Med kølappane i hendene ventar ei ny gruppe på å bli registrerte inn på det statlege mottakssenteret i Moria. Dei har kome til øya Lesvos i open gummibåt frå Tyrkia. Dei skal dyttast inn i ein allereie sprengfull Moria- leir.
Ei veke før jul melder Aegean Boat Report at rekordmange flyktningar og migrantar har kome seg over havet mellom Tyrkia og fem greske øyar heilt aust i Middelhavet: 56.000 personar. Tilstrøyminga er opp vel 84 prosent samanlikna med 2018.
Berre i Moria-leiren på Lesvos, som er dimensjonert for 3.000, er no om lag 18.000 menneske stua saman under svært kummerlege kår.
SV omtalar det som «menneskeskapt katastrofe»
Karin Andersen (SV) feller ein knusande dom over mottaksapparatet på øyane som ligg tett inntil Tyrkia, feller:
– Flyktningleirane i Hellas er eit rent helvete. Det er lite mat, dårlege klede og sko, kulde, søppel og kloakk. Kvar dag kjem fleire livredde flyktningar hit – og dei blir verande her i årevis.
Leiaren i Stortingets kommunalkomité har denne julehelsinga:
– Det er ein menneskeskapt katastrofe som Europa og Norge brutalt overser.
Rekordfå søkjer asyl i Noreg i år
Ei veke før jul slutthandsamar Stortinget årets statsbudsjett. Fordi rekordfå søkjer asyl i Norge i 2019, klarar korkje Kunnskaps- og integreringsdepartementet eller Justisdepartementet å bruke opp alle budsjettkronene som skulle gå til asyl-, flyktning- og integreringstiltak. 241,7 millionar kroner er ubrukt.
Medan flyktningar strøymer inn i Europa ved yttergrensa, opplyser Utlendingsdirektoratet (UDI) at berre 2.136 personar hadde levert inn ein asylsøknad ved utgongen av november.
Ber Noreg avlaste hellas
SV ønskjer å bruke dei ubrukte budsjettmidla til å hjelpe nokre av dei som sit i overfylte, greske mottak. I to innstillingar frå Stortingets kommunalkomité legg foreslår partiet dette:
«Stortinget ber regjeringen raskt avlaste Hellas og ta imot asylsøkere fra de overfylte leirene, herunder prioritere enslige mindreårige asylsøkere og enslige forsørgere for asylbehandling i Noreg, i den utstrekning som lar seg gjøre innenfor en bevilgning på 241,7 mill. kroner.»
FN-bøn om å tøme leirar
SV viser til at den greske regjeringa prøver å få fleire land i Europa til å ta imot mellom anna einslege mindreårige asylsøkjarar utan hell, og at FNs høgkommissær for flyktningar i slutten av november ba dei europeiske landa om å hjelpe Hellas med krisa på øyene Lesvos, Chios, Samos, Kos og Leros.
Oppmodinga kom etter at høgkommissær Filippo Grandi vitja ein flyktningleir på Lesvos.
– Siv og Erna seier nei, men er det verkeleg mogleg at KrF, Venstre, Ap og Sp ikkje eingong vil vere med å bruke dei pengane som skulle brukast til flyktningar, til akutthjelp til barn og familiar som har hamna i helvetet i Hellas, spør Andersen.
Stortingsfleirtalet avviser forslag
I dag blir SVs forslag handsama i Stortinget. Her blir det stemt ned av storkoalisjonen på asyl- og flyktningfeltet – Høgre, Framstegspartiet, Arbeidarpartiet og Senterpartiet. KrF står saman med Høgre og Frp.
I innstillinga frå kommunalkomiteen skriv KrFs representant, Torhild Brandsdal, seg saman med Høgre og Frp og seier at «returutfordringene til Hellas ikke løses ved at Norge tar imot migranter uten beskyttelsesbehov, men at en slik tilnærming kan føre til at flere migranter uten beskyttelsesbehov kommer til Hellas».
Dei tre regjeringspartia peikar vidare på at regjeringa gjev Hellas rause bidrag via EØS-løyvingane. Det skjer med 33 millionar euro for perioden 2014-2021, retta særleg mot einslege mindreårige og «andre sårbare grupper».
UD godt nøgd med Hellas-hjelp
Utanriksdepartementet opplyser at Noreg hjelper Hellas i Hellas:
– Å finne gode løysningar for handteringa av flyktningar og migrantar som kjem til Hellas, er eit felles europeisk ansvar. Gjennom EØS-midla bidreg Norge til styrking av heile asylhandteringa i Hellas, seier statssekretær Jens Frølich Holte (H).
LES MEIR
• Ein gresk tragedie - Vårt Land vitja Moria-leiren
• Opprop mot KrF-ledelsen om ureturnerbare asylsøkere
---
Fakta:
- FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) opplyser at Hellas husar rundt 100.000 flyktningar og migrantar.
- 40.000 er stua saman i leirar på øyane Lesvos, Chios, Samos, Kos og Leros.
- Den greske regjeringa har lova å flytte folk frå øyane til fastlandet og betre leirar, men få er blitt flytta.
---