Lenge var Syria det krigsherja landet som sende flest asylsøkjarar til Norge. No kan Afghanistan overta den rolla. For oppbrot pregar det mishandla landet i Sentral-Asia sommaren 2021.
Afghanske regjeringssoldatar deserterer og flyktar til naboland i nord. Sivile afghanarar gjer det same.
Afghanarar står i timeslange køar for å sikre seg eit pass for å kunne reise frå heimlandet.
Andre tek seg ut av landet på eigahand og flyktar vestover, særleg mot Tyrkia, som er porten til Europa.
Meneskesmuglarar bur seg på lukrativ oppgang; dei som kan betale vil til Vesten, særleg til Europa.
[ Unge gutar flyktar frå ungt land ]
– Me ser akkurat dette, fortel Knut Berntsen i Utlendingsdirektoratet (UDI) til Vårt Land. Han er fungerande avdelingsdirektør i region- og mottaksavdelinga.
– Difor har UDI no henta fram beredskapsplanen som blei laga etter tilstrøyminga i 2015.
Det året kom det rekordmange flyktningar og migrantar til Europa - vel ein million. Og rekordmange søkte asyl i Norge - vel 30.000.
USA varsla heimferd
Alt starta på mange måtar 14. april i vår. Då annonserte president Joe Biden at innan 11. september skulle USA vere ut av landet dei har hærsett sidan 2001 – altså på dagen 20 år etter terroråtaket mot USA. NATO følgde opp dagen etter å varsla samla retrett.
Taliban, som er på frammarsj fekk blod på tann, og rulla ut ein offensiv mot regjeringshæren.
I byrjinga av juli sa USA brått takk for seg og evakuerte hovudbasen Bagram i ly av nattemørket. Like brått sa også Norge takk for seg og henta ut avdelinga med spesialsoldatar.
---
Afghanistan
- Har eit folketal på nesten 32 millionar.
- 2,9 millionar lever som internflyktningar i landet.
- 2,7 millionar afghanarar har flykta til utlandet, er den nest største flyktninggruppa i verda.
---
Taliban er på frammarsj
USAs og NATO-landas retrett gjer at Afghanistans regjeringshær er på vikande front. Taliban erobrar no provins etter provins. Opprørarane seier sjølva at dei no kontrollerer 85 prosent av Afghanistan, og at presidenten i praksis berre er borgarmeister i hovudstaden Kabul og eit lite omland.
Taliban er i dag herrar over grenseovergangane til fem av seks naboland, Tadsjikistan, Usbekistan, Turkmenistan, Iran og Pakistan. Det sjette grenselandet er Kina.
Resultatet av Talibans sigerrike framgong er at mange afghanarar vil ut. Dei ikkje oppleve å bli styrde av opprørsregimet ein gong til. Den islamsk fundamentalistiske rørsla blei skipa i 1994, og tok kontroll over delar av Sør- og Vest-Afghanistan i 1994-1995. I 1996 inntok dei Kabul – og på det meste kontrollerte dei 90 prosent av landet. Taliban innførte eit islamsk emirat og la vekt på ei bokstavtru tolking av sharialovene.
Talibans herredøme varte fram til USA gjekk til åtak i oktober 2001, som eit svar på terroråtaka i USA månaden før.
Skulle ikkje drive statsbygging
Men USA og seinare NATO klarte aldri å slå ned Taliban.
20 år seinare er den mektige militæralliansen ute av Afghanistan.
– Me kom ikkje til Afghanistan for å drive nasjonsbygging, forklarte president Joe Biden på ein pressebrief i Det kvite hus nyleg – og la til at no må afghanarane sjølve avgjere eiga framtid og korleis dei vil styre landet.
Mange afghanarar har ikkje tru på noko framtid i Afghanistan. Dei fryktar Talibans brutale framferd.
UDI inngår avtalar om mottak
I Norge har UDI tett kontakt med Justisdepartementet og Utanriksdepartementet og utanrikstenesta, og får rapportar om utviklinga i Afghanistan – og følgjer med det utviklinga nøye.
No bur utlendingsforvaltninga seg på at brått kan det stå mange afghanske asylsøkjarar i Norge og be om opphald.
– Beredskapsplanen ligg klar. Me har tidlegare inngått avtalar om basismottak i alle UDIs regionar, og snart inngår me nye avtalar med leverandørar om mottak som kan takast i bru på kort varsel. I tillegg har me planar for å kunne etablere innkvartering i akuttmottak, teltleirar og skip, om behovet oppstår, opplyser Knut Berntsen i UDI til Vårt Land.
Etter rekordtilstrøyminga i 2015 har UDI i samarbeid med politi og helsevesenet etablert eit nasjonalt ankomstsenter i Råde i Viken. Herfrå kan store grupper med asylsøkjarar slusast inn i Norge.
– Så me er budde på å kunne ta i mot svært mange afghanarar. Om dei kjem, seier Berntsen.
[ Moria-barna er gutar frå Afghanistan ]
FN varslar om flyktningar
FN varslar at dei vil kome. For utviklinga i Afghanistan vil sende nye skarar på flukt, åtvara FNs høgkommissær for flyktningar, Filippo Grandi, allereie i april. Utviklinga «vil påverke Europa. Flyktningar vil snart dukke opp her», sa han.
I april, mai og juni søkte 29 afghanarar asyl i Norge.
– Sjølv om me har eit betre varslingssystem i dag samanlikna med 2015, og har gjort mykje for at mottakssystemet raskt skal kunne møte auka ankomstar, har me ei utfordring. Mottakssystemet har svært få mottak, seier Berntsen.
Han legg til at mottak av afghanarar byr på ei særskilt utfordring:
– Denne gruppa har ofte hatt mange einslege mindreårige asylsøkjarar.