Nyheter

Tankesmie: Ekstremisme er saudi-finansiert

Utanlandsk finansiering av islamistisk ekstremisme i Storbritannia kjem i hovudsak frå Saudi-Arabia.

Konklusjonen blei lagt fram i ein rapport frå den britiske tankesmia Henry Jackson Society i 2017.

Den saudiarabiske ambassaden i London stempla rapporten som «kategorisk falsk».

Ateisme = terror

Saudi-Arabia­ praktiserer den strenge wahhabi-versjonen av islam, som gjev presteskapet kontroll over domstolane. Det er ikkje lov å offentleg å praktisere andre religionar enn islam, og det er ingen opning for andre gudshus enn islamske. Ateisme blir definert som terrorisme.

Ifølge rapporten frå ­Henry Jackson Society har olje­landet sidan 1960-talet brukt store summar på å promotere den ­fundamentalistiske ­retninga i den islamske verda, og i ­muslimske samfunn i Vesten, gjerne i moskéar.

LES MEIR: Dansk moské fekk 6,6 millionar frå Saudi-Arabia.

Ekstremistisk

Finansieringa skal hovudsakleg ha kome i form av støtte til moskéar som igjen har vore vertskap for ekstremistiske predikantar og som har ­distribuert ekstremistisk litteratur.

Rapporten meiner også å ­kunne dokumentere at nokre av dei mest radikale, islamistiske hatpredikantane har studert i Saudi-Arabia som ein del av stipendprogram.

LES MEIR: SV: Pengestøtte frå autoritære regime er ein uting 

Pengestraumar

Magnus ­Ranstorp, terrorforskar ved Försvarshögskolan i Sverige, fortel til det danske magasinet Ræson at det går store pengestraumar frå ­Midtausten til Europa for å ­utbreie wahhabisme og salafisme.

Wahhabisme er den fundamentalistiske versjonen av islam som dominerer i Saudi-Arabia. Salafistar er motstandarar av demokrati og fridomsrettar, og dei løfter aktivt fram intoleranse, diskriminering og hatefull tale mot andre grupper, særleg jødar og sjiamuslimar.

LES MEIR:

Måtte velje mellom å vere imam eller ektemann

Danmark strammer grepet om moskeene…

Koranbrenner kan bli valgt i Danmark

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter