Nyheter

Bondedraumen kan gjera Markus til gjeldsslave

UNGE BØNDER: I skuggen av eit jordbruksoppgjer drøymer 20 år gamle Markus Andersen om å kjøpa sin eigen gard. Inngangsbilletten er på minst 20 millionar kroner.

Mellom to sprinklar snuser ein varm og våt kusnute seg fram til handa til Markus Andersen. Han smiler og klør kua bak øyra.

– Eg bruker mykje tid saman med dyra. Heilt sidan eg var liten, har eg visst at eg ville bli bonde.

Då Markus Andersen gjekk i barnehagen, var dei beste dagane då dei reiste på gardsbesøk.

No står han her i grøne arbeidsklede, i ein stor og moderne fjøs.

– Eg er ikkje nokon kontormann. Eg likar å jobba med dyr og køyra traktor. Her på garden er ingen dagar like.

«Dei som har råd til å kjøpa, er ofte større bønder»

20-åringen er nyutdanna agronom og jobbar på ein gard i Spydeberg i Østfold. Draumen er å kjøpa eigen gard.

Det er ikkje berre enkelt når han ikkje har odel eller rike foreldre. Inngangsbilletten til å bli bonde på heiltid er steindyr for Markus.

– Skal eg ha ein grei, stor gard, treng eg minst 20 millionar kroner. Då kjem traktor i tillegg. Elles kan eg kjøpa eit småbruk til 5-10 millionar. Då må eg bruka desto meir pengar på å utvida og modernisera, slik at eg kan leva av drifta på heiltid.

Markus følger med på Finn, men ser at gardane i området blir selde på eit blunk.

– Dei som har råd til å kjøpa, er ofte større bønder som vil utvida.

Gjelda til bonden er firdobla

I fjøsen tuslar nesten 200 ammekyr rundt. Dei kan gå ut og inn som dei vil. Garden der Markus jobbar, var tidleg ute med å legga om til lausdrift.

Innan 2034 skal alle fjøs ha lagt om til slik drift. Det er rekna å kosta mellom 18 og 23 milliardar kroner i auka investeringar, anslår forskingsinstituttet Nibio.

Foreldra mine synest det er rart at eg ikkje satsar på noko som er betre betalt.

—  Markus Andersen, gardsarbeidar

Nye krav, press på effektivitet og aukande maskinprisar gjer at norske bønder må bruka stadig meir på investeringar. Gjelda til bonden er firdobla frå 1999 til 2016, melder banken Landkreditt.

Spydeberg

Nyleg sette Markus seg ned saman med sjefen og laga eit reknestykke. Dei rekna på kva garden, nybygg og maskiner ville kosta, og sette det opp mot kva han kunne tena.

– Me fann ut at om eg var heldig, kunne generasjonen etter meg, vera gjeldfri. Det er så ufatteleg mykje pengar å ta opp i lån for meg som er åleine. Eg synest jo det er stress nok å betala ned det billånet eg har.

Odelsrett sikrar gunstigare pris

Mora til Markus er reinhaldar, faren er helsefagarbeidar. Dei har alltid støtta han i draumen om å bli bonde.

– Pappa stod opp klokka fem og køyrde meg til fjøsen då eg var 16 år. Men foreldra mine synest det er rart at eg ikkje satsar på noko som er betre betalt. Venene mine har meir vanlege jobbar som bilmekanikar og elektrikar. Dei tener langt meir enn meg.

Det at foreldra ikkje har gard, gjer at Markus går glipp av ein billigare billett til bondedraumen: Odelsrett.

Odelslova er beskytta av grunnlova, og sikrar at barn og barnebarn kan overta garden til ein gunstig pris, sokalla åsetesrett.

Markus og andre utan odelsrett, må heller ut på den opne marknaden. I fjor var 40 prosent av alle omsette landbrukseigedommar mellom folk som ikkje er i slekt.

Spydeberg

– Synes du det er urettvist at folk som har odel, slepp billigare unna enn deg når dei skal kjøpa gard?

– Nei. Hadde eg hatt odel, hadde eg synest den ordninga var fair.

Bonden får 50 kroner for kvart kilo kjøt. I butikken er prisen 300.

Markus er meir oppteken av innteninga i jordbruket enn av odelsretten. Han vil at bøndene skal vera sikra inntekter som står i stil med eit stadig veksande kostnadsnivå.

– No tener eg som gardsarbeidar rundt 170 kroner timen. Som sjølvstendig bonde hadde eg vore ned mot 100 kroner timen.

Økonomien i jordbruket har sett fyr på den politiske debatten den siste tida.

d

For to veker sidan rulla Markus Andersen traktoren til sjefen inn på plassen framfor Stortinget. Saman med bønder frå heile landet protesterte han mot statens tilbod i jordbruksforhandlingane.

– Sjefen min får om lag 50 kroner for eit kilo kjøt. Så finn du det igjen i butikken for rundt 300 kroner. Løysinga hadde vore at me bønder fekk betre betalt for maten. Så kunne me tent inn det som det kostar å driva.

Jordbruksoppgjeret har hamna i Stortinget

No har oppgjeret hamna i Stortinget, etter at det vart brot mellom staten og bøndenes fagorganisasjonar Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

Før helga la regjeringa fram sitt forslag til Stortinget, som er om lag det same tilbodet som staten gav til bøndene.

I proposisjonen frå regjeringa ligg det an til at bøndene får ei ramme på rundt 962 millionar kroner i auka prisar og overføringar.

Bøndene på si side kravde 2,1 milliardar kroner pluss ei investeringspakke på 450 millionar kroner. Denne pakka skulle sikra overgangen til lausdriftsfjøs.

Satsa alt - no ber han unge om å tenka seg om

Ein gong var Tor Jacob Solberg blant dei unge og optimistiske bøndene som skulle satsa alt. I dag er han blitt bondeopprørar.

39-åringen ser utover gardsplassen sin på Skiptvet i Østfold og sukkar.

– Eg er stolt over det eg har bygd opp. Men eg er så dønn sliten.

Bønder i Spydeberg

I 2004 følgde han draumen og kjøpte sin eigen gard, 21 år gamal. I 2014 vart han kåra til «Årets unge bonde». Dåverande landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) delte ut prisen.

No ber 39-åringen andre om å tenka seg om, før dei gjer det same som han.

– Eg har vore blant dei som har fronta retninga på jordbrukspolitikken under ulike regjeringar. Eg har effektivisert, investert og slått saman. Eg driv jorda på 11 gardar. Eg produserer økologisk mjølk til 6.000 forbrukarar kvar dag. For det sit eg igjen med veldig lite.

I fjor tok han ut 360.000 kroner i løn, i snitt har nivået vore på 500.000. For det jobbar han rundt 3.000 timar - knappe to årsverk.

«Eg har dårleg samvit heile tida»

Inne i den raudmala driftsbygningen går 60 mjølkekyr og 20 ammekyr. Ved det idylliske, kvite huset står eit kaninbur, eit dokkehus og eit huskestativ.

Stemma til Tor Jacob Solberg knekk litt når han snakkar om døtrene på tre og fem.

– Det som gjer mest vondt som pappa, er at eg skulle gjort så mykje saman med jentene mine. Eg har dårleg samvit heile tida. Så veit eg at når dei blir studentar og vil etablera seg, så har ikkje eg den mogelegheita til å hjelpa dei i gang, som eg burde hatt.

Bønder i Spydeberg

Starta Bondeopprør på nett

Frustrasjonen over norsk jordbrukspolitikk gjorde at Solberg var med å starta #Bondeopprør. Underskriftskampanjen har fått nesten 60.000 underskrifter.

Opprøret er retta mot den gjeldande landbrukspolitikken. Kritikken til Tor Jacob Solberg rammar regjeringar av ulike fargar, og organisasjonen han sjølv er med i: Norges Bondelag.

– Bondeopprøret er også eit opprør mot Bondelaget. Dei har latt seg pressa for lenge og er ikkje i takt med grunnfjellet i organisasjonen. Bondelaget er med på den kulturen om at me heile tida skal utvida og effektivisera.

Eg får betydeleg betre betalt for å snakka om jordbruk, enn å driva med det.

—  Tor Jacob Solberg, bondeopprørar

Tener meir som vikarlærar

No skal Solberg gjera noko heilt nytt: Han skal trappa ned drifta. Neste veke kjem livdyrbilen som skal ta dei 20 ammekyrne vidare til nye eigarar.

– Det er rart. Det er første gongen i livet mitt at eg har kutta i drifta. Eg som heile tida har satsa.

Dei siste åra har han sett fleire storbønder i området legga ned drifta. Han meiner det bør vera eit varsku for myndigheitene.

– I vinter jobba eg deltid på landbruksskule. Sjølv som vikarlærar gjekk eg opp i timeløn samanlikna med å jobba som bonde på denne svære garden, seier Solberg og legg til:

– Det er eit tankekors. Eg får betydeleg betre betalt for å snakka om jordbruk, enn å driva med det.

---

Færre bønder, større bruk

  • I løpet av dei siste 50 åra har 3 av 4 gardsbruk lagt ned drifta, melder Statistisk sentralbyrå.
  • I 2020 var det 38.600 aktive gardsbruk.
  • I same periode har arealet som er brukt til jordbruk, halde seg stabilt.
  • Det betyr at stadig færre bønder driftar stadig større andelar av jordbruksarealet. Mange leiger eller kjøper areal frå nedlagde gardar.

---

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter