Nyheter

Norsk misjonær og «Grønlands apostel» er blitt vandalisert på nasjonaldagen

Statuen i Nuuk av den dansk-norske presten som misjonerte på Grønland har blitt vandalisert. Det skjer same dag som Grønland feirar nasjonaldag.

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Eit bilde som blei publisert på Facebook søndag, viser statuen av den dansk-norsk misjonæren Hans Egede, dynka i raudmaling. Hærverket blei gjort natt til nasjonaldagen til Grønland og er blitt stadfesta av den grønlandske avisa Sermitsiaq. Ifølge avisa er politiet i gang med forhøyr.

Hendinga skjer i samband med at demonstrantar verda rundt talar for å fjerne enkelte statuar.

Aqqalu Berthelsen publiserte bildet på Facebook. Han er ein kunstnar frå Nuuk i Grønland, busett i Inari i Finland. Han fortel at han ikkje sjølv var delaktig i hærverket, men at det var nokre kjenningar av han som utførte det.

Han overleverer ei uttaling frå dei som stod bak hærverket til Vårt Land. I uttalinga talar dei for at ein må slutte å hylle kolonistar. Rørsla talar for å ta tilbake det som rettmessig er deira, og for å avkolonisere sinna og landet deira.

LES OGSÅ: Vårt Land mener: Det finnes gode grunner til å velte statuer

happy national day of Kalaallit Nunaat 🇬🇱 Edit: This happened last night. I have a statement from those who did this. I...

Posted by Aqqalu Berthelsen on Sunday, June 21, 2020

Dekolonisering

Aqqalu Berthelsen fortel at han i ti år har tala for å fjerne statuar av den norske misjonæren Hans Egede. Det gjeld også statuane som er i Harstad, Oslo og i Vågan.

Han fortel at det bildet Noreg og Danmark har av Hans Egede, ikkje stemmer.

- Mange ser på Hans Egede som ei «redning» for meg og folket mitt. Sanninga er at han var ansvarleg for koloniseringa av Inuitt-folket på Grønland, seier han.

LES OGSÅ: Statue av sørstatsgeneral revet i Washington

Ikkje første gong

Det er ikkje første gong Hans Egede-statuen i Nuuk på Grønland, har blitt dynka i maling. Liknande hærverk har hendt så tidleg som i 1977, i 2012 og i 2015.

Berthelsen fortel at det framleis finst stor ulikskap mellom den danske befolkninga og Inuitt-befolkninga på Grønland. Han seier dei som ytrar seg for statuefjerninga, kjenner medkjensle til demonstrasjonane i USA og til rørsla American Indian Movement (AIM). AIM organiserte nyleg ei rekkje demonstrantar til å fjerne Christoffer Columbus-statuen i Minnesota.

- Vi ser på oss som ein del av den same rørsla: avkolonisering, fortel han.

---

Fakta:

---

Jo Arne Hansen Marvik

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter