Nyheter

Trur på investorpress

Norske næringslivsleiarar er skeptiske til kinesiske selskap som er kritisert for å bidra til overgrep mot uigurane i Kina. Krav frå investorar kan fungere like bra som boikott, meiner Frode Elgesem.

– Me har ikkje investert i dei aktuelle selskapa som USA har svartelista, seier konserndirektør for kapitalforvalting i Storebrand, Jan Erik Saugestad.

Han har fått med seg at USA nyleg svartelista ei rekkje kinesiske selskap fordi dei skal vera tett knytte til menneskerettsbrot på muslimske minoritetar i Xinjang-provinsen i Kina.

Vårt Land har fortalt at Oljefondet til saman har investert for rundt 1.2 milliardar kroner fordelt på fire av dei svartelista selskapa.

LES MEROljefondet tungt inne i svartelista selskap.

Balanse

Opplysningane om dei kinesiske selskapa gjer Saugestad skeptisk.

– Hadde me investert i eitt av dei, så hadde det absolutt vore noko å undersøke nærare, seier Saugestad.

– Samstundes er det viktig å finna ein balanse, fortel konserndirektøren. Han meiner eit aktivt eigarskap og deling av informasjon kan få selskap og verksemder til å bevege seg i rett retning.

Han nemner eit døme der Storebrand valde å ekskludere Telia etter at dei ikkje kunne sikre personvern og rett til ytringsfridom til kundane deira i Usbekistan. Etterpå endra Telia retning.

– Me fortsette å ha dialog med dei og såg at også Telia valde å trekkje seg ut av den usbekiske marknaden i 2018. Difor har me no investert att i Telia, fortel Saugestad.

Ansvarleg næringsliv

Leiar for Kontaktpunktet for ansvarleg næringsliv, Frode Elgesem, arbeider med å fremme OECD sine retningsliner for fleirnasjonale selskap. Han vil ikkje kommentere enkeltsaker, men fortel at det er forventa av institusjonelle investorar at dei gjennomfører varsame vurderinger relatert til menneskerettar.

I nokre døme kan det vera ein fordel at ein engasjert investor som set krav og følger opp forhold omkring menneskerettar er inne, enn å gå ut og overlata det til andre som ikkje bryr seg om det. Det set krav til at investor skaffar seg informasjon om forholda og vurderer investeringa med jamne mellomrom. For å forebygge tap av omdøme, kan det vera nyttig å rapportere offentleg om kvifor ein ikkje trekker seg ut og korleis investeringa blir følgd opp.

– Det blir sjølvsagt spørsmål om ein bør trekkje seg ut dersom det blir oppdaga alvorlege menneskerettsbrot, men det er ikkje alltid den einaste løysinga, seier Elgesem.

Etisk bankguide

Forbrukerrådet og Framtiden i våre hender utfører i lag med Etisk bankguide ein omfattande gjennomgong av retningslinene til bankane knytt til samfunnsansvar, etikk og berekraft.

Best ut kjem Cultura Bank med ein poengscore på 98 prosent. Dei blir etterfølgde av Storebrand med ein score på 81 prosent. Dårlegast ut kjem Sparebank 1 Nord-Norge og Sparebank 1 SR-bank. Oversikt over heile kåringa kan ein finna på Etisk bankguide sine nettsider.

Les mer om mer disse temaene:

Jo Arne Hansen Marvik

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter