KVOTEFLYKTNINGAR:

Opnar for EU-flyktningar - opprettheld kvote på 3.000

Flyktningar som tek seg til eit EU-land kan få kome til Norge som kvoteflyktningar.

Allereie før statsbudsjettet blei lagt fram var det strid om neste års kvote med overføringsflyktningar, eller såkalla kvoteflyktningar.

Framstegspartiet har varsla at kvota skal monaleg ned, og at partiet vil stille harde krav i budsjettforhandlingane i Stortinget.

– Det er fullstendig uaktuelt for Framstegspartiet å være med på det, så her er det berre å kutte talet dersom ein skal ha ein avtale med oss, sa Listhaug til TV 2 tysdag.

Opnar for byrdedeling med EU

I statsbudsjettet for 2021 opprettheld regjeringa dagens årlege kvote på 3.000. Men varslar samstundes at ordninga blir lagt om. Fram til no har kvoteflyktningane blitt plukka ut av FN, og så har Norge valt årets kvote frå dei som er blitt plukka ut av FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR).

Frå og med neste år skal også flyktningar som har kome seg til Europa og eit EU-land kunne kome til Norge som overføringsflyktning, melder justisminister Monica Mæland (H):

– Plassane kan nyttast til å ta imot overføringsflyktningar eller annan type byrdedeling mellom EU/Schengen-land som relokalisering av asylsøkarar, skriv Justisdepartementet (JD) i budsjettproposisjonen.

Flyktninghjelpen er skuffa

I Flyktninghjelpen reagerer dei sterkt på grepet til Mæland og Solberg-regjeringa:

«Vi er skuffet over at relokalisering trekkes fra kvoten. Relokalisering fra Hellas har intet med kvoteordningen - som ikke er relevant for Europa – å gjøre. Da regjeringen nylig annonserte overføring av 50 asylsøkere fra Hellas, anmodet FNs høykommissær for flyktninger i en pressemelding eksplisitt om de ikke ble trukket fra kvoten. Relokalisering er en europeisk ansvarsdeling, aktualisert ved at mange asylsøkere som tidligere kom til Norge på egen hånd nå er strandet i Hellas. Derfor har Norge de laveste asylankomstene på over 25 år, kun 1108 personer hittil i år ifølge UDI», skriv seniorrådgjevar Pål Nesse i ein epost til Vårt Land.

«Ikkje oppmuntrar fleire til å migrere»

Tidlegare i haust avgjorde regjeringa at dei 50 asylsøkjarane Norge skal hente ut frå Hellas – etter brannen i Moria-leiren, skal gå på kvoten med kvoteflyktningar.

JD skriv:

– Hellas opplevde ein sterk auke i talet på asylsøkarar hausten 2019 og bad då andre europeiske land om å relokalisere asylsøkarar frå Hellas. Regjeringa meiner det er nødvendig med ei varig og langsiktig løysing for byrdedeling, og ikkje adhoc initiativ knytte til enkeltland. Det er viktig at ei løysing for byrdedeling ikkje oppmuntrar fleire til å migrere. På grunn av den særskilt pressa situasjonen Hellas er i beslutta Regjeringa i haust å bidra til relokalisering frå landet.

Relokalisering gjev kvotekutt

Koronapandemien har gjort det vanskeleg å hente årets kvote på 3.000 kvoteflyktningar til Norge, rundt 1.000 er ikkje henta:

– Virusutbrotet vil ha konsekvensar for arbeidet med uttak i heile 2020 og i 2021. Det er ikkje mogleg å fylle kvoten for overføringsflyktningar i 2020, og plassane overførast til 2021, melder justisminister Mælands departement, og legg til:

– Asylsøkarar som blir relokaliserte til Noreg vil medføre ein reduksjon i tal på overføringsflyktningar i 2021.

LES MEIR OM FLYKTNINGAR

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter