Nyheter

Barnevern: Ropstad vil ikkje beklaga krenking av menneskerettar

NY LOV: I dag legg Kjell Ingolf Ropstad fram forslag til ei ny barnevernlov. Lova kjem eit år på overtid på grunn av dommane mot Noreg i Den europeiske menneskerettsdomstolen.

– Lovforslaget skulle eigentleg koma i vår i fjor. Men på grunn av innspel frå høyringa og sakene i Den europeiske menneskerettsdomstolen og Høgsterett har eg lagt vekt på grundigare menneskerettslege vurderingar.

Det seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) til Vårt Land. I dag legg han fram forslag til ny barnevernlov, som har vore jobba med sidan 2014.

Sakene Ropstad viser til, er dei ti dommane som Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg (EMD) har avsagt mot Noreg. Domstolen slår fast at retten til familieliv er krenka i åtte av desse sakene.

Beklagar ikkje til foreldra

Domstolen EMD tek i mot saker ifrå enkeltpersonar. Fleire av sakene der Noreg har blitt dømt for krenking av menneskerettar, gjeld tvangsadopsjon.

– Vil du beklaga til foreldra som har fått barna tvangsadoptert og som har fått medhald i EMD?

– EMD har ikkje sagt at det er noko feil med omsorgsovertakinga i seg sjølv. Dei peiker på at dokumentasjon og saksbehandling har vore for dårleg, seier Ropstad til Vårt Land.

Det kan koma nye dommar mot Noreg i Strasbourg. 28 barnevernssaker er framleis under behandling. Marius Emberland hjå Regjeringsadvokaten sa i fjor ifølgje Dagbladet at han forventar at Noreg kjem til å tapa alle desse sakene.

Ropstad seier sakene i EMD «har kome med viktige korrektiv» for norsk barnevernspraksis. Han peiker spesielt på at Barnevernet må dokumentera saker og jobba for gjenforeining med biologiske foreldre i saker der det går.

Men han vil ikkje beklaga dei menneskerettsbrota som Noreg er dømt for.

– Det er alvorleg det som er kome. Men lova og tersklane me bygger på, er ikkje påpeika som krenking av menneskerettane.

Erstattar 30 år gamal lov

Den nye barnevernlova skal erstatta dagens lov, som er snart 30 år gamal.

– Målet er å setja barns behov i sentrum og bidra til meir førebygging og tidleg innsats. For Barnevernet er i all hovudsak ei hjelpeteneste, seier Ropstad.

I forslaget til ny lov kjem Ropstad med nokre store endringar:

  • Auka kompetansekrav for tilsette
  • Presisering av kommunen sitt ansvar
  • Avgrensa bruken av private
  • Auka krav til begrunnelser og dokumentasjon
  • Endra samværskrav

Sjå heile forslaget til ny lov her.

Eg ser for meg at eg kjem til å få kritikk frå Frp fordi eg regulerer, og kritikk frå venstresida på at me i det heile aksepterer at private skal ha ei rolle.

—  Kjell Ingolf Ropstad

Vil regulera bruk av private

Eit av forslaga som Ropstad ventar mest debatt rundt, er regulering av private aktørar.

– Eg ser for meg at eg kjem til å få kritikk frå Frp fordi eg regulerer, og kritikk frå venstresida på at me i det heile aksepterer at private skal ha ei rolle.

Bruken av private aktørar er eit heitt politisk tema. SV, Ap Sp ønsker å fase ut dei kommersielle tilbydarane, men behalda dei ideelle.

Ropstad meiner private aktørar «bidreg til eit mangfald og til å utvikla tenestene positivt», men vil avgrensa når dei kan brukast.

Lova listar opp oppgåver der barnevernstenesta ikkje kan ty til private. Mykje av dette går på overordna oppgåver, som å gjera vedtak, fungera som leiar, velja og godkjenna fosterheimar og utarbeida og evaluera planar.

– Dess meir inngripande eit tiltak er, og dess vanskelegare det er å utøva kontroll, dess vanskelegare skal det vera å bruka private, seier Ropstad.

I tillegg vil lova setta ein stoppar for bruken av private aktørar som tilbyr ordinære fosterheimar.

Ifølgje Barne- og familiedepartementet var det ved utgangen av 2020 om lag 325 barn busett i fosterheimar knytt til private aktørar.

Kompetansekrav, men ikkje avskilting

Den nye barnevernlova foreslår krav om «barnevernfaglig mastergrad eller annan relevant utdanning» for tilsette i barnevernstenesta som skal utføra kjerneoppgåver. Fagpersonell på institusjonar skal ha relevant bachelorgrad.

– Dette er ambisiøst. I dag har dei fleste som jobbar i barnevernstenesta, bachelorgrad. Ei kartlegging frå Bufdir viser at berre åtte prosent i barnevernet har mastergrad. Dei anslår at det me gjer, vil heva andelen til opp til 80 prosent, seier Ropstad.

Men kompetansekravet betyr ikkje «avskilting» av tilsette i barnevernet utan tilstrekkeleg kompetanse. Lova legg opp til at arbeidserfaring skal tella med.

– Har du jobba 10 år i Barnevernet, så vil me ha deg vidare. Erfaring er eit knappheitsgode i Barnevernet. Me ser for oss at fire år med arbeidserfaring i kombinasjon med vidareutdanning kan tilsvara mastergrad.

Dei tilsette treng heller ikkje kasta seg på skulebenken med ein gong. Kompetansekravene skal først gjelda frå 2031.

Kravet om bachelor for nye tilsette på barnevernsinstitusjonar skal gjelda frå 2022.

Legg ansvar på kommunen

Barnevernet er delt i ein kommunal og ein statleg del. Den statlege delen skal mellom anna etablera og drifta institusjonar og hjelpe kommunar med å rekruttera og formidla fosterheimar.

– Det er ei auka erkjenning av at det er ein samanheng mellom svikt i det kommunale barnevernet og manglar ved den overordna styringa av barnevernstenestene, seier Ropstad.

Den nye lova understrekar kommuneleiingas ansvar for overordna styring av barnevernstenesta.

I tillegg vil lova endra reglar for samvær mellom barn og foreldre. Nettopp dette har vore sentralt i fleire av sakene i dommane frå EMD.

Lova skal gjera det tydeleg at omsorgsovertakingar skal vera midlertidige og at målet i utgangspunktet skal vera gjenforeining av foreldre og barn.

Barnevernet skal systematisk og regelmessig måtta vurdera om vedtak om omsorgsovertaking kan bli oppheva.

---

Ny barnevernlov

  • Regjeringa legg fram forslag til ny barnevernlov. Arbeidet med lova starta i 2014.
  • Arbeidet med lova er dels forsinka på grunn av dommane mot Noreg i Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg. Domstolen slår fast i åtte saker at retten til familieliv er krenka. Fleire av desse gjeld tvangsadopsjon.
  • Den nye lova skal gjera det tydeleg at omsorgsovertakingar skal vera midlertidige og at målet i utgangspunktet skal vera gjenforeining av foreldre og barn.

---

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter