Nyheter

Kidnappar framtida til ein generasjon barn

NIGERIA: Skular stengjer for å hindre nye kidnappingar. Kriminelle bandar terroriserer nordvestre Nigeria. Framtida til ein generasjon barn blir kidnappa, seier Redd Barna.

Ei natt i juli fortel kva tilhøve som rår i Afrikas mest folkerike land, i særleg det nordvestre hjørnet:

Væpna menn trengjer seg inn på tuberkulose- og leprasjukehuset i Zaria. Ti personar blir kidnappa, mellom dei to barn under to år. Åtaket er det tredje mot sjukehuset i løpet av kort tid. Babyar er ettertrakta; foreldre betalar raskare løysepengar for dei yngste.

Kidnapparar trengjer seg inn på Bethel Baptist High School i Kaduna by og tek med seg 121 jenter i alderen 9-16 år frå skuleinternatet.

Samstundes prøver væpna menn å ta seg inn på skulen Faith Academy, som ligg i nærleiken av Bethel Baptist High School, men trekkjer seg tilbake etter eit par timars kamp med politiet. Ingen elevar blir bortførte.

internat

Barn mistar utdanning

Kidnappingar er blitt ei lukrativ næring i særleg fire delstatar i Nigeria. Sundag blei nokre elevar frå Bethel Baptist High School sette fri.

– 28 blei frigjevne, seier skulens talsmann Joseph Hayab til nyhendebyrået AFP.

Løysepengar hadde blitt betalt.

Sidan desember har tungt væpna kriminelle grupper kidnappa og kravd løysepengar for over 1.000 barn etter åtak mot 11 skular med internat, fortel Reuters.

---

Nigeria

  • Republikk i Vest-Afrika, har 36 delstatar, var britisk koloni fram til 1960.
  • Afrikas mest folkerike nasjon, 211,5 millionar innbyggjarar, fordelt på 250 folkegrupper, 50 prosent bur på landsbygda.
  • Halvparten er muslimar, og opp mot halvparten er kristne – i begge grupper blir tradisjonelle religionar blanda inn.
  • Nigerias økonomi er mellom Afrikas største, gjorde store oljefunn på 1960-talet. Petroleum utgjer i dag 90 prosent av eksportinntektene.

---

Konsekvensane er dramatiske:

Skular stengjer for å hindre kidnappingar – i Nigeria bur mange på skuleinternat.

Foreldre tek barn ut av skulen i frykt for kidnappingar, og held dei heime.

Og bak alt lurar covid-19. UNICEF seier kring 400.000 elevar ikkje går på skulen nordvest i Nigeria fordi det ikkje er trygt – over 1.100 skular er stengde.

Tilhøva har alvorlege ringverknader, forklarar Redd Barna.

– Det er ikkje berre det einskilde barnet som blir kidnappa som blir frårøva fridomen, men også framtida til ein heil generasjon. Når barn mistar utdanning, har det livsvarige konsekvensar, seier Gunvor Knag Fylkesnes til Vårt Land. Ho er direktør for politikk og kommunikasjon i Redd Barna.

chibok

Raidar landsbyar, stel og drep

Kidnapping mot løysepengar har byrja å spreie seg i Nigeria, sier ein rapport frå det nigerianske analyseselskapet SB Morgan Intelligence.

Utover åtak på skular og sjukehus, raidar kriminelle grupper landsbyar og ranar og drep. Første halvår 2021 mista 237 personar livet i Nigeria som følgje av åtak frå kriminelle.

I juli raida væpna gjengar på motorsykkel fem landsbyar. Minst 35 personar blei drepne, ifølge politiet.

I juni kjørte liknande gjengar gjennom seks landsbyar. Minst 53 mista livet, ifølgje politi og augevitne.

Dei kriminelle er særleg på jakt etter kveg – og går til åtak på landsbyer der dei valdtek, kidnappar og drep lokalbefolkninga i tillegg til å stele buskap, set fyr på hus og avlingar.

Når barn mistar utdanning, har det livsvarige konsekvensar.

—  Gunvor Knag Fylkesnes, direktør for politikk og kommunikasjon, Redd Barna.

Betalar millionar i løysepengar

Sidan januar er heile 3.000 personar blitt kidnappa over heile landet, melder Wall Street Journal og viser til tal frå Statisense. Berre i juni åleine blei 1.344 bortførte.

Kidnapping er god butikk i eit land der snart 90 millionar menneske lever under fattigdomsgrensa. Nigeria har eit folketal på 211,5 millionar – og er med det Afrikas mest folkerike land.

I tiåret 2011-2020 blei det betalt ut 18 millionar dollar – eller vel 160 millionar kroner med dagens kurs – melder SB Morgan Intelligence i ein rapport.

Foreldre til kidnappa elevar må selje land og buskap eller låne pengar for å betale kidnapparane.

Samtalar med kriminelle

Utanlandssjef Nora Ingdal i Redd Barna fortel Vårt Land at hjelpeorganisasjonar ikkje ser anna utveg enn «å gå i dialog» med kriminelle grupper for å stoppe kidnapping av elevar frå skular.

– Ein prøver å få til avtalar som seier at skular og barn ikkje skal angripast.

Sidan kidnapping av elevar i stor skala første gong blei utført, i 2014 av den islamistiske opprørsgruppa Boko Haram nordaust i Nigeria, er over 600 skular blitt stengt, og vel ti millionar elevar i Nigeria går ikkje på skule, viser ei kartlegging frå Amnesty International.

korona

Covid filleristar Nigeria

Mange av forklaringane på at nigerianarar ikkje ser annan utveg enn å bli kriminelle for å sikre seg det daglege brødet, står å lese i ferske rapportar frå Verdsbanken:

Høg inflasjon påverka av stigende matpriser kastar sju millioner nye nigerianarar ut i fattigdom. Talet på menneske som lever under fattigdomsgrensa vil stige til 90 millionar neste år, i 2019 var det nesten 83 millionar.

Fallet i oljepris råka hardt. Petroleum står for 90 prosent av eksportinntektene. Landet opplever no den andre lågkonjunkturen på fire år.

Ved årsskiftet stod ein tredel av Nigerias arbeidsstyrke utan arbeid – viser dei offisielle tala.

Til sist: Koronapandemien filleristar Nigeria. Nye ti millionar nigerianarar kan dermed bli dytta under fattigdomsgrensa grunna covid-19 åleine innan 2022.

Veik og korrupt politi

Bulama Bukarti har ei forklaring til: Veik styring – både føderalt og regionalt.

Bukarti er senioranalytikar ved Tony Blair Institute for Global Change. I ein analyse skriv at han styresmaktene ikkje evnar å stoppe dei kriminelle gjengane som veks i omfang og styrke. Ressursane til både politi og tryggingsstyrkar er spreidde tynt utover landet – og er heimsøkt av korrupsjon.

Nigeria ligg på 149. plass på Transparency Internationals indeks, som rangerer 180 land.

Norad listar opp at Nigeria i tillegg slit med svake institusjoner, motstand mot politiske reformer, store inntektsskilnader og alvorlege interne, etniske konflikter.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter