Nyheter

Evangeliesenteret kuttar samarbeidet med Visjon Norge

– Me har ulike syn på nokre område, melder Evangeliesenteret og avsluttar eit 17 år langt samarbeid med TV-kanalen Visjon Norge.

Det var i eit møte 26. mars at styret i Evangeliesenteret blei einige om å avlutte samarbeidet med TV Visjon Norge, som blir leia av Jan Hanvold.

– Årsaka er at me har ulike syn på nokre område, som me har gjort kjent for Visjon Norge i eit eige møte, heiter det i ei pressemelding frå Evangeliesenteret.

Senteret har sendt program på TV Visjon Norge fleire gonger i veka, og dei to har samarbeida sidan oppstarten av TV-kanalen for 17 år sidan.

– Dette er ei avgjerd me ikkje tar lett på, og som trengte eit godt beslutningsgrunnlag. Det har me no, seier dagleg leiar Trond Palmgren Eriksen til Vårt Land.

Ingen vonde kjensler

Evangeliesenteret er tilbakehaldne med kva dei vil seie om kvifor det mangeårige samarbeidet no er avslutta.

– Me har jo vore innom spørsmålet frå tid til annan, men akkurat no var tida for å ta ei beslutning, seier Palmgren Eriksen i Evangeliesenteret.

– Det er ulike ting over tid som har leia oss hit. Det er ikkje basert på dei siste månadane, for å seie det sånn, seier han.

Evangeliesenteret har inga kommentar til om dette handlar om uro innad i organisasjonen, eller i forholdet mellom dei og TV Visjon Norge.

– Me har hatt ein bra prat i lag, og fått forståing for valet vårt. Me kjenner me kan gå vidare kvar for oss, seier dagleg leiar Eriksen.

Frå historisk samarbeid til nye flater

Evangeliesenteret seier dei er takksame for dei 17 åra dei har jobba i lag med TV Visjon Norge.

– Samarbeidet har vore godt. Me har jo hatt moglegheit til å sende produksjonane våre på kanalen gjennom 17 år, så det er mykje historikk i forholdet mellom oss, seier Palmgren Eriksen.

Sendingane held fram på TV Visjon Norge ei stund til, fram til vegen er lagd klar for begge plartane. Men Palmgren lovar at dei nye nett-sendingane skal halde på det beste frå det gamle.

– Uttrykket har nok endra seg litt allereie. Men me vil ta vare på mykje slik ein kjenner TV-sendingane våre til dei nye flatene.

«Dei har flytta meir over på nett»

Visjon Norge-sjef Jan Hanvold seier til Vårt Land at dei skiljes som «gode vener»:

– Me har hatt eit flott samarbeid med Evangeliesenteret i 17 år, men dei seinare åra har dei flytta meir og meir over på nett.

Hanvold fortel at sendepartnarar kjem og går, og at han var budd på at Evangeliesenteret kom til å avslutte.

Fekk gebyr på 250.000

Forbrukertilsynet ila i slutten av april Visjon Norge og Webshop eit gebyr på 250.000 kroner for marknadsføring av eit kosttilskot som tilsynet meiner «utnytter befolkningens frykt for å bli smittet av koronaviruset». Det blei reklamert for kosttilskotet på Facebook.

«Nå er vi anklaget for å ha solgt kosthold med agressiv markedsføring. Noe som ikke stemmer, så vi går imot dette forlegget på kr 250.000. Dette er tatt fullstendig ut av proporsjoner», melde Jan Hanvold på eiga Facebook-side kort tid etter at gebyret hadde blitt kjent.

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter