Nyheter

Høgre overlèt abort til stortingsgruppa

Høgre lèt diskusjonen om abortnemndene liggje på landsmøtet til helga. I staden blir saka overlaten til stortingsgruppa etter valet.

– Vi er på linje. Og det er derfor det heller ikkje er komme inn nokon forslag, seier Linda Hofstad Helleland til NTB.

Ho har gjennom to år leidd arbeidet med Høgres nye partiprogram. Der blir det fastslått at «abortlova av i dag skal liggje fast». Og medan partia på venstresida har vore igjennom vanskelege abortdiskusjonar denne våren, er det stille om saka før landsmøtet til Høgre i helga.

– Vi fann ut ganske tidleg at vi er fornøgde med 12 vekers sjølvbestemt abort, slik det er i dag, seier Helleland.

Opnar for å diskutere nemndene

Helleland er likevel open for ein diskusjon om måten abortnemndene fungerer på.

Men dette er ikkje noko som landsmøtet skal ta stilling til no.

– Det kan eventuelt vurderast av ei ny stortingsgruppe, seier Helleland.

Ho påpeikar at det er fleire i Høgre som blir provoserte av sjølve omgrepet «abortnemnd», og som meiner møtet med legane bør vere meir likeverdig.

– Og det kan det godt vere at Høgres stortingsgruppe kjem til å diskutere i neste fireårsperiode.

Stiller fri representantane

Statsminister og partileiar Erna Solberg trekker fram at Høgre tradisjonelt stiller fri stortingsrepresentantane i etiske spørsmål, slik at dei kan stemme i tråd med eiga overtyding.

– Men eg trur det i partiet vårt stort sett ikkje er nokon som problematiserer spørsmålet knytt til sjølvbestemd abort før 12. veke. Det er sjølvsagt nokon som er prinsipielt imot det, men eg trur det er veldig få, seier Solberg til NTB.

Ho meiner Høgre òg har eit tydeleg syn på at abortnemndene primært bør vere ein rettleiar og samtalepartnar for kvinnene, samtidig som rettsvernet til fosteret gradvis bør bli sterkare.

Alt i alt er Høgre nokså omforeint i abortsaka, fastslår partileiaren.

– Eg opplever ikkje at dette er ein debatt.

Vil verne nemndene

Det inntrykket blir stadfesta av Guro Angell Gimse, leiar i Høgres kvinneforum.

I den grad det har vore ein debatt, så har det vore i form av at folk i Høgre reagerer på kor langt nokre av partia på venstresida vil gå, meiner ho.

– Eg trur ikkje stortingsgruppa vår vil ønskje å avvikle nemndene. Vi ønskjer at dei skal bestå, seier Gimse til NTB.

Ho er likevel positiv til ei evaluering av måten abortnemndene fungerer på.

– Vi må sikre tilliten til det systemet vi har. Og ein del historier som har komme opp, gjer at det blir rokka ved den tilliten, seier Gimse, som også er samd i at nemndene godt kan døypast om.

– Eg ønskjer ei abortnemnd, men eg synest kanskje at omgrepet er litt gammaldags. Det kunne vi ha sett på, seier ho.

Reagerer på overbod

Unge Høgre-leiar Ola Svenneby seier det heller ikkje har vore stor debatt om abort i ungdomspartiet.

Han meiner utviklinga på venstresida ber preg av overbodspolitikk.

– Det er eit lite fruktbart utgangspunkt for etiske spørsmål. Eg synest vi i både Unge Høgre og i Høgre har vist ein grunnleggjande respekt for meiningsmotstandarar, anten ein er for veke 18, eller ein er for abortlova vi har i dag, seier Svenneby til NTB.

– Det verkar som om partia på venstresida målar eit bilete av abortlova i dag som veldig kvinnefiendtleg. Det er eg ikkje samd i, seier han.

Høgres landsmøte går av stabelen frå 14. til 16. mai.

Enkelte av artiklene i Vårt Land er forbeholdt abonnenter. Vi jobber hver dag for å levere dagsaktuelle nyheter og god journalistikk. Bli abonnent og få tilgang til alt innholdet vårt. Er du allerede abonnent? Takk for at du støtter oss så vi kan fortsette å levere kvalitetsjournalistikk hver dag!

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter