Nyheter

Ny barnevernlov refsa av Silvilombodsmannen

BARNEVERN: Sivilombodsmannen kom med skarp kritikk av framlegget til ny barnevernlov. Regjeringspartia og Frp gjorde endringar på to paragrafar for å komme kritikken i møte. – Ikkje på langt nær nok, seier SV.

I april la Kjell Ingolf Ropstad fram regjeringa sitt framlegg til ei ny lov som skal erstatte dagens barnevernlov, som er snart 30 år gammal.

– Målet er å sette barns behov i sentrum og bidra til meir førebygging og tidleg innsats. For barnevernet er i all hovudsak ei hjelpeteneste, sa Ropstad til Vårt Land i april.

Skarp kritikk mot tvang

Men ikkje alle er samde i at barns behov alltid blir sett i sentrum i den nye lova. I slutten av mai sende Sivilombodsmannen eit brev til familiekomiteen på Stortinget, som retta skarp kritikk mot korleis bruken av tvang på institusjonar blir regulert i lovforslaget. I brevet står det blant anna at ombodsmannen har dokumentert at det på barnevernsinstitusjonane blir brukt makt og tvang som utgjer inngrep mot barn sine rettar og at «vi er bekymret for at lovforslaget ikke avklarer grensespørsmål som i praksis har vist seg å være både utfordrende og viktige.»

Sivilombodsmannen er kritisk til at det ikkje er blitt gjort nokon heilskapleg gjennomgang av reglane for rettar og bruk av tvang på institusjonane. Ombodet er bekymra for at den nye lova ikkje ryddar opp i uklårleikane om bruk av tvangsbruk, og i enkelte tilfelle vil kunne gjere situasjonen verre.

– Dette er sterk kost

Etter å ha motteke kritikken gjekk regjeringspartia saman med Frp om å gjere endringar i to av paragrafane i lovframlegget, for å komme konkrete anbefalingar frå Sivilombodsmannen i møte. Den eine endringa gjekk ut på å presisere at rettane som barn har gjennom barnekonvensjonen også gjeld i institusjonane, medan den andre var å endre formuleringar om at tvang kan brukast i visse situasjonar når det er «nødvendig», til når det er «åpenbart nødvendig». Komitemedlem Freddy André Øvstegård frå SV meiner ikkje desse endringane er nok til å løyse utfordringane Sivilombodsmannen peikar på.

– Nei, på ingen måte. Når Sivilombodsmannen kjem med ei slik uttale så burde det verkeleg gjere meir inntrykk på regjeringspartia og Frp. Dette er sterk kost, seier han.

Stemmer imot i Stortinget

Øvstegård meiner blant anna at det burde gjere inntrykk på dei borgarlege partia at Sivilombodsmannen i sitt brev refererer til FNs spesialrapportør mot tortur, som seier at barn som er frårøva fridom er særleg sårbare når det gjeld menneskerettsbrot.

Han understrekar at endringane regjeringane har gjort i seg sjølv er greie nok, men at kritikken frå Sivilombodsmannen viser eit mykje meir grunnleggande problem med lova. I Stortinget kjem SV, Ap og Sp til å stemme mot heile kapittelet om barnevernsinstitusjonar i lovforslaget, og foreslår i staden å la det gamle regelverket bli ståande, inntil eit betre lovforslag ligg på bordet. Det er Frp som sikrar regjeringa fleirtal for den nye lova, og Øvstegård vender seg spesielt til dei om å snu fleirtalet i stortingssalen.

– Eg vil innstendig oppmode Frp om å sjå på denne saka på nytt, seier Øvstegård.

I Forandringsfabrikken er det dei unge som sjølv opplever systema på kroppen som er proffane.

– Gjer vondt å ikkje bli teken på alvor

Ein av aktørane som har engasjert seg sterkt for å endre barnevernlova er Forandringsfabrikken. Då framlegget til ny lov vart lagt fram i april reagert dei sterkt på innhaldet. Mathilde (18), som er proff i Forandringsfabrikken (sjå faktaboks), seier det vart reagert med tårer over innhaldet i lova.

– Vi blei ganske overraska. Vi reagerte veldig på at så lite av det barn har sagt i ti år blir følgd opp. Vi har snakka med politikarar og vore på møte i departementet. Det gjer ganske vondt at det vi har sagt ikkje blir tatt på alvor, seier ho.

Mathilde har sjølv erfaring frå barnevernsinstitusjonar og veit mykje om korleis tvang kan opplevast for ungdom som er i ein vanskeleg situasjon. Ho viser til at undersøkingane som Forandringsfabrikken har gjort viser at 4 av 5 barn i barnevernsinstitusjonar har vakse opp med vald, overgrep eller grov omsorgssvikt. Ho reagerer på at barn som kjem til institusjonane med sterke traume blir omtalt på ein måte som framstiller dei som eit problem.

---

Forandringsfabrikken

  • Eit kunnskapssenter som jobbar for å forbetre skule, hjelpesystem for barn, politi og rettssystem.
  • Gjennom undersøkingar har dei henta inn kunnskap frå 6500 skuleelevar, 2000 barn i barnevernet og 1700 barn i psykiske helsetenester. Meir enn 600 barn som er utsett for vald eller overgrep har delteke i undersøkinga.
  • Barn og unge som har delteke i undersøkinga kan vere med å formidle denne kunnskapen til blant anna fagfolk og studentar.
  • Dei som vil vere formidlarar for Forandringsfabrikken må sjølv vere i systemet dei skal gje råd til. Derfor blir dei kalla proffar.

---

– Noko gale med barnesynet

– Det er noko gale med barnesynet i lova. Det blir brukt mange uttrykk som alvorlege åtferdsvanskar. Dette er ein utruleg gammaldags måte å snakke på, seier ho.

Forandringsfabrikken har etter lovframlegginga kome med ei rekke forslag til endringar, og fleire av desse har dei fått gjennomslag for i familiekomiteen. Men når det gjeld kapittelet om barnevernsinstitusjonar er dei svært skuffa over det regjeringspartia og Frp no ligg an til å vedta.

– Endringane som er gjort i komiteen er berre kosmetiske endringar på toppen av alle tvangsbestemmingane, meiner Mathilde.

Ikkje svar frå dei borgarlege

Vårt Land har kontakta barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad og medlemmane i familie- og kulturkomiteen Jorunn Gleditsch Lossius (KrF) og Silje Hjemdal (Frp) for å få ein kommentar på om dei meiner kritikken frå Sivilombodsmannen er teken til følgje i lova som i dag blir vedteken. Ingen av dei har svart direkte på dette.

På e-post har alle tre vist til at det er sett ned eit eige utval for å sjå på kvalitet og rettstryggleik i barnevernet og at dersom det kjem anbefalingar om å endre tvangsreglane frå dette utvalet, så må det opp som sak i Stortinget.

I ein e-post til Vårt Land seier statsråd Ropstad blant anna følgjande:

– Tvang mot barn på institusjon må avgrensast så mykje som mogleg, men i nokre tilfelle er det behov for å sette rammer for barna. Eit slikt arbeid vil derfor krevje grundige avvegingar.


Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter