Nyheter

Krev at klesindustri kuttar band til uigur-provins

Stefanusalliansen har signert eit internasjonalt opprop saman med 72 uigur-grupper og over 100 organisasjonar. Deira krav: At den internasjonale klesindustrien kuttar alle band til produsentar frå Uigur-provinsen innan eitt år.

Ifølgje oppropet skal omkring 1 av 5 av bomullsplagga som blir selde globalt, innehalde bomull og/eller garn frå Uigur-regionen, Xinjiang i Kina. Det er snakk om millionar av tonn med råvarer.

Oppropet har grunn til å tru at det er tilnærma sikkert at desse varene er produsert under tvangsarbeid.

- Globale merkevareprodusentar må spørje seg kor komfortable dei er med å bidra til ein politikk med brutal undertrykking skipa for å kontrollere eit heilt folk, deira kultur og deira religion, seier generalsekretær i Stefanusalliansen Ed Brown.

Klesfabrikkar

Kinesiske styresmakter har samla over ein million uigurar og andre muslimske minoritetar i ulike interneringsleirar. Det har kome fram i kinesiske dokument og i ei rekkje rapportar det siste året.

Gulzira Aueelkhan, ei kazakhstansk kvinne, som sat i ein slik leir og som seinare vart tvungen til å arbeide i ein klesfabrikk, seier forholda i leirane nesten var like.

– Klesfabrikken var ikkje ulik arbeidsleirane. Det var politi og overvakingskamera - ein kunne ikkje gå nokon stad, seier ho i oppropet.

Store merkevarer

Trass eit globalt engasjement mot undertrykkinga frå dei kinesiske styresmaktene, hevdar aktivistane at store merkevarer, som mellom andre Hennes og Mauritz, Ikea, Nike, Adidas og Jack & Jones, held fram med å dra nytte av og profittere på situasjonen.

«Sjølv om leiande produsentar påstår at dei ikkje aksepterer tvangsarbeid frå leverandørane deira, har dei ikkje gitt noka forklaring på korleis dei kan møte det kravet medan dei fortset med forretningar i ein region kor tvangsarbeid florerer,» heiter det i oppropet.

Undertrykking av uigurar

Generalsekretær Ed Brown er klar over at klesindustrien er sterkt prega av dårlege arbeidsforhold og utnytting også andre stader, men meiner situasjonen for uigurane er spesielt prekær.

- Forskjellen er at det i dette tilfellet hender det som enkelte skildrar som ei etnisk reinsing, der kulturen og religionen til uigur-folket blir systematisk undertrykt og nedkjempa, seier generalsekretæren.

Ein måte å yte motstand mot dei kinesiske styresmaktene på, er å oppfordre til boikott på leverandørar knytt til uigur-undertrykking, fortel han. Han oppfordrar klesprodusentane til å stadfeste at deira produkt ikkje er produsert av tvangsarbeidarar i Xinjiang eller andre stader i Kina.

Ikkje frå Xinjiang

Ikea er ei av merkevarene som det vert oppfordra til å boikotte. Sidan 2015 har dei brukt bomull frå bærekraftige kjelder og har forplikta seg til å fylgje ei godkjenningsordning gjennom organisasjonen Better Cotton Initiative (BCI), opplyser Gudrun Lægreid, presseansvarleg i Ikea i ein e-post til Vårt Land.

I mars kunngjorde BCI at dei ikkje kan godkjenne bomull i Xinjang-provinsen for sesongen 2020-21. Ikea støtter avgjerda og har bestemt at dei ikkje kjøper inn bomull frå Xinjang, skriv Lægreid.

Ho understrekar at Ikea heile tida arbeider for å sikre rettar og trygge arbeidsforhold for tilsette hjå underleverandørar. Gjennom programmet The IKEA Way on Purchasing Products, Materials and Services (IWAY) sikrar Ikea at minimumskrav vert oppfylte.

«Under ingen omstendigheter godtar vi noen form for tvangsarbeid hos IKEAs underleverandører», skriv Lægreid.

Ho poengterer at Ikea vil halde fram med å betre bomullsindustrien innanfrå og skape ei rørsle mot betre bomull og betre arbeidsforhold for dei som arbeider i bransjen.

LES OGSÅ:

Pinsemenighet startet arbeid for å bekjempe moderne slaveri. Nå går de inn i internasjonal organisasjon

Nytt bistandsprogram gir 190 millioner til arbeid mot moderne slaveri

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Jo Arne Hansen Marvik

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter