Nyheter

Listhaug: – Ingen tvil om at Senterpartiet har lært av oss

LANDSMØTE: Sylvi Listhaug vil kvessa profilen til Frp. Ho lovar null kvoteflyktningar, bistandskutt og statleg kjøp av dyre medisinar til sjuke. Å regjera med Venstre og KrF har ho «lite apetitt» på.

– Mange prøver å framstilla det som at me no skal tilbake til Carl I. Hagen sine dagar. Det skal me altså ikkje. Me skal framover.

Påtroppande Frp-dronning Sylvi Listhaug møter Vårt Land for å fortelja om planane ho har for partiet dei neste fire åra. Laurdag ettermiddag blir ho krona på landsmøtet til Frp.

I bakgrunnen lurer labre meiningsmålingar nede på 9,5 prosent, og utmeldingar frå lokale representantar.

Listhaug blir skulda for å dra partiet i ein meir nasjonalkonservativ retning, vekk frå dei liberalistiske verdiane til partiet som ein gong heitte «Anders Langes Parti til sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep».

Listhaug seier at politikken til partiet blir vedteke på landsmøtet i helga.

– Eg må få tid til å bygga partiet vidare, både organisatorisk og når det kjem til oppslutning. Eg er klar over at det blir hardt arbeid å løfta oppslutninga.

– Ingen har noko appetitt på regjering med V og KrF

I januar i fjor gjekk Framstegspartiet ut av regjering, etter seks år, to månader og tjue dagar ved maktas bord.

Når Listhaug skal forklara den fallande oppslutninga til partiet, peiker ho på Venstre, og etter kvart KrF, som kom inn i regjeringa saman med Høgre og Frp.

d

– Fram til 2017 heldt me godt på veljarane. Etter regjeringsutvidinga har det gått tråare.

– Kor sannsynleg er det at de går i regjering med Venstre eller KrF etter valet?

– Det trur eg ingen har noko appetitt på i Frp, i alle fall svært få. Avstanden er for stor til dei to partia.

Støttar gjerne Ap og Sp

– Senterpartiet stel veljarar frå Frp. Har Sp teke den posisjonen som de historisk har hatt i norsk politikk?

– Ja, det er ingen tvil om at dei har lært mykje av oss. Dei tek saker og er friske i utsegnene. Problemet er at dei seier dei vil ha lågare avgifter, men skal samarbeida med parti som seier det stikk motsette. Om Trygve Slagsvold Vedum og Sp meiner det dei seier, burde dei skifta side til Høgre og Frp.

Samstundes opnar Sylvi Listhaug for å støtta ei mindretalsregjering med Ap og Sp, i sak til sak i Stortinget.

– Me skal stemma for det me er for, og mot det me er mot. Om dei legg fram politikk som me synest er fornuftig, så stemmer me for det.

Ingen sympati for bøndene

Sjølv om Listhaug ved fleire tilfelle har fridd til Senterpartiet, kjem ho ikkje bøndene særleg i møte.

Det er ingen grunn til at bøndene skal ha mykje meir enn alle andre.

—  Sylvi Listhaug

Den tidlegare landbruksministeren har registrert det veksande bondeopprøret.

Det er brot i forhandlingane mellom bøndene og staten, og E24 melder om møkkalass og rundballar som blir levert framfor rådhus rundt om i landet.

På spørsmål om ho kjenner sympati for bøndenes kamp for betre inntekter, svarar Listhaug:

– Bøndene har hatt mange gode oppgjer bak seg. Inntektsutviklinga har vore god, og utover det vanlege lønsmottakarar får. Det er mange som ønsker meir løn: sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og lærarar som har stått på under pandemien. Det er ingen grunn til at bøndene skal ha mykje meir enn alle andre.

Forferda over SV-vedtak om abort

Ei av sakene som kan hamna hjå Stortinget etter valet, er endringar av abortlova.

Sylvi Listhaug

Venstre, Ap, Raudt, SV og MDG opnar for å utvida grensa for sjølvbestemt abort og å skrota abortnemndene. SV og Raudt går lengst, og ønsker å utvida grensa fram til veke 22.

Listhaug seier ho er «forskrekka» over forslaget frå SV.

– Når du ser eit bilde av eit foster i veke 22, kan du bli heilt dårleg når du ser kva dei opnar for. Dei opnar for at ein kan ta abort heilt fram til eit foster er levedyktig. Grensa for når ein kan redda eit foster, kryp stadig nedover. Om den utviklinga held fram, vil ein om nokon år kunne ta abort etter ein kunne ha redda barnet.

Eg har sjølv gjennomgått spontanabortar og veit kor vanskeleg det er. Eg tenker me treng å verna om det ufødde liv, samtidig som det skal vera ein viss valfridom.

—  Sylvi Listhaug

– I praksis er skjer jo så seine abortar fordi fosteret har sjukdommar?

– Jo, men dagens abortlov opnar alt for abort på det grunnlaget. Eg vil at dagens lov skal vidareførast. Eg har fått tre barn, og eg synest at den lova som er, fungerer godt.

– Korleis påverkar det at du har fått tre barn, ditt syn på abortlova?

– Eg har sjølv gjennomgått spontanabortar og veit kor vanskeleg det er. Eg tenker me treng å verna om det ufødde liv, samtidig som det skal vera ein viss valfridom. Derfor synest eg balansen i dagens lov er bra.

Frp har ikkje teke standpunkt til abortlova.

– Frp-representantar på Stortinget er fristilt i slike spørsmål. Så vidt eg høyrer, er veldig mange skeptiske til dette frisleppet, seier Listhaug.

Frir til kvinnene med velferdspolitikk

Det vakte oppsikt då valkomiteen innstilte Listhaug og 14 menn til sentralstyret. Det går mot kampvotering på laurdag, då det er kome inn benkeforslag på fleire kvinner.

Per-Willy Amundsen trekker seg frå sin innstilte plass og ber om at landsmøtet heller vel Anni Skogman.

– Er det pinleg for Frp om det blir 14 menn ved di side?

– Her er det mange kvinner som er føreslegne av fylkeslaga. Eg håpar det kjem inn fleire damer, men det er opp til landsmøtet å velja.

Ho peikar på at med ho som leiar, får Frp den andre kvinnelege leiaren på rad.

– Det er betre statistikk enn Arbeidarpartiet som har eksistert heilt sidan 1887. Men me treng fleire damer, og det kjem eg til å jobba aktivt for å få det til.

– Så treng de vel også fleire kvinnelege veljarar?

– Absolutt. Og desse tinga heng saman.

Korleis skal du gjera det?

– Noko av det viktigaste eg skal gjera, er å breia ut politikken, spesielt på helse og eldreomsorg. Ein fanesak er å sikra pasientar tilgang til medisinar og nye behandlingsmetodar. Det er uakseptabelt at folk døyr medan dei ventar på at medisinar skal godkjennast, eller fordi medisinane er for dyre for staten.

Null kvoteflyktningar «som utgangspunkt»

For å få råd til å breia ut politikken, peiker Listhaug på kutt i bistand, innvandring, integrering og det ho kallar «symbolske klimasaker».

Om me skal ta i mot kvoteflyktningar, skal me prioritera kristne forfulgte.

—  Sylvi Listhaug

– Me vil prioritera tøffare. Kjernen i velferdsmodellen skal vera prioritert.

Vårt Land har tidlegare omtala korleis UDI no jobbar for å ta igjen etterslepet på om lag 1500 kvoteflyktningar. Listhaug meiner talet på kvoteflyktningar som Noreg skal ta inn, bør vera null.

– Det skal vera null så lenge det trengst, så lenge me har utfordringar med integreringa. Om me skal ta i mot kvoteflyktningar, skal me prioritera kristne forfølgde.

Likevel gjekk Frp med på å ta inn 3000 kvoteflyktningar i fjor, då dei sikra ein budsjettavtale med regjeringa som dei ikkje lenger var ein del av.

– Er talet på kvoteflyktningar eit forhandlingsspørsmål også for neste statsbudsjett? Eller var dette eit eingongstilfelle?

– Me går til val på at Noreg skal ta i mot et lågt tal på kvoteflyktningar i året. Det er vårt utgangspunkt.

---

Sylvi Listhaug

  • Frå Ørskog i Møre og Romsdal
  • Utdanna adjunkt med fordjuping i samfunnskunnskap, historie og spesialpedagogikk
  • 2006-2011: Helsebyråd i Oslo
  • 2012: Seniorrådgjevar i PR-byrået First House
  • 2013-2015: Landbruks- og matminister
  • 2015-2018: Innvandrings- og integreringsminister
  • Januar 2018: Justis- og beredskapsminister. Måtte gå av i mars same år etter eit Facebook-innlegg der ho skreiv at «Ap mener terroristenes rettigheter er viktigere enn nasjonens sikkerhet».
  • 2019: Vald til første nestleiar i Frp
  • Mai 2019: Eldre- og folkehelseminister
  • Desember 2019: Olje- og energiminister
  • Januar 2020: Gjekk over til Stortinget då Frp gjekk ut av regjering

Kjelde: NTB

---

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Nyheter