Nyheter

Kirkens Nødhjelp ber om «kraftfull lov»

To av tre nordmenn  vil ha importforbod mot varer produsert totalt eller delvis  gjennom barnearbeid.

Funnet kjem fram i ei ­undersøking Respons Analyse­  har  gjort  for Kirkens Nødhjelp (KN). I same undersøking seier over halvparten at dei er villige til å betale meir for varer som garantert ikkje er produserte med barnearbeidarar.

Ønskjer juridisk rammeverk

KNs generalsekretær Dagfinn Høybråten etterlyser difor det han kallar ein «kraftfull lov» for å nedkjempe barnearbeid i produksjonskjedene. Han har forventingar til arbeidet med ein ny etikkinformasjonslov.

– Det er avgjerande at regjeringa innfører eit juridisk rammeverk, slik at det ikkje lenger er frivillig å hindre menneskerettsbrot. Dette må bli obligatorisk for alle selskap som opererer i Norge, meiner Høybråten.

Han dreg fram eit konkret døme som han meiner alle nordmenn kjenner til; mineralet cobolt i mobilen.

LES MEIR. Store selskap klarer ikke å sjekke hvor mineraler kommer fra

«Tydeleg beskjed»

– Det er ei grov krenking av menneskeverdet når barn jobbar under slaveliknande tilhøve, til dømes i uregulerte gruver i Kongo. Vi kan ikkje vete om desse minerala blir brukt i mobiltelefonar som blir selde i Norge. Slik kan me ikkje ha det, og det seier nordmenn tydeleg frå om i vår undersøking, seier KN-sjefen.

Høybråten opplyser at tal frå ILO fortel at totalt 152 millionar barn er i barnearbeid, og 16 millionar personar er ofre for tvangsarbeid i privat sektor.

Enkelte av artiklene i Vårt Land er forbeholdt abonnenter. Vi jobber hver dag for å levere dagsaktuelle nyheter og god journalistikk. Bli abonnent og få tilgang til alt innholdet vårt. Er du allerede abonnent? Takk for at du støtter oss så vi kan fortsette å levere kvalitetsjournalistikk hver dag!

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter