Nyheter

Denne matpakka skulle gi gratis skulemat i ti dagar

VANSKELEGSTILTE: Fattige familiar skulle få hjelp til mat i koronatida. Men innhaldet i pakka sjokkerte: – Tar bort verdet til folk, seier profilert tv-kokk.

Då den britiske mora med kallenamnet «Roadside Mum» la ut eit bilde av barnas pakke med gratis skulemat på Twitter, kokte kommentarfeltet.

Maten, som skulle vere eit bidrag til fattige familiar, blei sagt å ha ein verdi på 30 pund, altså rundt 350 kroner. Twitter-brukaren rekna ut at innhaldet var verdt rundt fem pund. Nettavisa Vice har lese eposten som kom med pakka.

Sidan britiske skular er stengde på grunn av det høge smittetrykket, får dei som vanlegvis kvalifiserer til gratis skulemat sendt matpakkar heim.

Etter at innlegget til «Roadside Mum» dukka opp på Twitter måndag, har det rent inn med liknande bilete frå andre britiske familiar som reagerer.

– Ei skam

Ei rekke profilerte personar har engasjert seg i det dei meiner er uhaldbart og skammeleg som hjelp til vanskelegstilte familiar.

Manchester United-spelar Marcus Rashford er blant dei. Også Labour-politikar Angela Rayner kallar hjelpepakka «skammeleg»:

Politikaren har publisert ei rekke slike innlegg sidan i går. Ho tar eit kraftig oppgjer med innhaldet, som ho meiner er uverdig:

– Signala dette sender, er at nokre barn ikkje eingong er verd eit ordentleg måltid. Fordi at familiane deira har falt hardt under pandemien, så fortener dei ikkje noko meir enn smular.

– Det er dehumaniserande, pinleg, ufølsamt og ondt. Barna våre fortener betre, skriv ho på Twitter.

Får hundrevis av like historier

Ei anna som har stått i front, er tv-kokk og aktivist Jack Monroe. Ho har sjølv levd under vanskelege forhold. Sidan ho blei kjent som kokk, har ho engasjert seg i saker om fattigdom. Sidan i går har ho fått hundrevis av liknande bilder tilsendt frå britiske familiar.

Ho gav denne klare beskjeden til BBC om saka:

– Det virkar å vere ein vanleg tankegang at viss du lever i fattigdom, bør du vere ‘takksam’ for alt du får, skriv ho i ei av fleire twittermeldingar om temaet.

– Folk i vanskelege situasjonar er menneske, som ikkje fortjener eit godt måltid mindre enn andre, twitrar ho vidare.

Måndag kveld skreiv det britiske utdanningsdepartementet at dei er i gang med å undersøke saka.

– Me har klare retningslinjer og standardar for matpakkar, som me forventer blir følgde. Pakkane skal vere næringsrike og innehalde variert mat, uttalte dei.

Slik svarar leverandøren

Etter at kritikken har hagla sidan i går, har leverandøren Chartwells svara i eit utsegn på Twitter. Der tilbakeviser dei reknestykket «Roadside Mum» har laga.

Likevel erkjenner at pakken inneheld for lite, og forklarar at dei har prøvd å sende ut tusenvis av matpakkar på ekstremt kort varsel. Chartwells held fram at maten dei tilbyr skal vere variert.

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter