonas».

I oppslaget frå 2014 kritiserer Dagbladet-kommentator Sissel Benneche Osvold Ap-leiaren for å «å gjøre seg lekker for KrF» ved å gå inn for kontantstøtte til eittåringar.

Jonas Gahr Støre opplever at mange på venstresida har eit anstrengt forhold til religion og kristendom.

– Ein grunn er at kyrkja har vore assosiert med makt, medan venstresida har vore antiautoritær. Eg meiner det er i tråd med viktige tekstar i Bibelen: At det har vore kyrkja som ikkje har vore tru mot kjernen.

Jonas Gahr Støre på sitt kontor på Stortinget.

Han fortel om ein parole som fagforeininga Nordens Klippe i Kirkenes har brukt.

– Den parolen er klart antireligiøs og handlar om å snakka ned prestestyret. Den har blitt brukt på døme på arbeidarane sitt forhold til religion. Men du må gå tilbake til då fana blei laga. Då ville mange arbeidsfolk oppleva at kyrkja heldt dei nede. At kyrkja var knytt til makt og maktovergrep.

I møte med vanskelege spørsmål, speler den kristne trua inn for Støre.

– For at livet mitt skal gå opp, så må ein del av livet mitt handla om tru. For det er veldig mykje eg ikkje kan seia at eg veit. Det er ein del spørsmål eg kan lesa eller rekna meg fram til. Så er det ein del spørsmål der eg ender med å seia: Dette kan eg ikkje vita. Men eg kan tru.

– Kyrkja har eit stort, uforløyst potensial.

I den talen Støre heldt for bispemøtet i 2014, siterte han tidlegare statsminister i Storbritannia, Tony Blair:

I don’t do God.

– Politikken driv ikkje med Gud. Dei politiske systema som skriv religiøse tekstar inn i lovene, dei skapar ufrie samfunn. Eg gjer politikk, men eg tek med meg mitt verdisett inn i det.

Samstundes fletter dei to seg i kvarandre. I tida etter terroren 22. juli 2011 opplevde Støre at ulike religionar sine kyrkjerom spela ei viktig rolle, både for han og mange andre råka.

– Domkyrkja i Oslo vart ein stad som opna dørene sine, der folk la blomar utanfor. Det er oppløftande og påfallande at dei viktigaste talane som er blitt haldne om 22. juli dei siste åra, er haldne av biskopen i Oslo, seier Støre.

Han viser til Kari Veiteberg, og orda hennar under markeringa 10 år etter massedrapa:

Det profetiske fører ofte til at kyrkja blir skulda for å vere politisk. Til det er det berre å seie: Er det mogleg å vere upolitisk på denne minnedagen for 22. juli? For mange av oss, er svaret: Nei, det går ikkje an

– Eg meiner at det er eit riktig perspektiv. For kyrkja er ikkje partipolitisk, men den går inn i si tid. Noko av utfordringa for kyrkja for å vera relevant, er å kunna snakka om det kristne bodskapen på ein måte som treff folk i kvardagen. Kyrkja har eit stort, uforløyst potensial.

---

Jonas Gahr Støre

  • 60 år, fødd i Oslo. Utdanna statsvitar fra Institut d’études politiques de Paris i 1985.
  • Leiar av Arbeidarpartiet sidan 2014.
  • Tidlegare utanriksminister og helse- og omsorgsminister i Stoltenberg II-regjeringa (2005–2013).
  • Tidligere generalsekretær i Norges Røde Kors.

---


Tre spørsmål til Støre

– Kva har vore din viktigaste politiske siger den siste perioden?

– At me fekk gjort krisepakkene meir rettferdige slik at dei traff vanlege folk. Regjeringas forslag tok ikkje høgde for kor hardt ramma permitterte ville bli.

– Kven av dine politiske motstandarar set du mest pris på?

– Eg vel meg stortingspresidenten, Tone Wilhelmsen Trøen frå Høgre. Ho er dyktig og hyggeleg.

– Kva av dine eigenskapar får du mest bruk for fram mot valet?

– Humøret og kondisjonen.

---

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter