Nyheter

Riv ned rasistar, reiser opp revolusjonsleiar

I Storbritannia blei ein slavehandlar riven ned. Ein rasistisk kolonisator ventar på tur. I Tyskland reiser kommunistar nasjonens første Lenin-statue vest i landet.

Bilde 1 av 5

Menneskeslekta har i uminnelege tider reist opp statuar, forma i stein og seinare stål, for å heidre og tilbe.

Löwenmensch, eller løvemannen, er verdas eldste, reist ein stad kring 35.000 år sidan - og funnen i ei grotte i Hohlenstein-Stadel i Tyskland i 1939.

No står striden om løvemannens etterkommarar.

Kasta slavehandlaren på sjøen

Sundag blei ein riven ned frå sokkelen han har stått på i 125 år. Edward Colston var slavehandlaren som segla heim ein formue til Bristol, byen som var Englands slavehandelshovudstad. Med pengar frå handelen med menneske blei han Bristols store filantrop. Colstons pund betalte for fattighus, skular, sjukehus og kyrkjer.

I 1895 kom han på sokkel, 174 år etter at han døde.

På sundag fann ei folkemengde ut at nok var nok; Edward Colston måtte ned. Og vekk. Demonstrasjon til støtte for avdøde George Floyd, som blei drepen i Minneapolis i USA, enda med at slavehandlaren fekk same lagnad som diktatoren Saddam Hussein i Bagdad i 2003; han blei riven ned av sokkelen.

I Bristol kasta så folket Edward Colston på sjøen, i hamna der slaveskipa hans la til i glansåra; 1680-90-åra.

– Som etterkommar av jamaicanarar som på eit tidspunkt var slavar, kan eg ikkje nekte for at statuen var ei fornærming mot meg, seier ordførar Marvin Rees i Bristol.

Men, understrekar ho, hærverk støttar ordføraren ikkje.

People look at the pedestal of the toppled statue of Edward Colston in Bristol, England, Monday, June 8, 2020, following the downing of the statue on Sunday at a Black Lives Matter demo. The toppling of the statue was greeted with joyous scenes, recognition of the fact that he was a notorious slave trader — a badge of shame in what is one of Britain’s most liberal cities. (AP Photo/Kirsty Wigglesworth)

På sundag reiv demonstrantar ned statuen av slavehandlaren Edward Colston som stod på sokkel i Bristol. Foto: Scanpix

Kvite var «fremste rasen»

Nedrivinga i Bristol har fornya kravet frå Oxford: «Rhodes Must Fall». Rhodes må ned.

Sidan 2015 har studentkampanjen «Rhodes Must Fall» fremja kravet om at imperiebyggjaren Cecil Rhodes må takast ned frå frontveggen på Oriel College i universitetsbyen Oxford. I dag ruvar han høgt på veggen, bak gitter.

Rhodes bygde ut det britiske imperiet på 1800-talet, særleg i det sørlege Afrika. Han var statsminister i Kappkolonien frå 1890 til 1896, tente ein formue på gruvedrift og gav namnet til Rhodesia, som i dag er Zimbabwe og Zambia.

I testamentet skreiv han mellom anna at angelsaksarane var «den fremste rasen i verda» og at «jo meir av verda me legg under oss, dess betre er det for menneskeslekta».

Studentkampanjen «Rhodes Must Fall» blei fødd då sør-afrikanske studentar i 2015 klarte å få ein statue av Cecil Rhodes fjerna frå University of Cape Town. I Oxford har universitetsleiinga sagt tvert nei å hente ned Rhodes.

###

Den britisk imperiebyggjaren Cecil Rhodes ruvar på frontveggen av Oriel College i Oxford, der han sjølv var student. Rhodes må ned, lyder ein studentkampanje. Foto: Rhodes Must Fall

Riv ned generalar i USA

I USA handlar det om å fjerne spora av dei som kjempa for å bevare slaveriet, generalane i sørstatshæren. I fleire byar er general Robert E. Lee blitt heist ned av sokkelen, og sendt på lager. Andre stader er sørstatsgeneralar blitt pakka ned, på sokkelen.

Etter striden om Lee i Charlottesville i 2017, som enda med valdeleg konfrontasjon og ein død, skreiv Christian Egander Skov, historikar og redaktør i Årsskriftet Critique at «frå ein moralsk ståstad er saka klar»:

– Likevel er det grunn til å vere forsiktig. For demonteringa av monumenta kan også sjåast på som ein manifestasjon av ein ideologisk historiehygiene, der ein tufta på dagens ideal og moralske oppfatningar, vil avgrense den fortida som ikkje respekterer dagens krav.

På laurdag, dagen før slavehandlaren i Bristol deiste i bakken, tok nokon tak i Williams Carter Wickham i byen Richmond i USA. Både sokkel og statue blei tilgrisa med måling før sørstatsgeneralen blei riven ned. Tysdag følgde Kristoffer Columbus etter. Etter at statuen blei riven ned frå pidestallen med tau, blei det hengt opp eit skilt der det sto: «Columbus representerer folkemord».

Onsdag følgde folk i Boston opp. Byens statue av Kristoffer Columbus blei halshogd. Omtrent samstundes blei ein  Columbus-statue vandalisert i Miami. Også i Minnesotas hovedstad St Paul har Columbus kome ned av sokkelen.

Kristoffer Columbus blei lenge sett på som ein oppdagar og oppdagelsesreisande. Men USA meiner mange at «oppdagaren av Amerika» og «oppdagaren av den nye verda» er ansvarleg for folkemord mot urfolk i Amerika.

