Nyheter

Israelsk selskap tilbyr surrogatmødrer på Oslo-arrangement

Laurdag byr eit israelsk selskap fram surrogatmødrer på eit seminar. – Dei bryt bioteknologiloven, seier nestleiar i Stortingets helsekomité. Surrogati er ulovleg i Norge.

«Drømmer du om å få barn? Nordic Surrogacy tilbyr egg­donasjon og surrogati for ­ufrivillig barnløse og infertile på klinikker i utlandet, for eksempel i USA, Colombia, Georgia og Ukraina.»

Slik presenterer Tammuz Nordic Surrogacy arrangementet i Oslo laurdag. Her skal firmaet ­fortelje «mer om våre programmer og tjenester, og om hvordan du kan få barn». Målgruppa er norske «heteroseksuelle par, enslige og likekjønnede par».

LES MEIR: Helsedepartementet svarar: – Opp til domstolen å avgjere om arrangementet er lovleg

Sp-talskvinne: Dette er eit salsmøte

På Stortinget ­reagerer nestleiaren i helse­komiteen sterkt på arrangementet:

– Dette er ikkje akseptabelt, for det såkalla seminaret er eit fordekt salsmøte, seier Kjersti Toppe, som også er Senter­partiets helsepolitiske tals­kvinne.

– Her snakkar me om eit firma som legg til rette for kjøp og sal av surrogatitenester.

Sp-toppen er sikker i sak:

– Salsmøter som dette er brot på bioteknologiloven.

Stortinget sa nei til surrogati

Me spolar halvanna år tilbake i tid.

15. mai i fjor sa Stortinget nei til surrogati då det behandla ­bioteknologimeldinga. Norske kvinner får ikkje lov til å bere fram barn i Norge mot betaling. Stortinget sa også nei til å straffeforfølgje nordmenn som kjøper surrogati­tenester i utlandet, men sa at medverknad er straffbart. «Den som forsettlig overtrer loven eller bestemmelser gitt i medhold av loven straffes med bøter eller fengsel i inntil tre ­måneder. Medvirkning straffes på samme måte», står det i dagens lov. Regjeringa skal leggje fram forslag til ny bioteknologilov innan jul.

Samstundes som bioteknologimeldinga blei behandla i fjor, påla Stortinget ­regjeringa å arbeide aktivt for å stoppe utnyttinga av kvinner i den internasjonale surrogati-industrien.

Barnlause skal få hjelp

November 2019. På eit Oslo-hotell blir alt gjort i stand til innrykk av single og par som ønskjer hjelp med å få barn:

«I forbindelse med seminarene booker vi også gratis konsultasjonsmøter. Så nøl ikke med å ta kontakt, så setter vi oss ned sammen i fred og ro og ­snakker om surrogatprosessen med ­utgangspunkt i deres forutsetninger», skriv Tammuz Nordic Surrogacy i presentasjonen av laurdagens møte.

Selskapet er den ­nordiske ­filialen til israelske ­Tammuz ­Family, som ifølgje eiga ­heimeside «er et av verdens ­ledende surrogat- og fertilitets­selskaper». Sidan oppstarten i 2008 har Tammuz Family hjelpt rundt 800 ufrivillig barnlause med å bli foreldre.

LES MEIR: Ønsker norske surrogatmødre

Tammuz: Me bryt ikkje loven

Shlomo ­Ruimi-Askildsen, som er norsk representant for Tammuz Nordic Surrogacy, avviser at dagens ­arrangement er eit salsmøte:

– Eg er ingen seljar, eg skal berre fortelje min historie på seminaret. Difor bryt me heller ikkje den norske bioteknologiloven.

Saman med ektemannen blei Shlomo Ruimi-Askildsen far til tvillingar med hjelp frå ei ­surrogatmor i USA. Ekte­paret fekk hjelp av Tammuz til å ­gjennomføre surrogatiprosessen. På heimesida til Tammuz står han oppført under «Ansatte hos Nordic Surrogacy».

Sp etterspør gransking

Kjersti Toppe, som er nestleiar i Stortingets helse­komité, meiner Tammuz må stoppast, for selskapet kan ikkje halde fram med å invitere til det ho kallar salsmøter i Norge.

– Aktiviteten deira må ­granskast, for han er i strid med lovverket.

Sps Kjersti Toppe varslar at ho vil ta saka opp med Høgres ­helseminister:

– Eg kjem til å sende han eit skriftleg spørsmål, og be om ei avklaring.

LES MEIR: India forbyr surrogati til utelendingar

Ros frå Høgre-politikarar

På heimesida til ­Tammuz Nordic Surrogacy står to ­Høgre-politikarar fram og ­fortel om gleda ved å få barn via ­surrogatmødrer:

«Jeg kan si at vi har fått hjelp av en kvinne i Canada. Vi er blitt godt kjent med henne gjennom denne prosessen. Det er fantastisk raust av henne å hjelpe oss», fortel Ole Ueland.

Fram til kommunevalet var han ordførar i Sola kommune. No sit han i kommunestyret.

«Vi var tidlig ute i Norge. Vi ­føler at vi har vært et eksempel for mange homofile og heterofile. Vi har vist at det går an, og nå tar vi kampen offentlig også», fortel Geir Kvarme, han sat i Oslo bystyre fram til valet i september.

Korkje Ueland eller Kvarme har fått hjelp av Tammuz Nordic Surrogacy.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter