Nyheter

Samlivskurs for ferske foreldre var KrF-hjartesak, men millionar står ubrukte

Familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) satsar tungt på samlivskurs for førstegongsforeldre. Men berre ein einaste kursarrangør har søkt og fått statsstøtte.

Samlivskurs var eit tiltak KrFs partileiar og fagstatsråd satsa mykje på i 2020-budsjettet. Då Kjell Ingolf Ropstad for eit år sidan presenterte årets budsjett, melde han at regjeringa vil «styrkje innsatsen retta mot samlivet til småbarnsforeldre». Difor prioriterte han å bruke 17,4 millionar kroner på «eit tilbod om eit samlivskurs til førstegongsforeldre:

– Målet er å styrkje parforholdet og å gi foreldra tryggleik i foreldrerolla, skreiv Barne- og familiedepartementet (BFD) i budsjettproposisjonen.

Sjølv sa Ropstad til VG at han var særs glad for satsinga: «Dette er noe jeg brenner for. Det er en hjertesak for meg og KrF som jeg er glad for at regjeringen har gitt sin støtte til.»

For å finansiere kurssatsinga på vel 17 millionar, kutta Ropstad like mykje i Tilskotsordninga foreldrestøttande tiltak i kommunane. Frå denne ordninga kan kommunane søkje støtte til tiltak til alle foreldre med omsorg for barn i alderen 0–18 år, og til foreldre med særlege behov. Dette kan vere foreldre som har utfordringar knytt til rus, psykiatri eller låg inntekt.

Familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) satsar tungt på samlivskurs for førstegongsforeldre. Men berre ein einaste kursarrangør har søkt og fått statsstøtte.

Ein søknad er levert

Samlivskursløyvinga blei sendt Barne- ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) som etablerte ei eiga tilskotsordning for samlivstiltak retta mot foreldre som får sitt første barn. Ordninga seier at familievernkontor, helsestasjonar, kommunar, frivillige organisasjonar og institusjonar kan søkje om pengar til kurset, som er gratis for para som deltek.

«For å kunne søke om tilskudd til “Godt samliv” må organisasjonen ha kursledere som er sertifiserte i revidert utgave av kurset», fortel Bufdir.

Tidleg i mars i år blei kurstilbodet lyst ut av direktoratet. I potten ligg 13,85 millionar støttekroner.

Vel eit halvår seinare har Bufdir berre fått inn ein søknad. Og han er godkjent.

Pandemien dempar samlivskurslysten

I Barne- og familiedepartementet får Vårt Land opplyst at forklaringa på søknadssvikten er enkel:

Korona.

Pandemien har knekt lysten til å arrangere og gå på samlivskurs.

– Tilskotsordninga for samlivskurs for førstegongsforeldre blei lyst ut første gang rett før utbrotet av covid-19. Bufdir har arbeidd for å få søkjarar, men har førebels berre mottatt éin søknad som har fått tilskot, fortel kommunikasjonssjef Line Torvik til Vårt Land.

Må brukast opp i år

På eit oppdateringskurs 10. mars deltok rundt 20 kursleiarar frå frivillige organisasjonar, kommunar og familievernet, og i mai fekk om lag 25 terapeutar frå familievernet opplæring.

Men kurs er ingen lystne på:

– Pandemien gjer at det er krevjande å førebu og gjennomføre kurs, seier Torvik og peikar på at smittesituasjonen og smitteverntiltaka gjer det vanskeleg å få både kurssøkjarar og kursdeltakarar.

I haust har Bufdir intensivert arbeidet med å få fleire til å søkje ordninga, for millionane som er løyvt til samlivskursa må brukast opp i år.

– Ubrukte midlar på denne tilskotsordninga kan ikkje overførast til 2021, opplyser kommunikasjonssjef Torvik i BFD.

Nesten 9.000 barn under 18 år ramma av skilsmisse

Tal Vårt Land har henta ut frå Statistisk sentralbyrå viser at:

• Det var under 20.000 vigslar i fjor - eller 19 855.

• Dette er ein nedgang på drygt 1.000 samanlikna med 2018 og det lågaste som er registrert dei siste 25 åra.

• 9.609 ektepar blei skilde i fjor - 64 fleire enn i 2018.

• 10.422 ektepar blei separerte i fjor - 208 færre enn året før.

• 8.885 barn under 18 år opplevde at foreldra, ulikkjønna par, blei skilde i fjor - noko som var 15 færre enn i 2018.

LES MEIR OM SAMLIV:

---

Fakta:

---

Enkelte av artiklene i Vårt Land er forbeholdt abonnenter. Vi jobber hver dag for å levere dagsaktuelle nyheter og god journalistikk. Bli abonnent og få tilgang til alt innholdet vårt. Er du allerede abonnent? Takk for at du støtter oss så vi kan fortsette å levere kvalitetsjournalistikk hver dag!

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter