Nyheter

Produserer mat til nesten 1.000 nordmenn: – Gjev ikkje inntekter nok til å brødfø mine eigne ungar

OPPGJER: Far til Jørund Kvaale Hansen hadde seks kyr. Sjølv har han 60. Det er ikkje nok til å få det til å gå rundt. Bønder over heile landet kom tysdag til Oslo for å demonstrera mot statens tilbod i jordbruksforhandlingane.

– Eg produserer mat til nesten 1.000 nordmenn, men det gjev meg ikkje inntekter nok til å brødfø mine eigne ungar ein gong.

Jørund Kvaale Hansen kikar utover Eidsvolls plass i Oslo. Til vanleg driv han gard med ammeku og gris i Setesdalen. No har han parkert traktoren sin framfor Stortinget, saman med bønder frå heile Noreg.

Tysdag kom dei til Oslo for å kreva storsatsing på jordbruket og for å protestera mot statens tilbod i jordbruksforhandlingane.

– Eg vil ikkje gje meg som bonde, for slekta mi har drive garden i 600 år. Men om det ikkje endrar seg, vil eg nekta ungane mine å gå inn i dette, seier Hansen.

Bondeoppgjøret 11.05.21. Demonstrasjon fremfor Stortinget

Held ved like jorda på 15 nedlagde garder

Sjølv jobbar Jørund Kvaale Hansen to årsverk på garden, men sit igjen med eit overskott på skarve 50.000 kroner i året.

– Det vesle overskottet må eg behalda for å sikra betalingsevna mi. Så løna mi på garden er eigentleg null. Eg har ein ekstrajobb som brannmann. Kona mi er lærar, det er ho som fyller kjøleskapet med mat.

Sidan han tok over garden for 10 år sidan, har han satsa for fullt. Investert og effektivisert. Medan far hans hadde seks kyr, har han 60. I tillegg slår han gras og held ved like jorda på 15 nedlagde garder i distriktet der han bur.

Men det er ikkje nok for å gå i pluss. Jørund Kvaale Hansen peiker på at gapet mellom inntekter og utgifter aukar.

– Bønder heng etter på inntekter samanlikna med resten av samfunnet. Eg får nesten det same for ein okse som det bestefar min fekk. Samstundes spring kostnadane frå oss. Kostnadane til maskiner har auka fleire titals prosent på få år. Den traktoren eg har kjøpt, er nesten meir verd no enn då då eg kjøpte han.

Ap-Støre: Målet skal ikkje åleine vera å produsera mat billigast mogeleg

Kvart år forhandlar staten og bøndene om inntektsrammene for komande år. I år la staten på bordet under halvparten av det bøndene kravde. Tilbodet på 962 millionar kroner førte til at bøndene braut forhandlingane torsdag førre veke.

Ein av dei som møtte opp på demonstrasjonen framfor Stortinget, var Ap-leiar Jonas Gahr Støre. Han må ropa for å overdøyva tutande traktorar når han snakkar med Vårt Land.

– Dette er eit demokratisk og høglydt uttrykk for frustrasjon og misnøye frå ein del av samfunnet som me treng for å få sunn mat og for å ta heile landet vårt i bruk. Dette er ikkje frustrasjon over eit enkelt landbruksoppgjer. Dette er sluttbodskapen etter åtte år med ein landbrukspolitikk som Sylvi Listhaug (Frp) trakk opp.

– Hadde bøndene kome for å protestera utanfor Stortinget om Ap sat i regjering?

– Det er heilt hypotetisk. Me hadde lagt ein annan kurs, ikkje denne kursen mot stadig sentralisering og stordrift som gjer dei mindre bruka meir utsett.

Jonas Gahr Støre i intervju om bondeoppgjøret 11.05.21

Støre seier ei regjering med Ap vil opna for fleire målsettingar med landbruket.

– Målet skal ikkje åleine vera å produsera mat billigast mogeleg. Me må ta heile landet i bruk, sørga for busetting, kulturlandskap og klimainnsats. Då trur eg det hadde vore ein annan dialog med bondens organisasjonar enn denne regjeringa har.

Analytikar: Bøndene har medvind når Sp svever høgt på målingane

Det er fire månader til stortingsvalet. Christian Anton Smedshaug i Agri Analyse trur ikkje det er tilfeldig at bøndene rullar traktorane inn framfor Stortinget akkurat i år.

– Eg trur det er avgjerande at det er eit valår. Det er eit heilt anna trøkk i forhandlingane i eit slikt år. I 2012 vart det brot i forhandlingane, noko som enda med at bøndene fekk det beste oppgjeret på lenge i valåret 2013. I valåret 2017 vart det også brot.

Smedshaug leiar analyseselskapet Agri Analyse som er eigd av Norsk Landbrukssamvirke og Norges Bondelag.

Han trur bøndene blir oppmuntra av at Senterpartiet gjer det godt på målingane.

– Bøndene har medvind når Sp svever høgt på målingane. I tillegg har Ap fått ein meir offensiv jordbrukspolitikk. Brotet i årets forhandlingar tenker eg er del av eit langsiktig løp mot regjeringsforhandlingene til hausten og jordbruksoppgjeret i 2022.

Bondeoppgjøret 11.05.21. Demonstrasjon fremfor Stortinget

Slit med tilgang til kapital

Christian Anton Smedshaug knyt protestane frå bøndene opp til lange tendensar i norsk jordbrukspolitikk, prosessar som skaut fart då Sylvi Listhaug (Frp) var jordbruksminister frå 2013 til 2015.

– Ho heva kvotetaket, slik at enkeltbruk kunne dobla produksjonen av mjølk, seier han.

Medan det blir færre gardsbruk rundt om i landet, blir dei som er igjen, større. Store bruk krev meir investeringar, ikkje minst for mjølkebønder som innan 2034 må ha bygd om dei tradisjonelle båsfjøsa til lausdrift. Kyrne nyt godt av å gå fritt rundt, men ombygginga krev mykje kapital.

– Bønder slit med å få tilgang på kapital. Potten med investeringsstøtte frå Innovasjon Norge vart tom allereie frå mars i år. Vanlege bankar er skeptiske til å gje ut lån, dei stiller krav til sikkerheit.

Opprør veks fram

Parallelt med brotet i jordbruksforhandlingane, veks det fram eit grasrotopprør. Oppropet #bondeopprør har per tirsdag morgon over 48.000 underskrifter, og er det største nokosinne på portalen opprop.net.

Oppropet har ei klar åtvaring:

Norsk landbruk slik vi kjenner det er i fare for å bli utradert, og det skjer fortere og fortere hvert år.

Smedshaug peiker på at dette bondeopprøret vaks fram på utsida av bondeorganisasjonane.

– Initiativet kom frå ein liten krets bønder som har vore gode på å fanga opp misnøya som har blitt brygga på rundt om i landet.

Bondeoppgjøret 11.05.21. Demonstrasjon fremfor Stortinget

---

Brot mellom bøndene og staten

  • Kvart år forhandlar staten og bøndene om inntektsrammene for komande år.
  • Bøndene er representert i forhandlingane gjennom dei to fagorganisasjonane Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Norges Bondelag.
  • Årets jordbruksoppgjer er det 71. i rekka.
  • Jordbruksavtalen skal bestemma kva pris bonden skal få for råvarene, størrelsen på budsjettoverføringar til bonden og korleis desse pengane skal fordelast.
  • Bøndene kravde 2,1 milliardar kroner pluss ei ekstraordinær investeringspakke for bønder som skal gå over til lausdrift for storfe på 450 millionar kroner.
  • Regjeringa svarte med et tilbod på 962 millionar kroner. Det førte til at bøndene braut forhandlingane.

---

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Nyheter