A statue of Christopher Columbus is in the water at Byrd Park in Richmond, Va. Tuesday, June 9, 2020, after it was torn down by protesters. The figure was toppled less than two hours after protesters gathered in the city’s Byrd Park were chanting for the statue to be taken down, news outlets reported. (@marleynichelle via AP)
Tysdag blei statuen av Kristoffer Columbus riven ned av sokkelen og dumpa i ein innsjø i byen Richmond i USA. Laurdag blei ein sørstatsgeneral riven ned i same by. Foto: Scanpix

Tok ned kongen som plyndra Kongo

I Belgia er styresmaktene proaktive i frykt for meir utagerande hærverk. I byen Antwerpen er ein statue av kong Leopold II fjerna berre dagar etter at antirasistiske demonstrantar tømde måling på han.

I hovudstaden Brussel er ein Leopold-stataue tagga ned. Nokon spraya ordet «shame» – «skam» – på sokkelen. Måndag starta ein underskriftskampanje for å fjerne alle statuer av kongen i Brussel.

Leopold var den brutale monarken som dreiv dagens Kongo som sin private slavekoloni åra 1885–1908.

A statue of Belgium's King Leopold II is defaced with the words 'shame' prior to a Black Lives Matter protest rally in Brussels, Sunday, June 7, 2020. The demonstration was held in response to the recent killing of George Floyd by police officers in Minneapolis, USA, which has led to protests in many countries and across the US. (AP Photo/Olivier Matthys)

I Belgia går folk laus på statuane av kong Leopold II, monarken som dreiv Kongo som sin private koloni. Hans plyndring av Kongo kosta millionar av menneske livet. Fleire statuar er blitt tilgrisa. Foto: Scanpix

Heidrar Lenin vest i Tyskland

Sovjetunionen blei demontert og sendt på skraphaugen i 1991. Ut av unionen kom 15 republikkar og eit frigjort Aust-Europa. Noko av det første som blei fjerna frå mange byar, var statuane av Vladimir Lenin, revolusjonsleiaren og ein av kommunismens fedrar.

I den tyske byen Gelsenkirchen tenkjer ein annleis. Her, midt i Ruhr, Tysklands industrielle smie, har Marxistisch-Leninistische Partei Deutschlands (MLPD) - eller Tysklands marxistisk-leninistiske parti – fått lov til å reise ein to meter høg statue av Lenin. 20. juni blir han blir den første Lenin-en på sokkel i det gamle Vest-Tyskland.

Gelsenkirchen er valt fordi partikontoret til promillepartiet MLPD ligg i byen, og partileiar Gabi Fechtner forklarar datovalet:

– 20. juni skal me feire MLPDs 38-årsdag, det einaste partiet i Tyskland som har Lenin i namnet og som brukar læra hans i dag.

LENIN I VEST: 20. juni blir det avduka ein statue av Vladimir Lenin i den tyske byen Gelsenkirchen. Aldri før er det blitt reist ein statue av Lenin i det som før var Vest-Tyskland. Bystyret prøvde å stoppe prosjektet, men tapte i retten.
20. juni blir det avduka ein statue av Vladimir Lenin i den tyske byen Gelsenkirchen. Aldri før er det blitt reist ein statue av Lenin i det som før var Vest-Tyskland. Bystyret prøvde å stoppe prosjektet, men tapte i retten. Fram til avdukinga får ein berre sjå ryggen til
Gelsenkirchens 
Lenin. Foto: MLPD

Domstol gav lov

Bystyret i Gelsenkirchen har prøvd å gå rettens veg for å halde Lenin unna byen. Men i to rettsrundar har dei tapt. I kampen om statuen sende dei folkevalde ut ei kunngjering:

– Kommunistleiaren Lenin representerer vald, undertrykking, terror og enorm menneskeleg liding.

Fridemokraten Marco Buschmann som sit i Riksdagen i Berlin, innvalt frå nettopp Gelsenkirchen, refsar Lenin på sokkel:

– Lenin-statuen vil vere ei skam for Gelsenkirchen, skriv han på twitter, og held fram: – Lenin står for massemord og totalitarisme.


An unidentified man takes a photo of his friend, who climbed atop a bust of the Soviet dictator Josef Stalin, at Soviet theme park in Grutas, 120 km (75 miles) south of the Lithuanian capital Vilnius, Sunday, April 1, 2001, with busts of the Communist Party and Soviet founder Vladimir Lenin at left and of a Soviet secret police chief Felix Dzerzhinsky at center. Lithuanians laughed and cheered at what they used to be afraid of not long time ago as the Soviet theme park opened Sunday. (AP Photo/Mindaugas Kulbis)
Då Sovjetunionen gjekk i oppløysing i 1991, blei kommunismens menn fjerna frå torg over heile Aust-Europa. Mange blei samla i temaparken over tidlegare Sovjetunionen i Grutas i Litauen. Her poserer turistar saman med Josef Stalin (t.h), Felix Dzerzhinsky og Vladimir Lenin. Foto: Scanpix

Fredag nådde aksjonen mot gamle kolonileiarar New Zealand. I byen Hamilton blei ein statue av offiseren John Fane Charles Hamilton fjerna etter at lokalpolitikarane hadde vedteke at så måtte skje.

Byområdet Hamilton, som er New Zealands fjerde største, var opprinneleg ei samling maorilandsbyar. John Fane Charles Hamilton leia på 1800-talet åtak mot det lokale maorifolket då dei prøvde å forsvare seg mot kolonisering.

LES MEIR OM STRIDEN OM STATUAR

LES OM NORSKE SLAVEHANDLARAR PÅ GULLKYSTEN

---

Fakta:

---

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter