– Det er så trist og sjokkerande. Det viser at noko må gjerast, på ein grundig og skikkeleg måte. Ikkje berre med ord, men heilt konkret.
Det seier Senaid Kobilica, leiar av Muslimsk Dialognettverk. Han har fulgt etterspelet etter terrorangrepet i den kanadiske byen London søndag kveld.
Ein familie på fire vart drepne då ein mannleg bilførar køyrde over dei med ein pickup. Dei var ute og gjekk ein kveldstur.
Bilføraren, Nathaniel Veltman (20), vart arrestert av politiet på ein parkeringsplass etter hendinga. Han skal ha hatt på seg noko som likna ein skotsikker vest, melder Washington Post.
Ifølgje politiet skal ikkje gjerningsmannen ha kjend ofra, men angrep dei fordi dei var muslimar.
[ Trudeau om drapet på den muslimske familien: – Dette var et terrorangrep ]

Minner om 22. juli og 10. august
Senaid Kobilica seier angrepet leder tankane både til 22. juli 2011 og 10. august 2019, då høgreekstrem terror råka Noreg.
– Norske muslimar reagerer med sjokk. Det kanadiske samfunnet liknar på Norge på mange måtar. Dei har ein statsminister som er godt orientert, som støttar mangfald.
Han er uroa over at rasismen ikkje berre finst blant eldre generasjonar. Gjerningsmannen var berre 20 år.
– Den 20-åringen er ekstremt forgifta. Men den gifta kjem ikkje av seg sjølv. Gifta må nærast av mykje og mange.
[ Forskere advarer mot å la terror dominere undervisning om islam ]
Trudeau: – Drapet var inga ulykke
CBC News har gått ut med namna på dei fire terrorofra i Canada.
Madiha Salman (44), ektemannen Salman Afzaal (46), dottera Yumna Afzaal (15) og mora til Salman Afzaal (74) vart drepne. Den yngste familiemedlemmen Fayez (9) overlevde påkøyrsla, men er no på sjukehus.
Diverre er det ein tendens til at denne type ekstremisme går under radaren.
— Ali Esbati
– Drapet var inga ulykke. Dette var eit terrorangrep, motivert av hat, i hjartet av eit av våre samfunn, sa Canadas statsminister Justin Trudeau tysdag.

Ali Esbati hyllar openheit
– Det er frykteleg. Men det er diverre noko me må rekna med kan skje, når hatet mot muslimar aukar, seier Ali Esbati, representant for Vänsterpartiet i den svenske Riksdagen.
Han var på Utøya 22. juli 2011, og ser parallellar til det som no har skjedd i Canada.
– Det er klart at eg legg ekstra merke til den type terror. Så har det vore fleire terrorangrep med ein liknande motivasjon.
Han hyllar statsminister Justin Trudeau for å vera tydeleg.
– Det er veldig viktig for tryggheten til folk at Trudeau er open på at dette er islamofobi. Han gjev eit signal til andre deler av myndigheitene. Diverre er det ein tendens til at denne type ekstremisme går under radaren. I beste fall kan dette gjera at fleire får opp auga opp for denne trusselen.
[ Oppfordrer landets kirker til klokkeringing og åpne kirker 22. juli ]
Snart kjem Esbati med boka «Etter rosetogene. 22. juli og det farlege hatet», som er eit personleg og politisk essay om rasisme og høgreekstremisme.
Eit av tema han tek opp, er den nye generasjonen sin vilje til å ta eit oppgjer med høgreekstremt tankegods.
– Lenge var det vanskeleg å snakka om. Men den nye generasjonen krev eit oppgjer med desse ideane.
Arbeidsminister Isaksen: «En slik frykt skal ingen måtte oppleve»
«Etter moskeangrepet i Bærum, husker jeg at en nær venn og kollega fortalte om klumpen i magen, bekymringen, hun fikk når hun visste at pappaen skulle til fredagsbønnen. En slik frykt skal ingen måtte oppleve.»
Det skriv arbeids- og inkluderingsminister Torbjørn Røe Isaksen på eit innlegg på Facebook på tirsdag.
Han legg vekt på at me nærmar oss tiårsmarkeringa for angrepet 22. juli.
«Trusselen fra høyreekstreme er ikke blitt mindre. De siste årene har mange muslimske borgere blitt rammet av ekstrem terror motivert av hat. Enda flere er rammet av frykten for angrep.»