Nyheter

– Biskopane lever som kongar og dronningar medan kyrkja går konkurs

CHURCH OF ENGLAND: Kyrkjemøtemedlem Sam Margrave går til frontalangrep på dei anglikanske biskopane, som årleg mottek millionbeløp i ulike godtgjerdsler, i tillegg til løn.

— Som medlem av kyrkjemøtet i over eit tiår stiller eg spørsmål ved kostnadane til biskopane sin overdådige livsstil, medan kyrkjelydar i heile landet slit med å betale rekningane sine, og til og med må stenge dørene, seier Margrave ifølgje den britiske avisa The Telegraph.

Ein økonomisk rapport frå kyrkja viser at dei 42 engelske biskopane tek imot opp mot 1,2 millionar kroner i ulike godtgjersler på toppen av vanleg løn. Rapporten viser blant anna årlege vedlikehaldskostnadar på biskopane sine bustadar på 800.000 kroner i gjennomsnitt, og at meir enn halvparten av biskopane bur i hus med meir enn seks soverom. Rapporten seier også at fleire av biskopane har tilsette som ved enkelte høve fungerer som privatsjåførar.

---

Kyrkjemøtet i Den engelske kyrkja

  • Den engelske kyrkja (Church of England) er statskyrkje i England (men ikkje i dei andre landa i den britiske unionen).
  • General Synod of the Church of England svarar til det årlege norske kyrkjemøtet i funksjon, men gjennomførast oftare.
  • Møtet som vart gjennomført 9. — 12. juli, er det tredje kyrkjemøtet så langt i år.
  • Kyrkjemøtet er delt inn i tre kammer: Eitt for biskopane, eitt for presteskapet, og eitt for leke medlemmer. Medlemene i det siste huset er vanlegvis valde av medlemmane i kyrkjelydane i kvart bispedøme.

---

Rådyre bustadar

Rapporten viser også at biskopane i gjennomsnitt fekk dekka lokale utgifter og møtekostnadar for 470.000 kroner i 2020. Dette er likevel mykje lågare enn året før koronapandemien. I 2019 skal dei gjennomsnittlege kostnadane ha vore på godt over 800.000 kroner, melder the Telegraph.

Kritikken rammar hardt fordi Den engelske kyrkja slit med dårleg økonomi og fallande medlemstal. Ifølgje Religion News Service har 4 av 10 medlem blitt borte i løpet av dei siste tretti åra. Ei hovudutfordring for kyrkja er dei høge vedlikehaldskostnadane på dei store eigedomane den sit på. Derfor får kyrkja sterk kritikk for å plassere biskopane i bustadar som ifølgje ei berekning frå 2013 hadde ein gjennomsnittleg verdi på 27 millionar kroner, skreiv the Guardian i 2015.

— Ingen treng å bu i eit hus til over 2 millionar pund. Det er mange store hus nær ei kyrkje i alle bispedøma. Det er på tide at biskopar kjem ut i den verkelege verda og sluttar å leve som kongar og dronningar medan kyrkja går konkurs, seier Margrave ifølgje the Telegraph.

Ikkje eit nytt problem

Allereie på eit kyrkjemøte i 2015 retta Margrave kritikk mot biskopane sine overdådige bustadar. Andreas Whittam Smith, som då leia administrasjonen av kyrkja sine eigedomar, var den gongen fullstendig avvisande til kritikken.

— Ikkje nokon stad i kyrkja, og det inkluderer biskopane, er det overdriven pengebruk. Folk gjer så godt dei kan, sa han ifølgje The Guardian.

Seks år seinare er tonen no noko meir imøtekommande. Eve Poole, som i dag er ein av dei leiande administratorane for kyrkjeeigedomane, seier ifølgje the Telegraph at spørsmålet er høgst aktuelt.

— Vi jobbar akkurat no med biskopane for å gå gjennom kostnadene i bispedøma. Vi inviterer medlemmene i kyrkjemøtet til å kontakte bispedømekomiteen med eventuelle synspunkt dei måtte ha, seier ho.



Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter