Nyheter

Krimteknikarar fann brennbar væske i kyrkja

– Det er grunn til uro, seier lensmann Erik Trønnes etter at krimteknikarane har undersøkt hendinga i Sel kyrkje.

Politiet seier no at Sel kyrkje blei forsøkt tent på natt til torsdag.

– Krimteknikarar frå Kripos og Innlandet politidistrikt blei ferdige på staden torsdag kveld. Det blei gjort funn av brennbar væske i kyrkja, seier Erik Trønnes, lensmann i Nord-Gudbrandsdal, til Vårt Land.

To glasruter i ei større vindaugsflate blei knust på kyrkja. Den brennbare væska er funne inne i Sel kyrkje.

På spørsmål om det blei funne for eksempel fyrstikker i kyrkja, seier Trønnes at dei foreløpig ikkje vil seie noko meir om krimtekniske funn.

– Men det er forsøk på brannstifting, slår lensmannen fast.

Politiet seier no at dei gjennomfører avhøyr og vil spørje rundt. Eitt av forholda som skal bli klarlagt er sal av brennbar væske.

• LES MEIR: Frykt i prostiet, nå blir det etablert vaktordning: – Det luktet tennvæske, forteller kirkeverge

Mogleg Dombås-band

Sel kyrkje ligg om lag fem kilometer nord for Otta sentrum i Sel kommune. Det er berre ein dryg halvtimes køyretur frå Dombås kyrkje som stod i brann 20. februar. I starten av mars slo politiet fast at Dombås kyrkje var tent på..

– Vi etterforskar framleis ein mogleg samanheng til Dombås-brannen. Vi køyrer parallelle etterforskingar, men samkøyrer. Det seier noko, fortel Trønnes i politiet.

Dombås kyrkje fekk store innvendige skadar. Truleg er det berre flaks at ikkje også Sel kyrkje blei skadd natt til torsdag.

• LES MEIR: – Urovekkende med to slike hendelser, sier prost etter nesten-brann i Sel kirke

Urolege for kyrkjer

Etter nesten-brannen i Sel fryktar prostiet for alle kyrkjene sine. Torsdag blei det oppretta ei vaktordning for kyrkjene.

– Dei kyrkjelege tilsette og folk i lokalmiljøet er urolege, seier Trønnes.

– Er det grunn til uro?

– Ja, det er det, for vi veit ikkje kor den eventuelle gjerningspersonen kjem frå.

Foreløpig har ikkje politiet nokon mistenkte. Framover vil Kripos gjere vidare undersøkingar i tillegg til taktisk etterforsking lokalt.

– Vi har fått inn tips, men vi oppfordrar framleis folk til å seie ifrå om dei veit noko. Kontakt oss, ver så snille, seier Trønnes.

Politiet går ut og spør om hjelp frå folk som kan ha passert Sel kyrkje i bil på E6 natt til torsdag i tidsrommet frå midnatt til 02:30. Dei ønskjer kontakt med bilar som har køyrt i både nord og sørgåande retning, og som har kamera med opptak i dashbordet.

Kirkeverge Jorunn Dagsloth Elvestad har vært ved Sel kirke i formiddag, der politietterforskningen allerede er i gang.
Kyrkjeverje Jorunn Dagsloth Elvestad vitja Sel kyrkje etter nesten-brannen natt til torsdag. Foto: Runar Tullut

Mange ringer

Det siste døgnet har politiet vore i kontakt med alle kommunane i distriktet, samt med kyrkjeråda. Politiet fortel i tillegg om telefonar frå store delar av Austlandet.

– Det er mange som er urolege. Vi blir spurt om brannen på Dombås og om nesten-brannen i Sel. Folk spør kva dei kan gjere for å sikre seg og kyrkje sine, seier Trønnes.

I Nord-Gudbrandsdal prosti har dei oppretta vaktordningar. Kyrkjeverje i Sel, Jorunn Dagsloth Elvestad, fortalde torsdag at nesten-brannen set spor.

– No må vi gjere alt vi kan for å verne om dei unike kyrkje våre, dette er ei hending som pregar staben sterkt.

Biskop i Hamar bispedømme Solveig 
Fiske inspiserte fredag brannskadene på 
Dombås kirke
Hamar-biskop Solveig Fiske framfor Dombås kyrkje etter brannen i februar. No håper på snarleg oppklaring. Foto: Erlend Berge

Forstår at folk er utrygge

Hamar-biskop Solveig Fiske var glad for vaktordninga. Ho meiner det viser handlekraft.

– Det er forståeleg at folk er utrygge. Ei snarleg oppklaring av både brannen i Dombås kyrkje – og forsøket på brannstifting i Sel kyrkje – vil vere avgjerande for å demme opp for den utrygge kjensla, sa Fiske til Vårt Land.

– Både kyrkjeleg tilsette og alle innbyggjarane i området er i mine tankar – og bønnar, sa ho vidare.

Tømmerkyrkje frå 1742

Sel kyrkje er ei korskyrkje som stod klar i 1742. Kyrkja er ein del av Sel sokn i Nord-Gudbrandsdal prosti, som ligg under Hamar bispedømme.

Kyrkja er teikna av arkitekt Knut Syversen Moen og er bygd i tømmer. Kyrkja har 250 sitjeplassar. Sel kyrkje blei restaurert i både 1920 og 1980 og har i dag vernestatus «automatisk listeført» hos Riksantikvaren.

LES MEIR:

• Brannen i Dombås kirke 20. februar var trolig påtent, ifølge politiet

• Her er listen over kirkebranner de siste 50 årene

• Vårt Land mener: Tragedien på Dombås må gi fortgang i sikringen av viktige kulturminner

• Bekymret for brannsikringen av norske kirker – direktevarsling kan ha reddet Dombås kirke

---

Nær brann i Sel kyrkje

  • Natt til torsdag fekk politiet melding om ei hending i Sel kyrje i Innlandet. Politiet opplyste at nokon hadde prøvd å setje fyr på kyrkja.
  • Politiet etterforskar om det er samanheng mellom skadeverket på Sel kyrkje og brannen i Dombås kyrkje 20. februar.

---

Les mer om mer disse temaene:

Hans-Olav Rise

Hans-Olav Rise

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter