Religion

Då gudstenesta mintest dei omkomne, sørga dei òg over ufødde Isak

GJERDRUM-TRAGEDIEN: Når beredskap og mediar har omtalt dei døde etter skredet, har opplysninga vore «ti personar». På gudstenesta sundag sørga Gjerdrum kirke over elleve.

Det var berre ein drøy månad til guten skulle bli fødd. 15. februar var det planlagt keisarsnitt. Så mista Isak livet i lag med mora, faren og systera i jordskredet i Gjerdrum.

Då bygda, og Norge, sørga over dei omkomne på gudstenesta sundag, blei også Isak Grymyr Jansen minna. Då namnet hans dukka opp i sorgsamtalar med familien i forkant, spurde soknepresten om dei ønskte at også han skulle bli lest opp.

– Barnet hadde jo allereie fått eit namn, og var ein del av framtidsplanane til familien. Dei ville veldig gjerne at han skulle bli nemnt, seier sokneprest Jakob Furuseth i Gjerdrum.

Familien på begge sider var kjende med namnet før tragedien. Nære familiemedlemmer har godkjent at Vårt Land omtalar saka og namnet.

Foreldra Bjørn-Ivar Grymyr Jansen (40) og Charlot Grymyr Jansen (31), og syster Alma Grymyr Jansen (2) omkom då leilegheita i Nystulia forsvann i raset.

Viktig for familien – naturleg for kyrkja

For soknepresten var det først og fremst viktig å ta omsyn til kva familien var komfortable med.

– Sidan dette blei eit ønske frå dei, var det heilt naturleg for oss å også sørge over Isak. Viss ikkje familien hadde ønskt det, hadde me sjølvsagt ikkje lese opp namnet, seier Jakob Furuseth.

Sørgegudstenesta sundag var til minne om dei som omkom i skredet, og til trøst for dei etterlatne. Blant dei som var til stades var statsminister Erna Solberg, stortingspresident Tone Wilhelmsen trøen og preses Olav Fykse Tveit.

Tilbakemeldingane sokneprest Furuseth har fått etter gudstenesta, har berre vore positive.

– Alle eg har høyrt frå, som la merke til at namnet blei nemnt, syntest at det var veldig fint. For oss har uansett det primære vore at familien tok det valet, seier han.

---

Skredet i Gjerdrum

  • Natt til 30. desember gjekk et større jord- og leirras nær Gjerdrum sentrum.
  • Sju personer er funne omkomne. Tre er framleis sakna.
  • Totalt blei 31 bustader tatt av skredet, fordelt på ni bygg.
  • Rundt 1.200 menneske er evakuerte.

---

Torbjørn Olsen

Politiet: – Håpar ikkje kommunikasjonen har belasta

På spørsmål om kvifor politiet har brukt tallet ti og ikkje elleve om dei omkomne, ettersom fosteret var levedyktig, svarar Ullensaker-lensmann Karl-Vidar Solberg:

«Det høres nok kaldt ut, men når politiet har snakket om hvem som har mistet livet, er dette basert på hvilke personer som er registrert savnet og som vi har funnet omkommet».

Lensmannen skriv i eposten at politiet heldigvis er svært sjeldan er oppi ei slik problemstilling, og at dei ikkje har noko godt svar på kva som er riktig.

«Vi kan bare ane smerten og den vanskelige situasjonen til de pårørende, og vi håper ikke politiets kommunikasjon om antallet omkomne har bidratt til en enda større belastning for dem», avsluttar Karl-Vidar Solberg.

Styrke til å tole det vonde

«Onsdag 30. desember var det mange som ropte – ropte etter sine, ropte etter en sønn, en datter, en far eller mor», talte lufthavnprest Torbjørn Olsen til forsamlinga, og dei som såg gudstenesta på NRK, sundag. Du kan lese heile preika her.

Etter leirskredet i Gjerdrum, som fann stad natt til 30. desember, er sju personar stadfesta omkomne. Tre er framleis ikkje funne. På sosiale medium er fleire rørte etter sundagens gudsteneste og preik.

«Det ytre såret i naturen er kanskje like svart og stort som det indre såret», haldt lufthavnpresten fram.

«Vi vet, av dyrekjøpt erfaring, at slike sår vil gro for de aller fleste. Men vi vet også at du som er rammet, må gå og bære på et arr resten av livet».

Likevel formidla han håpet:

«Du er elsket! Det løfter deg ikke over og ut av det vonde, men gir styrke til å tåle det. Det beskytter deg ikke for flere av livets slag, men gir deg mot til å stå i det, en horisont å navigere etter og et løfte om et evig håp til slutt».

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion