Nyheter

Fleire muslimar ber under pandemien

RELIGIØSITET: Stengde moskear har ikkje hindra muslimars religiøse praksis, viser ei ny undersøking. – Religion er viktig under krise, seier norsk imam.

Medan moskear verda over har stengt ned under pandemien, har det ikkje hindra muslimars religiøse praksis. Ei stor spørjeundersøking viser at muslimar ber meir no enn før korona.

- Undersøkinga viser at pandemien har hatt ein betydeleg effekt på religiøsiteten i muslimske samfunn.

Slik konkluderer dei tre forskarane bak undersøkinga, som skriv om funna i ein artikkel i The Washington Post.

Vender seg til religion i krisetid

Spørjeundersøkinga vart gjort i november og desember i fjor, og baserer seg på svar frå over 9000 vaksne innbyggarar i Egypt, Saudi-Arabia, Tyrkia, Pakistan og Indonesia. Like mange kvinner som menn svara på undersøkinga, og gjennomsnittsalderen var 31 år.

Dei spurte gjekk mindre i moskeen og til religiøse studiesirklar i denne perioden. Forskarane forklarar dette med portforbod og nedstenging, heller enn minkande interesse for religion.

For samstundes gav folk uttrykk for at dei i denne tida i større grad gjer religiøse handlingar. De ber oftare daglege bøner og les eller lyttar oftare til Koranen og andre religiøse bøker.

Det er trist å ikkje kunne gå i gudshuset for å be saman.

—  Imam Shahid Kahloon

Forskarane skriv at funna styrkar ideen om at religion speler ei viktig rolle i vanskelege tider. Det er særleg dei som har mista jobben, eller fryktar tap av lønsinntekt, som er blitt meir opptekne av bøn og koranlesing.

- Dei som opplevde psykologisk liding etter tap av inntekt på grunn av pandemien, vende seg meir til religion enn dei som hadde sikra levebrødet sitt, skriv forskarane frå tre amerikanske universitet.

Norsk imam ser at folk ber meir heime

Shahid Kahloon er imam ved Furusetmoskeen i Oslo. Han har inntrykk av at også norske muslimar har begynt å be meir heime under koronaepidemien.

- No som moskeen er stengd, prøver me å halda kontakt med medlemmene våre via Teams og telefon. Me ser at dei prøver å be meir heime og halda god kontakt med Gud på eiga hand.

Han trur bøn kan gje folk håp, for ein allmektig Gud kan få korona til å forsvinna.

- Religion er viktig under krise. Utan skaparen er me ingenting. Om du får problem med PC-en din, kontaktar du dei som har laga den. Når eg får problem med meg sjølv, kontaktar eg Gud. For det er Han som har skapa meg.

Furusetmoskeen er den største i Norden, og kan romma over 2000 personar. Til vanleg, før pandemien, kom rundt 300 personar til fredagsbøn. No er moskeen tom.

- Det er trist å ikkje kunne gå i gudshuset for å be saman. Muslimsk bøn er ikkje berre bøn, men også ei sosial samling, seier Shahid Kahloon.

h

Det er særleg vanskeleg under fastehøgtida ramadan, som startar tysdag neste veke.

- Me skal arrangere samling på Teams kvar dag under ramadan. Der skal eg vere med å forklare om Koranen, seier Shahid Kahloon.

Religion kan lindra uro

Den amerikanske undersøkinga indikerer at religion kan lindre psykiske problem i møte med ei krise. Dei som var blitt meir religiøse under pandemien, vart også mindre stressa.

- Folk som sa at dei oftare bad og utførte andre religiøse ritual etter pandemien starta, fortalde også om mindre angst, uro, depresjon og apati, skriv forskarane.

Eit unntak er Tyrkia, der forskarane finn om lag same nivå på religiøsiteten no som før pandemien starta. Det forklarar dei med at Tyrkia er langt meir sekulært enn dei andre landa.

Kan også gjelda kristne

Tendensen til at korona kan påverka religiøsiteten, finn ein også i nokre kristne land. Den danske avisa Kristeligt Dagblad omtaler ei tysk undersøking frå Münster Universitet, som viser at pandemien har styrka truslivet blant tyske kristne som frå før har ein høg grad av religiøs praksis.

På andre sida: Tyskarar som ikkje er særleg religiøse, vart endå mindre truande under pandemien.

Religionssosiolog Henrik Reintoft Christensen seier til avisa at ein finn den same tendensen i Danmark som i Tyskland: Pandemien har berre gjort dei mest truande, meir religiøse.

Han peiker på velferdsstaten som ei forklaring. Det sosiale sikkerheitsnettet i land som Danmark dempar behovet for å bruka religionen til å koma igjennom den tøffe tida.

- Velferdsstaten klarar til ein viss grad å gje den tryggleiken som religion elles kan gje i ein slik situation, seier han.

---

Om undersøkinga

  • Spørjeundersøkinga baserer seg på over 9000 svar frå innbyggarar i Egypt, Saudi-Arabia, Tyrkia, Pakistan og Indonesia.
  • Folk gjev uttrykk for at dei i større grad gjer religiøse handlingar no enn før pandemien.
  • Det er særleg dei som har mista jobben, eller som fryktar tap av lønsinntekt, som er blitt meir opptekne av bøn eller koranlesing.

---

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter