Nyheter

Korona-studie: Eldre framleis plaga seks månader etter innlegging

160 personar over 60 år opplevde endringar i livskvaliteten eit halvt år etter at dei var innlagde med korona, viser ein ny studie.

– Vi har på ein seksmånaders kontroll gjort kliniske undersøkingar og bede pasientane svare på eit spørjeskjema om livskvalitet. I spørjeskjemaet vart pasientane spurde om å vurdere livskvaliteten og korleis dei fungerte, både to veker før og seks månader etter innlegging med covid-19, seier Walle-Hansen, forskar og lege i spesialisering ved Bærum sjukehus til Dagens Medisin.

Éin av tre oppgav seks månader etter å ha hatt koronaviruset dårlegare fysisk funksjon og evne til å gjennomføre daglegdagse gjeremål enn før dei vart sjuke.

– Studien stadfestar fenomen vi kjenner frå tidlegare forskingsstudiar: at eldre er meir sårbare for akutte sjukdommar. Høg alder er ein sterk risikofaktor for alvorleg sjukdom og død ved covid-19, seier Walle-Hansen til avisa.

– Men eit gledeleg resultat

Walle-Hansen seier at det er eit gledeleg resultat i studien at dei eldste pasientane ikkje opplevde større tap av livskvalitet eller funksjon enn dei yngste pasientane i studien.

– Men over halvparten av pasientane hadde framleis plager etter seks månader. Ei sjukehusinnlegging med koronaviruset kan vere ei stor påkjenning fordi det ofte gir langvarig oksygenbehov og langtidssjukeleie, legg ho til.

Enkelte av artiklene i Vårt Land er forbeholdt abonnenter. Vi jobber hver dag for å levere dagsaktuelle nyheter og god journalistikk. Bli abonnent og få tilgang til alt innholdet vårt. Er du allerede abonnent? Takk for at du støtter oss så vi kan fortsette å levere kvalitetsjournalistikk hver dag!

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter