Regjeringa sendte ut høyringsnotatet med lovutkast fredag morgon.
Dette er innhaldet i lova:
- All form for konverteringsterapi vil bli forbode for barn under 16 år
- Bøn, handspålegging, sjelesorg og forbøn som har eit behandlingsliknande preg, med formål å endre legning eller seksuell handling, er eksplisitt nemnt som dømer på handlingar som blir ramma av dette forbodet.
- For vaksne over 18 år vil konverteringsterapi berre vere lov når mottakaren har gjeve eit informert samtykke.
- Samtykke gjeve under utilbørleg press tel ikkje som samtykke i denne samanhengen. Trugsel om utestenging (negativ sosial kontroll) er nemnt som døme på utilbørleg press.
- For aldersgruppa 16 til 18 år er det ikkje konkludert. Lovavdelinga har problematisert at forbod om samtykkande konverteringsterapi i denne aldersgruppa kan vere i strid med menneskerettane. Høyringsnotatet ber om innspel på dette.
- Brot på lova vil bli straffa med bøter og/eller fengsel i inntil 1 år.
[ Nærmer seg homoterapi-forbud: – Med en bred definisjon vil alle konservative kristne bli rammet ]
Leverer på forgjengaren sine lovnader
Allereie i samband med framlegginga av regjeringa sin LHBTQ-strategi i førre veke, annonserte statsminister Erna Solberg at regjeringa ville komme med eit forbod mot homoterapi. Signala om når dette skulle skje var litt uklare. Medan statsministeren sjølv ikkje ville seie noko meir konkret enn “i løpet av sommaren”, uttrykte kulturminister Abid Raja at han forventa ei framlegging før fellesferien tek til neste veke.
Allereie i 2019 lova dåverande venstreleiar og kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande at eit forbod skulle komme i løpet av våren 2021. Både ho og etterfølgaren i statsrådsposten, Abid Raja, har blitt kritisert for å bruke lang tid på å levere lovframlegget. Men no er det altså Raja som på den aller siste dagen før sommarferien leverer på Grande sin lovnad.