Kvinnelege teologistudentar på VID Vitskapelege høgskule i Stavanger opplever at mannlege medstudentar sender dei til helvete, fortel Stavanger Aftenblad. Kvinnene får beskjed om at yrkesvalet deira er feil eller at dei kan ende opp i helvete som eit resultat av at dei vil bli prestar. Nokre kvinner opplever at det blir stilt spørsmål ved prestekallet deira – er det verkeleg ekte?
Det kan jo hende dei har misforstått eller heilt medvite vender seg bort frå Gud?
Kvalifiserte
Det er rart korleis menn alltid forstår eit kall til å bli prest heilt rett. At dei kan seie: «Eg vart kalla til dette yrket» – og at ingen set spørsmålsteikn ved det.
Menn vil alltid vere kvalifiserte til å bli prest i eigenskap av å vere menn. Kvinner derimot vil ofte oppleve at det blir stilt spørsmålsteikn ved deira forhold til Gud – og til kallet dei har fått.
Slike meldingar blir ekstra vanskelege når dei kjem frå dei du går på førelesing og seminar saman med kvar veke, skriv akkurat dei same oppgåvene, tar akkurat dei same eksamenane, gjennomfører den same praksisen, for så å bli stempla som ikkje kvalifisert fordi du er kvinne og ikkje mann.
Kvinnesyn
Kvinnene vil oppleve at dei blir utsette for falsk omtanke frå nokon som veit betre. «Viss eg berre kan få forklare deg konsekvensane av at du som kvinne blir prest, vil du kanskje endre meining og forstå at du ikkje har fått dette kallet».
I Stavanger fortel kvinnelege teologistudentar at kvinnelege prestar blir sett ned på i uformelle samtalar utanfor klasserommet. Ein av VID-studentane fortel Stavanger Aftenblad at ho har vore vitne til slik omtale i ei bibelgruppe, men at ho ikkje har sagt frå.
Det er ikkje så rart, det skal mykje til å opne munnen i slike situasjonar og protestere, sidan eit negativt syn på kvinnelege prestar ofte har ei dobbel meining: Ikkje berre seier ein at dei ikkje er skikka til det, men ein seier òg at dei kvinnene som likevel blir prestar er eit prov på at ein har rett fordi dei ved å velje dette yrket tydelegvis ikkje har forstått Bibelen rett.
«Polemiske»
Bakgrunnen for striden på VID, er ei fersk bok, Skal kvinnene tie? Blant redaktørane er Knut Alfsvåg. Han er professor på høgskulen – og motstandar av ordinasjon av kvinnelege prestar.
Studentane ved høgskulen fortel at Alfsvåg er ryddig og balansert som førelesar – og Gunnhild Maria Hugdal, som melde boka i Vårt Land 18. oktober, skriv at han er påliteleg. Dessverre gjeld ikkje dette for alle dei andre tekstane i boka. Hugdal skildrar to av dei som «polemiske, bombastiske og skråsikre på Guds vegne». Det same kan kanskje seiast om dei som har hinta til medstudentar om kva konsekvensar prestegjerninga deira vil få for livet etter døden.
Førebilete
Midt i striden er det likevel eit lyspunkt. Leiinga på VID seier tydeleg frå om at teologiutdanninga på høgskulen er for alle. Konstituert rektor Bård Mæland skriv i Vårt Land at alle studentar er velkomne på studia deira, og at ein skal ta vare på det teologiske meiningsmangfaldet.
VIDs tydelege tale bør vere eit førebilete for både kristne forsamlingar og andre kristne utdanningsinstitusjonar. På den eine sida er dei tydelege på at det er rom for Alfsvåg og andre som har eit anna syn i kvinneprestspørsmålet. På den andre sida tar dei eit tydeleg oppgjer med grumsete haldningar og støttar opp om dei kvinnelege studentane som opplever at det blir stilt spørsmål ved yrkesvalet deira.
Livsval
NRK fortalde i fjor at berre ein av seks prestar er under førti år. Med slike framtidsutsikter er det viktig å gi ei utdanning til dei som har eit ønske om og eigenskapane til å bli prest, uansett kjønn. Dei som vel denne utdanninga må sleppe å oppleve at det blir stilt spørsmål ved kallet deira. For er det ein ting eg ikkje er i tvil om, så er det at kvinner blir dyktige prestar. Og kanskje burde fleire menn reflektere over eige kall, og om dei er førehandskvalifiserte i eigenskap av kjønn. For kanskje er det slik at viss du dømmer medstudentar til helvete på grunn av utdanningsvalet deira, så passar du ikkje til å vere prest i ein kyrkjelyd kor det heilt sikkert er nokon som tar livsval du er usamd i.
LES MEIR:
• VID-rektor Bård Mæland: «Debatten om kvinners prestetjeneste er over»
• Anmeldelse: «Kan det skrives godt om kvinneprestspørsmålet i 2019?»