Nyheter

Sara fryktar for livet til Mina i Syria, men får ikkje kjærasten til Noreg

I SKVIS: Regjeringa vil prioritera skeive flyktningar. Lesbiske «Sara» merker kor vanskeleg det er å bli trudd. Ho drøymer om å gifta seg med «Mina» i Noreg, men fryktar at heile prosessen kan kosta kjærasten livet.

– Eg likar alt med henne. Måten ho smiler på. Ho tek mykje ansvar og likar å jobba. Ho er flott.

Sara smiler når ho fortel om kjærasten Mina. Dei møttest for seks år sidan i Libanon og vart vener. Sidan har Sara kome til Noreg, medan Mina bur i heimlandet Syria.

Det er rundt to år sidan venskapen mellom dei to kvinnene vart til noko meir. Først fortalde Mina at ho er lesbisk. Sara kjente igjen kjenslene som venninna skildra.

Så, nokre månadar seinare fortalde Mina at ho var forelska i Sara.

– Me sat oppe ein kveld og snakka på videochat. Ho sa ho var forelska i meg. Eg trudde først ikkje på henne. Eg bad henne gå og legga seg. Men den natta fekk eg ikkje sova, ikkje ein time.

Neste dag ringde ho Mina, svært spent.

– Mina sa det var sant, ho var forelska i meg. Det kjennest bra. Kanskje hadde eg venta på at ho skulle seia det i mange år.

Sara og Mina er ikkje deira ekte namn. Sara er redd for å bli støytt ut av familien sin i Noreg. Ho fryktar at Mina i Syria kan bli drepen av familien.

Eit digitalt kjærleiksforhold

Mobilen Sara har i handa, er bindeleddet mellom henne og kjærasten i Syria. Det er på den – i den digitale verda – at kjærleiksforholdet mellom dei oppstod.

På skjermen dukkar Mina opp med kjælenamnet Sara har gjeve henne og ein emoji med eit hjarte og ein ring. Samtaleloggen viser ein omfattande kontakt mellom dei, med daglege, ofte timelange samtalar.

Anonym Sara Mina familiegjenforening

Er denne kontakten nok for at Mina kan få koma til Noreg så dei kan gifta seg? Ikkje for UDI, som i november i fjor avslo Mina sin søknad om trulovingsvisum.

Eit trulovingsvisum ville gjeve Mina lov til å koma til Noreg. Dei to måtte då gifta seg innan fem månader, før Mina kan søka familieinnvandring med Sara som ektefelle.

UDI trekk fram tre grunnar til avslaget:

  • UDI trur ikkje Mina vil returnera til Syria dersom vidare opphald blir avslått. UDI skriv i avslaget at dei har lagt avgjerande vekt på at Mina «kommer fra et land med stort utvandringspotensiale.»
  • UDI meiner vidare at Mina og Sara ikkje har eit etablert forhold. Dei to har ikkje møtt kvarandre fysisk etter dei vart kjærastar. «Vi er derfor usikre på om dere har til intensjon å inngå ekteskap i Norge», står det i avslaget.
  • Dessutan peikar UDI på innvandringsregulerande omsyn. Om det er mange søkarar i same situasjon, vil det føre til at mange andre får trulovingsvisum utan at dei ordinære vilkåra er oppfylt. UDI skriv: «At det er vanskelig å være homofil i Syria utgjør ikke i seg selv sterke menneskelige hensyn i lovens forstand.»

Vil prioritera skeive kvoteflyktningar

Sara kom til Noreg for fleire år sidan. Foreldra hennar kom først, og ho kom etter på familiegjenforening. Ho har norsk opphaldsløyve.

Avslaget på trulovingsvisumet kom månader etter at regjeringa annonserte at dei for første gong vil prioritera skeive kvoteflyktningar. Dette er flyktningar som blir plukka ut av FNs Høgkommissær for flyktningar.

Vedtaket har blitt presentert som eit gjennomslag for Venstre.

«Det er dessverre slik at det i mange land ikke er slik at du står fritt til å elske hvem du vil», sa statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Grunde Kreken Almeland (V), i pressemeldinga.

«Eg vil oppdra deg, din hund»

Søknaden om trulovingsvisum har sett Sara og Mina i ein vanskeleg situasjon. Familien til Mina i Syria har funne ut at dei to jobbar for å gifta seg i Noreg. Det har gjort at Mina skal ha måtte gøyma seg frå familien, og bur no hjå vener.

Etter Mina fekk trugsmåla, har eg sagt at ho må dela namnet mitt med alle ho kjenner. Så dei kan kontakta meg om noko skjer.

—  Sara

I januar skal ho ha motteke drapstrugslar frå eine onkelen hennar.

Når Vårt Land møter Sara for andre gong, verkar ho nervøs og uroleg. Det er gått seks dagar sidan ho har høyrt frå Mina.

Sidan det er vinter, forsvinn ofte straumen i Syria, fortel Sara. Då får ikkje Mina lada telefonen sin.

– Eg blir veldig bekymra. Etter ho fekk trugsmåla, har eg sagt at ho må dela namnet mitt med alle ho kjenner. Så dei kan kontakta meg om noko skjer.

Vårt Land har sett meldingane som Mina skal ha fått av onkelen sin, og omsett dei frå arabisk.

Meldingane kjem frå eit syrisk nummer og inneheld klåre trugsmål:

Meldinger-fra-syrisk-onkel.gif

Sara har ikkje møtt onkelen til Mina. Ho trur han meiner alvor med meldingane.

– Det har med ære og skam å gjera. Om familien finn ut at ei jente er lesbisk, må familien drepa jenta fordi ho skadar æra til familien.

Likekjønna par i Midtausten i ein vanskeleg skvis

Mina i Syria har klaga på avslaget frå UDI. I klagen skriv advokatfullmektig Ida Tønnessen at det ikkje er uvanleg i dagens samfunn at kjærleiksforhold blir haldne ved like gjennom telefonkontakt. Ho jobbar for Advokatfirmaet Schjerven Hansen.

Advokatfullmektigen tek opp den vanskelege skvisen dei to er i: UDI trur ikkje på at Sara og Mina er ordentlege kjærastar, samstundes som dei ikkje har sjanse til å gifta seg for å bevisa at dei er det.

Heterofile par kunne løyst situasjonen ved å møtast i eit naboland for å gifta seg. Dette går ikkje for Sara og Mina, sidan dei to er kvinner.

«Denne muligheten er stengt for Sara og Mina da det ikke er tillatt med likekjønnede ekteskap hverken i Syria, nabolandene eller nærliggende land», skriv Tønnessen i klagen.

«Å få tillatelse til å reise til Norge for å inngå ekteskap er den eneste muligheten de har til å kunne leve et familieliv sammen».

Homofili kan gje tre år i fengsel

Ifølgje artikkel 520 i syrisk straffelov kan likekjønna sex – eller «unaturleg samleie» som det står i lova – straffast med opptil tre år i fengsel.

Etter at Mina skal ha blitt trua av onkelen, har Ida Tønnessen sendt ei oppmoding til UDI om å prioritera klagen. Vedlagt i oppmodinga er bilde av trugsmåla.

UDI har førebels ikkje svara på klagen, men Sara har blitt kalt inn på intervju hjå politiet for å undersøka saka nærare.

Korona skapar lange køar. Ventetida på intervju i saker om familieinnvandring er no på heile på 13 månadar.

Saka har nådd Stortinget

Situasjonen som Sara og Mina er i, har nådd Stortinget.

SV-representant Nicholas Wilkinson har vist til situasjonen deira i spørjetimen. Han har spurt justisminister Monica Mæland om regjeringa vil prioritera familiegjenforeining mellom likekjønna.

Mæland svara med at dette gjeld få saker, og at kvar sak skal behandlast konkret.

Likestillings- og diskrimineringsombodet har tidlegare kritisert regelverket rundt familiegjenforeining av likekjønna. Som svar har UDI sett i gang ekstra opplæring av tilsette i slike saker. Dessutan skal kvar sak bli sett på av fleire saksbehandlarar før vedtak blir fatta.

Les utdraget frå Stortingets spørjetime her.

Anonym Sara Mina familiegjenforening

I mellomtida ventar Sara spent på å få koma til intervju hjå politiet.

– Eg deler ikkje historia mi berre for mi sak. Det er for andre som er i same situasjon som meg.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter