Nyheter

Ønskjer Moria-flyktningar - men avviser funksjonshemma

Kommunar landet rundt seier dei kan busetje flyktningar frå Hellas og Moria-leiren. Men ingen vil ha 16 funksjonshemma flyktningar som ventar på busetjing.

– Me har prøvd mange kommunar, men ingen vil ta i mot familien. Ingen vil busetje tre sterkt funksjonshemma personar. Det er ein fortvila situasjon, fortel Kathrin Tunheim til Vårt Land.

Ho er verje til tre multifunksjonshemma søsken som kom til Norge frå Irak i 2015 saman med foreldra, og søkte asyl. Søknadane blei innvilga, men familien er framleis ikkje busett samla i ein kommune.

Foreldra bur på eit asylmottak i Salangen kommune i Troms medan dei tre barna deira, som alle er over 18 år, men under 30, bur på ein privat omsorgsinstitusjon i Senja kommune. Mellom foreldre og barn er det sju mil.

Kommunar står opp for Moria

Fram til flyktningleiren Moria brann ned i september i år, hadde vel 125 norske kommunar fatta vedtak der Solberg-regjeringa blei oppmoda om å hente ut særleg sårbare barn frå leiren på øya Lesvos, og fly dei til Norge. Mange av kommunane har også meldt at dei meir enn gjerne vil busetje fleire flyktningar.

Senja kommune er mellom dei som stiller opp for Moria spesielt og flyktningar generelt.

I april vedtok formannsskapet tre punkt:

«Senja formannskap støtter oppropet Evakuér barna fra Moria nå».

«Vi ber regjeringen svare positivt på henvendelsen fra Hellas om å ta imot enslige mindreårige fra flyktningeleirene.»

«Senja kommune har kompetanse og kapasitet til å bosette flere flyktninger enn det regjeringen har lagt opp til, også når det gjelder enslige mindreårige.»

– Me er klare til å busetje fleire flyktningar, seier Senja-ordførar Tom-Rune Eliseussen (Sp) til Vårt Land.

Men i juni sa kommunestyret i Senja nei til å busetje familien på fem frå Irak.

Kvifor?

Svar: Det handlar om kommunale kostnadar og statens støtteordning.

Kommunar seier nei til funksjonshemma

Dei tre multifunksjonshemma søskena frå Troms tilhøyrer ei lita gruppe flyktningar. Morten Tjessem, fungerande avdelingsdirektør i Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi), opplyser i ein epost til Vårt Land at det er snakk om 16 personar, som er fysisk eller psykisk funksjonshemma:

«16 funksjonshemmede har oppholdstillatelse og venter på bosetting i kommune. Ingen av disse er barn under 18. Enkelte av disse 16 har nær familie (foreldre eller søsken) som ikke bor i et tilrettelagt tilbud, men som skal bosettes sammen med dem. Totalt dreier dette seg om fire personer. Heller ingen av disse er under 18», skriv han og utdjupar:

«Vi velger å definere «funksjonshemmede» som personer som bor i et tilrettelagt mottakstilbud, drevet på oppdrag av Utlendingsdirektoratet (UDI). De har ulike funksjonsnedsettelser eller andre utfordringer knyttet til helse eller atferd.»

Etter at asylsøkjarar har fått positivt svar på søknaden frå Utlendingsdirektoratet (UDI), er det Imdi som har ansvaret for å finne kommunar som kan busetje flyktningane.

Krev tilskot i meir enn fem år

Ordførar Eliseussen i Senja prøver ikkje å bortforklare kvifor kommunestyret sa nei til søskenflokken.

– Det handlar om kostnadar. Å busetje funksjonshemma krev store ressursar, og så lenge statens tilskot berre kjem dei første fem åra, ser me oss ikkje i stand til å seie ja til busetjing.

Helge Eide, områdedirektør i kommunesektorens interesseorganisasjon KS, seier han ikkje ser noko paradoks i at kommunar vil busetje fleire flyktningar, gjerne frå Moria, men seier samstundes nei til funksjonshemma flyktningar.

– Det handlar om tilskotet frå staten, ikkje manglande vilje til å ta i mot flyktningar. I dag blir funksjonshemma flyktningar ein netto utgiftspost på eit allereie hardt belasta helse- og omsorgsbudsjett, forklarar Eide.

– Kva skal til for funksjonshemma flyktningar skal bli busette?

– I dag får kommunane eit statleg tilskot i fem år. Blir perioden dobla til ti er eg sikker på at mange fleire kommunar vil seie ja, fortel Eide og seier byane i storbynettverket er positive. Om tilskotsperioden blir forlenga.

I dag yter Imdi to typar tilskot som skal dekkje ekstraordinære utgifter som følgje av personens behov for hjelp

190.500 kroner i første eller andre busetjingsår - og inntil 1,3 millionar årleg i maksimum fem år.

Sp-ordførar Tom-Rune Eliseussen meiner ti år også er for lite.

– Det årlege, statlege tilskotet må følgje den funksjonshemma livet ut.

Sterk vilje, veik handling

Verge Kathrin Tunheim støttar både KS-direktør Eide og Senja-ordførar Eliseussens krav.

– Eg har stor forståing for kommunane som seier nei til å busetje funksjonshemma, for støtta dei får frå staten i dag er ikkje god nok. Etter fem år må kommunane sjølve dekkje inn kostnadane til pleie og omsorg.

Difor ser ho berre ei løysing:

– Gjer den økonomiske støtteordninga betre.

Helge Eide opplyser at KS har tatt saka opp med både regjeringa og Stortinget ved fleire høve – og at det ikkje er mangel på forståing for tilhøva.

– Men når det kjem til politisk handling, blir det verre.

Har venta i åtte år

Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (Imdi) søkte svar på kvifor funksjonshemma flyktningar må vente i årevis på busetjing.

No ligg rapporten Statlige virkemidler ved bosetting av flyktninger med særlige behov frå Rambøll Management Consulting og Oslo Economics på bordet.

Han avdekkjer at det lengste ein har venta var omtrent åtte år. I snitt ligg ventetida frå vel to år til nesten fire, avhengig om personen bur på såkalla tilrettelagt avdeling, sjukeheim eller bu- og omsorgsinstitusjon.

Medan dei funksjonshemma ventar, er det Utlendingsdirektoratet (UDI) som må betale for opphaldet.

Listar opp fem forklaringar

Rapporten listar opp fem årsaksforklaringar på ventetida:

«Mangel på informasjon om enkelte målgruppers hjelpebehov fører til at kommuner ikke vil bosette flyktninger med særlige behov.»

«Det kan ta lang tid før IMDi får avklaring fra kommuner om de vil bosette eller ikke. En del kommuner kan ha utfordringer med å gi et godt nok tilbud til flyktninger med særlige behov.»

«Dagens tilskuddsordning kan være for lite fleksibel for når kommuner oppdager særlige behov etter bosetting.»

«Dagens tilskuddsordning kan gi for lite forutsigbarhet for at kommunene vil bosette flyktninger med særlige behov.»

«Dagens tilskuddsordning kan dekke for lite av kommunenes kostnader for å fremme raskere bosetting av flyktninger med særlige behov.»

Imdi erkjenner at det tek tid å få busett denne gruppa: «IMDi arbeider kontinuerlig med å finne løsninger for hver og en av disse personene, men opplever at det er utfordrende å finne en kommune som aksepterer bosetting. Når en kommune først har akseptert å bosette personen, kan det gå ytterligere tid, i enkelte tilfeller ett år eller mer, før personen faktisk flytter fra mottakssystemet og til kommunen.»

Melby vil ikkje endre

I eit brev til Stortinget seier kunnskapsminister Guri Melby (V), som også har ansvaret for integreringspolitikken at ho ikkje vil endre dagens ordning med støtte i maksimum fem år: «Etter fem år legger jeg til grunn at flyktninger mottar tjenester på lik linje med andre innbyggere, uten særskilt finansiering av staten.»

Melby vedgår at ventetida kan bli lang for denne gruppa: «Det er dessverre flere eksempler på lang ventetid, men jeg vet at IMDi arbeider målrettet for å få bosatt flyktninger med nedsatt funksjonsevne og/eller atferdsvansker så raskt som mulig.»

I statsbudsjettet for 2021 legg Melby opp til at dagens statlege støtteordning held fram, uendra.

• LES MEIR OM FLYKTNINGAR

Hjelpearbeider: Sykehus avviser syke flyktninger

Regimer leter opp og truer flyktninger i Norge

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter