Nyheter

Stålsett: Eg er budd på å ta den straffa tingretten dømmer meg til

Klokka ti torsdag benkar ­Gunnar Stålsett seg i Oslo tingrett. ­Påtalemakta vil ha han fengsla i 45 dagar utan vilkår.

– Eg er budd på å ta den straffa tingretten dømmer meg til, seier Stålsett til Vårt Land. Han trur saka blir sluttført i tingretten.

Den tidlegare biskopen i Oslo har vedgått det politiet seier han har gjort; han har brote ­utlendingslova over år. Han har tilsett ein ­ureturnerbar asylsøkjar som vaskehjelp.

Difor er Stålsett sikta for «forsettlig eller grovt uaktsomt å ha gjort bruk av en utlendings arbeidskraft når utlendingen ikke har nødvendig tillatelse etter loven».

– Korleis har du førebudd deg til rettssaka?

– Eg ønskjer ikkje å kommentere dette eller svare på andre spørsmål om sjølve rettssaka før eg skal forklare meg i tingretten, seier Stålsett.

– Men om me spør om reaksjonane du har fått ­sidan siktinga blei kjent; kva reaksjonar har du fått?

– Overveldande positive. Eg trur det berre er ­to–tre negative som har nådd meg direkte.

Seier han utfører sivil ulydnad.

I intervjuet med Vårt Land i­ ­august forklarte Stålsett at han har brote loven, men at det handlar om sivil ulydnad. Han oppfattar forbodet mot å gje arbeidsløyve til ureturnerbare asylsøkjarar som ei «umoralsk ordning». Difor vil han ha utlendingsloven endra.

– Loven bør reflektere at miskunn er ein ­viktig verdi i ein rettsstat, sa Stålsett til Vårt Land i ­november då siktinga blei gjort kjent.

Biskopen har tilstått lovbrotet

Tingretten har berre sett av ein time til rettssaka. Det skuldast at ho går som tilståingssak. Når den sikta har tilstått lovbrotet, utan atterhald, og strafferamma er mindre enn ti år, kan retts­saker gå som ei tilståingssak. Sikta møter i retten og forklarar seg om punkta i siktinga, men saka blir ført utan meddommarar eller provføring.

Dette betyr at Stålsett får høve til å forklare seg for retten - noko han vil gjere. Når sikta har tilstått utan atterhald, skal han ha strafferabatt. Dette har aktor teke omsyn til når han ber retten fengsle Stålsett i halvanna månad.

Stålsetts lovbrot kan straffast med bøter eller fengsel i inntil to år. Dom i saka blir forkynt klokka 14 torsdag.

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter