Nyheter

Setesdalskulturen blir verdsarv

UNESCO har talt: Dans-, song- og spelekulturen i Setesdal kom inn på UNESCOs verdsarvliste.

Hallvard T Bjørgu

Torsdag ettermiddag blei søknaden frå Setesdal spelemannslag om å få Setesdals-kulturen inn på UNESCOs verdsarvliste klubba igjennom.

Folkedans, stev og musikk blir dermed såkalla immateriell kulturarv. UNESCO er FNs organisasjon for utdanning, vitenskap, kultur og kommunikasjon.

Leiar i Setesdal spelemannslag, Astri Rysstad, jublar:

- Heilt fantastisk. Me er veldig glade og stolte no, seier ho til Setesdølen.

Delegasjon jublar

Ho er på UNESCOs konferanse i Bogota i Colombia saman med ein delegasjon frå spelemannslaget samt fylkesordførar i Aust-Agder, Gro Bråten.

- Dette viser kva kulturarven i Setesdal er, og det seier mykje om det solide arbeidet som er gjort, seier Bråten.

«Betyr uendeleg mykje»

Spelemannen og kulturarbeidaren Gunnar Stubseid er også i Bogota - og jublar:

- For meg som tilhøyrer den eldre garde av utøvarar i Setesdal så er det stort å få oppleve at musikk- og dansetradisjonane i Setesdal kjem inn på UNESCOs verdsarvliste. Dette vil bety uendeleg mykje for musikken og dansen både i Setesdal og landet elles, seier Stubseid til Setesdølen.

Søkte for sju år sidan

Heilt sidan 2012 har Setesdal Spelemannslag arbeidd for å få dei stolte kulturtradisjonane frå Setesdal til å bli ein del av verdensarvlista for immateriell kulturarv. Innsatsen er blitt gjort for at folkemusikken, stevkunsten, dansen og slåttespillet ikkje skal gå tapt.

---

Fakta:

---

Enkelte av artiklene i Vårt Land er forbeholdt abonnenter. Vi jobber hver dag for å levere dagsaktuelle nyheter og god journalistikk. Bli abonnent og få tilgang til alt innholdet vårt. Er du allerede abonnent? Takk for at du støtter oss så vi kan fortsette å levere kvalitetsjournalistikk hver dag!

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter