Nyheter

IS-kvinna får reiserekning på over 70.000 kroner frå UD

MÅ BETALE: Den terrorsikta kvinna som blei henta heim til Noreg frå Syria i fjor får snart eit krav på over 70.000 kroner for å dekke kostnadane knytt til heimreisa.

Den omdiskuterte heimhentinga av den norsk-pakistanske IS-kvinna og dei to borna hennar skal betalast av kvinna sjølv. Det slår utanriksminister Ine Eriksen Søreide fast i eit svar til eit skriftleg spørsmål frå Jon Helgheim i FrP.

Ho skriv at utgangspunktet for all konsulær bistand er at den enkelte norske borgar dekkjer sine eigne utgifter, og at dette også gjeld i denne saka. I dette tilfellet er utgiftene på 70.197 norske koner, og dekkjer mellom anna reisedokument og flybillettar for kvinna og dei to borna hennar. Ho vil snart få kravet tilsendt.

Pågåande rettssak

Det var i fjor kvinna og borna blei henta heim til Noreg med bakgrunn i at sonen hennar var sjuk. Saka skapte bølger og var så kontroversiell at den velta regjeringa.

I desse dagar er den terror-tiltalte kvinna si sak oppe i retten, der ein skal avgjerda om ho i dei seks åra ho budde i IS-kontrollerte område deltok på ein straffbar måte til terror eller om ho blei halden der mot sin vilje.

Gått eit år utan svar

Jon Helgheim stiller spørsmål om kor mykje hentinga av den mistenkte IS-kvinna kosta og om ho faktisk har betalt desse utgiftene. Han påpeikar at det har gått eitt år sidan det blei sagt at informasjonen rundt UD sine utgifter knytt til operasjonen ville gjerast tilgjengelege så snart som råd, men at han endå ikkje har høyrt noko meir om kostandane.

Søreide slår fast at kvinna har endå ikkje motteke kravet, og skriv at grunnen er at ein i 2020 hadde ei rekkje akutte saker som måtte prioriterast, mellom anna ekstraordinær bistand til norske borgarar i utlandet i forbindelse med koronapandemien. Men no vil kravet bli sendt i løpet av kort tid.

Søreide opplyser at i tillegg til dei i overkant av 70.000 kronene har utanriksdepartementet (UD) sine eigne kostnadar knytt til mellom anna driftsutgifter for departementet. Desse let seg ikkje bryte ned på enkeltsaker og dekkas som i alle konsulære saker over UD sitt driftsbudsjett.


Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter