Nyheter

No kan private aktørar tilby NIPT-testen

OMSTRIDD TEST: I fjor sommar banka Stortinget igjennom at alle kvinner skal kunne gentesta fosteret. No har Bent Høie (H) fått på plass ei godkjenningsordning for private aktørar.

Norske kvinner som ønsker det, er eit steg nærare å kunne ta blodprøven NIPT. Det kjem fram i eit skriftleg svar frå helseminister Bent Høie (H) til Stortinget.

Høie viser til at Helse- og omsorgsdepartementet 18. mars i år endra vilkåra for å bruka NIPT-testen. No skal denne blodprøven kunne bli tilboden alle gravide, uavhengig alder og risiko for alvorlege kromosomfeil.

Private aktørar som vil tilby NIPT, kan no søka godkjenning frå Helsedirektoratet. Denne godkjenningsordninga vart etablert 1. april i år.

NIPT er ein blodprøve av DNA-et frå morkaka til den gravide. Testen er omstridd, og kritikarar som KrF åtvarar mot eit sorteringssamfunn. På andre sida står argumentet om at kvinner har rett på informasjon om alvorlege forhold ved fosteret dei ber på.

SV og Frp følger opp saka

I mai i fjor fekk Stortinget gjennom ei historisk liberalisering av bioteknologilova, som opna for NIPT-test for alle kvinner.

Arbeidarpartiet, SV og Framstegspartiet gjekk saman for å sikra fleirtal for endringane, til store protestar frå mellom anna KrF og helseminister Bent Høie (H).

Høie sa at han hadde brukt 20 år på å kjempa mot mange av desse endringane.

Dei tre partia har vore misnøgde med regjeringas arbeid med å få sett lova ut i praksis.

Det fekk Nicholas Wilkinson i SV til å senda skriftleg spørsmål til Bent Høie om status for NIPT-testing frå private.

I svaret viser Høie til den ferske godkjenningsordninga for private.

Wilkinson følger opp med eit spørsmål i Stortingets spørjetime i morgon, 21. april. Det spør han Høie om når kvinner kan få denne testen i Noreg.

Også Åshild Bruun-Gundersen i Frp har stilt Høie spørsmål i saka.

Det var etter budsjettavtalen mellom regjeringa og Frp at Høie fekk marsjordre om å få på plass ei godkjenningsordning for private aktørar innan 1. april.

Stiller fleire krav til private aktørar

I eit brev frå Helse- og omsorgsdepartementet 18. mars kjem det fram at testen berre skal brukast for påvising av trisomi 13, 18, og 21 hjå fosteret.

Regjeringa stiller krav til private som skal tilby NIPT-testen til gravide kvinner:

  • Verksemdene må ha ultralydkompetanse og medisinsk-genetisk kompetanse
  • NIPT kan ikkje takast før i veke 10+0.
  • Før testen skal det gjerast ein ultralydundersøking som stadfestar at fosteret lever, daterer svangerskapen og avklarer tal på foster.
  • Fleire tekniske kvalitetskrav til testen må vera oppfylt.
  • Det bør ikkje gå meir enn 14 dagar frå prøven er teken til svaret er klart.
  • NIPT skal ikkje brukast ved tvillingsvangerskap.

Private får i første omgang ei tidsavgrensa godkjenning.

Departementet visar vidare til at svara NIPT-testen gjev, er sensitive data. Dei skriv at:

Når resultat ligg føre og eventuelt testpositivt resultat er verifisert med morkakeprøve eller fostervassprøve, bør genomsekvensen slettes eller anonymiseres.

Det er enno uklart når NIPT-testen kjem inn under det offentlege helsetilbodet. Tilbod om NIPT-test i offentleg regi kan tidlegast vera på plass tidleg i 2022, er Helsedirektoratet si vurdering. Det tilbodet får berre gravide som har fylt 35 år, eller som har krav på fosterdiagnostikk av andre årsaker.

Aleris står klare

Konsernet Aleris er ein av dei private aktørane som står klare til å tilby kvinner Nipt-test. Tysdag morgon fekk Aleris Helse ein e-post frå Helsedirektoratet om den nye godkjenningsordninga.

— Me jobbar med ein søknad no, og satsar på å få den sendt inn før helga. Så håper me på ein rask avgjerdsprosess, seier Anita Tunold, administrerande direktør i Aleris Helse.

Ho seier dei nesten kvar veke blir kontakta av kvinner som ønsker å ta denne testen. Aleris har 13 medisinske senter med gynekolog. Desse sentra vil alle, slik Tunold forstår, vere i stand til å tilby NIPT-test.

Prislappen kvinner må betala for NIPT-test og tidleg ultralyd er enno ikkje sette.

— Me vil forsøka å halde prisen på eit så rimeleg nivå som mogeleg, men den vil måtte reflektera våre faktiske kostnadar og dei har me ikkje fått full oversikt over enno.

---

Gentesten NIPT

  • Trisomi er eit kromosomavvik der eit individ har tre kopiar av eit kromosom i staden for to.
  • Dei vanlegaste trisomiane er trisomi 21 (Downs syndrom), trisomi 18 (Edwards syndrom) og trisomi 13 (Pataus syndrom)
  • Fosterdiagnostikken NIPT baserer seg på analyse av DNA i blodet til den gravide. NIPT er meir treffsikker for trisomi 21, 18 og 13 enn testen som er brukt før (KUB)

Kjelde: Helsedirektoratet

---

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter