Nyheter

Egeland: Danmarks asylpolitikk er eit skrekkdøme

ASYL: Lova om å opprette mottakssenter for Danmarks asylsøkjarar utanfor Europa strir med folkeretten, seier Flyktninghjelpens generalsekretær.

Jan Egeland seier lova til Mette Fredriksen-regjeringa er den mest «gjerrige, smålege og hyklerske» han har sett i nordisk politikk og ein alvorleg trussel mot internasjonalt arbeid om flyktningar, skriv Politiken.

– Eg kjem til å bruke Danmark som eit skrekkdøme i internasjonale talar og arbeid. Tidlegare var det Ungarn, no er det Danmark, seier Egeland.

Tanken bak lova er at folk som kjem til Danmark for å søkje asyl, blir sende til eit tredje land medan asylsøknaden blir behandla.

– Dei fattigaste landa i verda, Libanon, Rwanda, Jordan, må halde grensene opne for kvinner og barn som blør, medan danskane vil sitje i Nyhavn med øl og svinesteik og nyte ein av dei beste velferdsordningane i verda heilt åleine, hevdar Egeland.

Dansk minister svarar: – Vi er verken gjerrige eller smålege

Danmarks innvandrings- og integreringsminister Mattias Tesfaye er sterkt usamd i kritikken.

– Danmark er verken gjerrige eller smålege. Vi er eitt av ganske få land som lever opp til FNs målsetjing om utviklingshjelp. Det handlar om å bruke ressursane på å hjelpe så mange som mogleg. Det er vi i full gang med å realisere, og det er eg stolt av, skriv Tesfaye.

Den omstridde lova vart vedteken i det danske folketinget 3. juni.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter