Nyheter

Ektemannen ringde Wenche 50 gonger om dagen

KVINNEBYRDE: Viggo og Wenche fekk to barn og 40 gode år saman. Så kom dei vonde åra. Flest kvinner ber børa med å ha ein ektefelle med demens.

Wenche Størseth var berre 15 år då ho møtte Viggo for første gong. Ho fekk auge på han på Bislett stadion i Oslo.

– Han var så god til å gå på skøyter. Han spelte bandy, eg dreiv med kunstløp. Mor mi sa han var alt for gamal, for han var tre år eldre enn meg. Eg høyrde ikkje på henne.

Wenche smiler og ser ut i stova på Nesodden utanfor Oslo. Møtet på glattisen blei etter kvart til eit ekteskap. Viggo og Wenche fekk to barn og 40 gode år saman.

Så kom dei vonde åra.

Ho såg det først i blikket hans. Augo blei slørete, fjerne. Så begynte han å mista stadsansen. På ferie i USA gjekk Viggo seg vill på eit svært kjøpesenter. Wenche måtte ropa opp namnet hans på høgtalaranlegget.

Søkte tilflukt i bilen

For Wenche fall bitane meir på plass då Viggo fekk diagnosen blandingsdemens. Han var ung, berre 63 år.

– Eg begynte å lesa meg opp på diagnosen. Men eg hadde ingen å snakka med.

Dei seier du ikkje skal skrika til nokon med demens. Men eg klarte ikkje å lata vera.

—  Wenche Størseth

Wenche såg ikkje lenger den omsorgsfulle og humørfylte mannen ho hadde forelska seg i. No såg ho ein mann som var sint og forvirra. Som kunne skrika i raseri eller røska i døra om ho gjekk inn i eit anna rom.

– Han følte seg sikkert utrygg og lei seg. Han hadde ikkje innsikt i sin eigen sjukdom.

No i ettertid har Wenche lært mykje om korleis ein skal møta folk som har demens. Ein skal vera tolmodig og ikkje argumentera for mykje. Ein skal tenka at det er sjukdommen, ikkje personen, som er fienden.

Wenche Størseth

Den kunnskapen var vanskeleg i praksis då ho stod midt oppi det.

– Dei seier du ikkje skal skrika til nokon med demens. Men eg klarte ikkje å lata vera.

Då ting var på det verste, kunne Wenche ta seg ein tur ut i bilen. Den hadde ho innreia med teppe og puter.

– Det var eit lite smutthol der eg kunne ligga og slappa av litt. Då fekk eg ned pulsen litt. Så kunne eg få krefter til å gå tilbake til han.

Kjente seg åleine

Midt opp i dette, gjekk Wenche på jobben som sekretær. Ho jobba korte dagar i ei deltidsstilling, og kunne få 50 tapte anrop frå mannen i løpet av ein dag.

– Eg måtte til slutt slå av telefonen.

Wenche kjente seg åleine då ektemannen begynte å endra seg. Fastlegen gav han medisinar, kommunen tilbaud etter kvart støttekontaktar, men det fungerte ikkje alltid då Viggo var i dårleg form.

Wenche ringte Demenslinjen for å få råd. Her møtte ho fagfolk som kunne hjelpa, men den avgrensa opningstida var ei utfordring.

Wenche Størseth

- Demenslinjen er ope frå 9 til 15. Det var kvelden og natta eg trengde mest hjelp. Då utagerte han mest, for han var sliten.

Flest kvinner ringer Demenslinjen

Wenche er ikkje åleine. Nye tal frå Demenslinjen viser at 70 prosent av dei rundt 3.500 som tok kontakt i fjor, var kvinner. Slik har det vore dei siste 20 åra.

– Det er mest ektefeller og døtre som ringer, seier Mina Gerhardsen i Nasjonalforeningen for folkehelse, ein interesseorganisasjon som driftar Demenslinjen.

Den uroa over om mamma har gløymt å skru av ovnen, den har du heile tida.

—  Mina Gerhardsen

Gerhardsen peiker på alder som ein grunn: Risikoen for demens aukar med alderen, og kvinner er i snitt yngre enn mannen i eit parforhold. Då ender oftare kvinner opp som pårørande.

Samstundes speler forventningar knytt til kjønn ei viktig rolle.

– Sønene til foreldre med demens får ofte ansvar for praktiske ting som å måka snø eller fiksa fjernkontrollen. Døtrene endar tek meir emosjonelt krevjande oppgåver. Dei held kontakt med kommunen og trør til med vask og stell av foreldra.

Det gjev ei ulik belastning mellom menn og kvinner.

– Kvinnene blir meir eigarar av bekymringar. Når snøen er måka, er jobben liksom gjort. Den uroa over om mamma har gløymt å skru av ovnen, den har du heile tida.

Mange blir sjukemelde

Ei Nova-studie frå 2014 viser at ei pleietrengande kvinne med ein son vil få 25 prosent meir offentleg omsorg enn om ho hadde hatt ei dotter. Forskarane forklarar dette med at døtrer er forventa å yta meir omsorg.

d

Mina Gerhardsen er uroa over korleis dette påverkar kvinner i yrkeslivet.

– Me høyrer mange historier om at pårørande blir sjukemelde. Vårt inntrykk er at det rammer kvinner mest. Døtrer får også ofte ei dobbeltbelastning med ansvar for barn og eigne foreldre.

Nasjonalforeningen for folkehelse etterlyser betre avlastingsordningar for å sikra at pårørande til personar med demens kan stå i jobb. Eitt av dei er dagsenter, som inkluderer transport til og frå.

Tal frå Helsedirektoratet viser at i 2018 hadde 29 prosent av heimebuande med demens eit tilbod om dagaktivitet.

I 2020 lovfesta regjeringa at kommunane pliktar å tilby dagaktivitetar til folk som har demens og bur heime. Ifølge Gerhardsen er ikkje det nok.

– Me opplever ikkje at lova gjer noko stor forskjell, for det følgde ikkje med pengar til kommunane. Har du aldersheim med sangstund og kaffi som er open for heimebuande med demens, så er det rekna som eit tilbod. Men eit slikt tilbod treff ikkje alle målgrupper.

Vart førtidspensjonert

Tilbake i husværet på Nesodden har Wenche funne fram eit fotoalbum. Glade bilder frå svaberg, hytteturar og festar er gode minne frå då ektemannen Viggo var frisk.

– Han var så snill og omsorgsfull, og veldig flink med barna.

Etter å ha kjempa i eitt og eit halvt år, vart Wenche høyrt og fekk ektemannen inn på sjukeheim. Der budde han i fire år før han døydde.

Wenche tok seg også av broren sin, som hadde kreft. Ansvaret som pårørande tok mykje krefter, og ho førtidspensjonerte seg for sju år sidan.

No finn ho meining i frivillig arbeid. Wenche er no fylkesleiar for Nasjonalforeningen for folkehelsen i Akershus og kontaktperson i Follo Demensforenig.

I tillegg er ho likeperson for Nasjonalforeningen - ein ikkje-fagperson som deler erfaringar med andre pårørande.

Telefonen hennar kan ringa når som helst frå folk som treng nokon å snakka med. Wenche har to klare råd:

– Søk hjelp i tide og ver open om sjukdommen.

---

Demens

  • Folkehelseinstituttet anslår at mellom 80.000 og 104.000 personar har demens i Noreg.
  • Demens kjem av ulike hjernesjukdommar. Tilstanden gjev kognitiv svikt, endringar i kjensler og personlegdom og redusert evne til å fungera i dagleglivet.
  • Sidan demens blir vanlegare med alderen, reknar ein av demografiske årsaker med at talet på personar med demens kjem til å dobla seg fram mot 2040.

Kjelde: Regjeringa

---

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Mer fra: Nyheter