Nyheter

Kvinner vil ha menn med høg status

PARADOKS: Noreg er på verdstoppen i likestilling. Det hindrar ikkje norske kvinner å flokkast om menn som tener godt, viser ei studie.

FRÅ ARKIVET: Denne saka vart fyrst publisert 20. februar 2021.

I 2019 lova 19.855 par kvarandre truskap i Noreg. Men er det berre kjærleik mellom likestilte partar som ligg bak eit ekteskap?

Ein ny forskingsartikkel ser på samanhengen mellom økonomi og val av partnar. Funna viser at når heterofile nordmenn dannar parforhold, er me forbausande tradisjonelle:

  • Menn som tener godt, har over 90 prosent sjanse for å finna ein partnar innan dei fyller 40 år.
  • For menn som tener dårleg, er sjansen under 40 prosent.
  • Menn med høg inntekt får oftare fleire barnekull med ulike kvinner.
  • Kvinner sine sjansar for å finna ein partnar er ganske uavhengig av eiga inntekt.

Forskar: Slåande funn

– Det er slåande at me har desse funna i det moderne Noreg, seier Ingvild Almås.

Ho er professor i økonomi ved Universitetet i Stockholm og ein av fire forfattarar bak artikkelen «The Economics of Hypergamy».

Studien følgjer rundt 1,5 millionar nordmenn fødd i perioden 1952 til 1975, og ser på i kva grad dei endar opp som gift eller med barn.

George Allen,

Artikkelen undersøker eit fenomen som blir kalla hypergami – der kvinner giftar seg oppover i status. Slikt kan vekka assosiasjonar til intrikate Jane Austen-romanar eller patriarkalske kulturar.

Men fenomenet står også støtt i likestillingsbastionen Noreg.

– Historisk har kvinner kunne påverka sin eigen status gjennom ekteskapet. Det har vore eit avhengigheitsforhold mellom menn og kvinner. Men så finn me altså denne tendensen i det moderne Noreg, der kvinner uavhengig av eiga inntekt giftar seg oppover, seier Almås.

Funna vart publisert i ein artikkel i tidsskriftet The journal of Human Resources i oktober i fjor.

Kamp om kvinnene

Korleis blir det sånn? Ingvild Almås fortel at forskarane har to teoriar.

– Den eine teorien går på preferansar. At kvinner føretrekker menn med økonomisk status, medan menn legg mindre vekt på det i val av partnar.

I så fall skulle burde likestilling føra til mindre hypergami. Når kvinner blir meir økonomisk likestilte, treng dei ikkje lenger sjå etter ein mann som kan forsørgja dei.

Kvinner i fruktbar alder blir ein meir knapp ressurs.

—  Ingvild Almås

Men den ferske artikkelen viser at graden av hypergami er stabil for par som vart danna i perioden 1982 til 1995. Almås trur teorien om preferansar har noko for seg, men at den ikkje forklarar alt.

– Me som har skrive denne artikkelen, trur det finst biologiske grunnar til hypergami. Fordi kvinner kjem i overgangsalderen, er dei «i marknaden» for å få barn i ein kortare periode enn menn. Kvinner i fruktbar alder blir dermed ein meir knapp ressurs. Det gjer at menn må gje meir for å få ei kvinne.

Uansett grunn, så kan hypergami få konsekvensar for arbeidsmarknaden. I artikkelen argumenterer forfattarane for at dette fenomenet kan vera med å forklara lønsforskjellane mellom kvinner og menn.

– I parforhold der mannen tener betre, er det større sjanse for at kvinna vel å vera heime. Menn kan då jobba lengre dagar og investera meir i eigen humankapital. Det kan gjera at forskjellen mellom menn og kvinner blir større over tid.

Menn i krise

Hypergami får også konsekvensar for balansen på sjekkemarknaden. I byane hopar det seg opp med single kvinner med høg utdanning, medan mange utkantkommunar har overskott av single menn. Ta Hasvik kommune i Finnmark som eit døme: Der er det berre 68 kvinner per 100 menn.

Artikkelen viser til at høgstatusmenn blir «resirkulerte» som fedrar, der dei får fleire barnekull med ulike kvinner. Menn med lågare status er i større grad utan barn.

gg

Ingvild Almås trekker parallellar til TV-serien «Maxitaxi Driver» der Steinar Sagen speler ein einsam og pornoavhengig sjåfør.

– Funna våre viser litt av den mannskrisa som me ser i TV-serien. For kva skal den norske mannen vera, om han ikkje kan setja mat på bordet?

I sin ekstreme form kan du finna spor etter denne krisa i subkulturen kalla «incel». Den finst på anonyme nettfora og består hovudsakleg av menn som kjenner seg avvist av kvinner.

Ifølgje Store norske leksikon kan incel-kulturen både vera ein positiv fellesskap og vera prega av aggresjon og kvinnehat.

Foreldre si inntekt er viktig

Som forskar har Almås støtt borti eit klassisk problem: å skilja mellom årsak og effekt. Det kan tenkast at menn blir vald som partnarar fordi dei tener godt, noko som støtter teorien om hypergami. Men, det kan også tenkast at menn tener godt fordi dei er i eit ekteskap og kan overlata meir husarbeid til kona.

Det er ikkje naivt å tru på ekteskap basert på kjærleik.

—  Ingvild Almås

For å skilja mellom årsak og effekt, ser artikkelen på inntektspotensialet til kvinner og menn. Dette potensialet finn forfattarane ved å sjå på foreldra si utdanning og inntektsnivå. For sjølv i velferdsstaten Noreg har foreldre mykje å seia for kva folk endar opp med å tena.

­– Me ville finna ut om inntektspotensialet har noko å seia for val av partnar. Me fann at dess større potensial ein mann har, dess større sjanse har han for å finna ein partnar.

Artikkelen viser at menn med eit høgt inntektspotensial i snitt har 7-8 prosent høgare sjanse for å finna ein partnar enn ein mann med lågt potensial. Dermed klarer dei å isolera inntekt som ein truleg årsak, og ikkje berre ein effekt av partnarval.

Kjærleiken er ikkje død

Ein kan muligens blir litt matt på kjærleikens vegne med desse kyniske utrekningane. Sjølv seier Ingvild Almås at ho ikkje har mista trua på romantikken.

– Det er ikkje naivt å tru på ekteskap basert på kjærleik. Det å møta den rette og å ha romantiske kjensler, det er viktig. Men det er ikkje alt som ligg bak eit partnarval.

Ho understrekar at ho som forskar peikar på tendensar og ikkje enkeltpersonar.

– Alle parforhold har sin unike dynamikk som me ikkje klarer å fanga opp i våre modellar.

Sjølv pendlar Almås mellom jobben i Stockholm og familien i Bergen. I tillegg til jobben som professor er Almås med å bestemma styringsrenta i Noreg, som eksternt medlem i den pengepolitiske komiteen i Noregs Bank.

– Eg kan ikkje seia at eg tek hovudbyrda heime. Eg og mannen min har klart å finna ein middelveg der me satsar på karriere begge to. Så eg er ikkje ein typisk person som passar ett inn i våre modellar.

Hypergami

  • «Hypergami» baserer seg på dei greske orda for «over» og «giftarmål».
  • Omgrepet viser til ein tendens der kvinner giftar seg oppover i status.
  • Ein ny forskingsartikkel viser at tendensen er viktig også når folk vel seg partnar i moderne Noreg. Artikkelen er skriven av Ingvild Almås, Andreas Kotsadam, Espen R. Moen and Knut Røed.

---

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Nyheter