Nyheter

KrF-Ulstein nektar å straffe palestinsk organisasjon om tilsett blir terrordømt

Utviklingsministeren er tindrande tydeleg: Sjølv om ein tilsett i ein palestinsk organisasjon blir dømt for terrordrap, vil ikkje han kutte støtta til landbruksorganisasjonen.

Ei drepen israelsk jente og ein arrestert palestinsk mann sette norsk bistand til frivillige organisasjonar på Stortingets dagsorden tysdag; særleg støtta til palestinske som prøver å byggje stat nedanfrå, såkalla sivilt samfunn-organisasjonar.

– Sjølv om han blir domfelt gjev det ikkje grunnlag for å trekkje støtta, understrekar utviklingsminister Dag-Inge Ulstein (KrF) frå Stortingets talarstol.

KrF-statsråden i Utanriksdepartementet er henta til Løvebakken av Framstegspartiet og representant Himanshu Gulati. Mannen Ulstein snakkar om er Samer Arbid, ein tilsett i Union of Agricultural Work Committees (UAWC), som arbeider med landbruk og jordrettar i Palestina.

Meir om han seinare.

Frp-representant er uroleg

Gulati, som er nestleiar i laget Israels Venner på Stortinget, har bede Ulstein kome for Frp-aren er uroa for at norsk bistand indirekte kan gå til palestinske organisasjonar som støttar terror. Gulati er særleg uroa for UAWC.

Her er ein tilsett blitt «arrestert for å ha vært involvert i gjennomføringen av terroraksjonen hvor en 17 år gammel israelsk jente ble drept», skriv Gulati i interpellasjonen, som initierte tysdagens ordskifte i Stortinget.

«Hvordan sørger norske myndigheter for at organisasjoner som mottar norske bistandsmidler, ikke direkte eller indirekte kanaliserer norsk støtte til organisasjoner som virker mot norsk utenrikspolitikk og som selv vil være diskvalifisert fra å motta norsk bistand?», lyder spørsmålet han ber Ulstein svare på.

Bombe ved vasskjelde drap jente

Først til saka; drapet.

23. august i fjor blei ei heimelaga bombe sprengt ved ei vasskjelde nær den israelske busetjinga Dolev på Vestbreidda. 17 år gamle Rina Shnerb mista livet. Faren og broren blei alvorleg skadde. Familien hadde oppsøkt vasskjelda som er eit populært turmål for israelske busetjarar.

Nær fem veker seinare arresterte israelsk politi tre menn, alle mistenkte for å vere ansvarlege for det som blei definert som ei terrorhandling; drapet på Rina Shnerb.

Palestinaren Samer Arbid blei peika ut som hovudmann av Shin Bet, Israels tryggingsteneste. I ei pressemelding skreiv dei at Arbid leia terrorcella, plasserte bomba nær vasskjelda og utløyste ho då familien Shnerb kom nære nok.

I september melde TV-kanalen AlJazeera og avisa Haaretz at Samer Arbid blei forhøyrt så hardt av israelsk politi, at han enda opp på sjukehus, medvitslaus.

Media skreiv at forhøyarane hadde fått lov til å bruke «ekstraordinære verkemiddel» i utspørjinga av Arbid, altså tortur.

Omstridd israelsk organisasjon

I oktober kopla avisa Jerusalem Post Samer Arbid til Folkefronten for frigjering av Palestina (PFLP), ei væpna palestinsk rørsle som står på terrorlista til EU og USA - og til Norsk Folkehjelp.

Avisa skreiv at Samer Arbid har vore knytt til Addameer, som særleg arbeider med palestinske fangar i israelske og palestinske fengsel og at han arbeider UAWC, som er ein av Folkehjelpas viktigaste partnarorganisasjonar i Palestina. Begge dei palestinske organisasjonane har indirekte fåẗt pengestøtte frå Norges bistandsbudsjett.

Jerusalem Posts kjelde var israelske NGO Monitor, ein organisasjon som overvakar palestinske organisasjonar som mottek utanlandsk støtte - og som er svært omstridd. Statssekretær Audun Halvorsen (H) i Utanriksdepartementet opplyser til Bistandsaktuelt at dei kjenner godt til NGO Monitors arbeid: «Organisasjonen har en tydelig politisk slagside.»

Skilnad på arbeidstid og fritid

Før debatten starta i Stortinget opplyste Norsk Folkehjelp at «Samer Arbid er ansatt i UAWC», men er «ikke mistenkt for handlingene i kraft av sitt ansettelsesforhold. Han har blitt arrestert for handlingene han har blitt anklaget for og utsatt for mishandling/tortur», skriv Folkehjelpa, og legg til: «UAWC kan ikke holdes ansvarlige for handlinger ansatte utfører som privatpersoner».

Det er KrFs utviklingsministeren samd i.

Ulstein fordømmer terror

I Stortinget fordømmer Ulstein terror:

– Eg fordømmer åtaket på det sterkast, seier han og viser til bomba som drap Rina Shnerb

Og rosar UAWC:

– Organisasjonen får to millionar årleg via Norsk Folkehjelp, og er mellom dei eldste palestinske.

Utviklingsministeren forklarar at UAWC driv med aktivitetar som går til kjerna av kva sivil samfunn-organisasjonar arbeider med, og samanliknar UAWC med norske Bonde- og småbrukarlaget.

Ulstein dreg fram at inspeksjonar og undersøkingar av UAWC, gjort av både norske og utanlandske bistandsstyresmakter, ikkje har avslørt at organisasjonen støttar opp om terror.

Til dette repliserer Gulati at «det er viktig å stille spørsmål» og ha «en debatt».

Terrorstemplar organisasjonar

Kommunikasjonsrådgjevar Jørn Henning Lien i Folkehjelpa skriv i ei kunngjering at «internasjonalt har beskyldninger om terror lenge blitt brukt for å ramme meningsmotstandere. De man er uenig med blir stemplet som terrorister, og deretter forsøker man å hindre deres lovlige og legitime virksomhet».

Samer Arbid er framleis fengsla.

LES MEIR

---

Støtte

  • Regjeringa deler i år ut 7,5 milliardar kroner til frivillige organisasjonar, såkalla sivilt samfunn-organisasjonar.
  • Norges samla bistandsbudsjett er i år på nær 40 milliardar kroner.

---

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter