Nyheter

Oljefondet tungt inne i svartelista selskap

USA svartelistar kinesiske selskap som dei meiner undertrykker uigurfolket i Kina. Oljefondet har investert stort i selskapa.

Trump-administrasjonen har nyleg svartelista ei rekke nye kinesiske selskap. Dei er bekymra for at selskapa skal ha ei sentral rolle i undertrykkinga av det muslimske minoritetsfolket i Xinjang-provinsen, melder New York Times.

Selskapa som er svartelista har verksemd knytt til overvakingsutstyr, kunstig intelligens og talegjenkjenning, og skal vere sentrale i ei systematisk overvaking av spesielt det muslimske uigurfolket i Xinjang-provinsen.

Handelsdepartementet i USA identifiserer selskap som er involvert i, eller som er mistenkte for å bli involverte i, verksemd som strir mot amerikansk tryggleik eller amerikanske utanriksinteresser. Dei blir oppførte på ei liste med namnet «The Entity List». Selskapa på lista blir boikotta og hindra i å handla produkt og komponentar frå amerikansk næringsliv.

Graverande

– Me forventar at Oljefondet no følger etter og fjernar investeringene i desse selskapa, for ikkje å vere medansvarlege for overvaking og systematiske menneskerettsbrot mot uigurane.

Det seier politisk rådgivar i Amnesty International Norge, Ingrid Stolpestad. Noreg med Statens pensjonsfond, betre kjent som Oljefondet, sit med tunge investeringar i fleire av dei selskapa amerikanske styresmaktar vel å boikotte og svarteliste.

På lista er blant anna Hikvision og Dahua Technology, to store produsentar av overvakingsutstyr og overvakingstenester. Oljefondet har 200 millionar i Dahua Technology og har ein verdi på omtrent 950 millionar kroner i Hikvision. Talet for sistnemnde var i 2017 på 339 millionar.

– Det er graverande å sjå at Oljefondet bortimot tredobla investeringar her, seier Stolpestad.

Dei har også mindre investeringar i svartelista Iflytek og Yixin, som høvesvis driv med talegjenkjenning og nanoteknologi. Alle skal ifølge Trump-adminstrasjonen vere knytt til undertrykking og menneskrettsbrot, spesielt retta mot uigurfolket og andre muslimske minoritetar.

 

Etikkrådet

Oljefondet investerer i så godt som alle børsnoterte selskap i verda, dersom det ikkje er etiske grunner til å trekke seg ut. Etikkrådet fortel at dei er klar over sanksjonane til dei amerikanske styresmaktene. Dei ønsker ikkje kommentera korleis dei har vurdert selskapa, men fortel at dei er godt kjende med saka.

– Me kjenner godt til saka, utan at me nødvendigvis følger amerikanske styresmaktar i alle vurderingane dei gjer, seier rådsmedlem i Etikkrådet, Aslak Skancke.

Ifølge eigne kriterier skal ikkje Oljefondet investere i selskap som medverkar eller er ansvarlege for menneskerettsbrot. Dei skal heller ikkje investere i selskap som produserer militært materiell som gjennom vanleg bruk bryt med grunnleggande menneskerettar.

Amnesty International Norge har vore spesielt opptatt av norske investeringar i Hikvision. Generalsekretær, John Peder Egenæs, uttala i 2018 at dette var eit tydeleg brot på dei etiske retningslinene. Etikkrådet ved Johan H. Andresen var på den andre sida usikker på om eit selskap som sel slik teknologi kan reknast som ansvarlege for menneskerettsbrot. Etikkrådet er eit uavhengig organ som skal gi råd til Oljefondet om selskap som eventuelt bør utelukkast.

LES OGSÅ: Islamister kupper uigurenes sak

Tunge prosessar

Regjeringa sette i april ned eit utval som skal granske dei etiske retningslinene som Oljefondet skal operera etter. Politisk rådgivar i Amnesty fortel at dei lenge har argumentert for at Noreg burde endra investeringsprosessane deira, spesielt knytt til verksemd i land som har omfattande menneskerettsbrot. Dei argumenterer for å endre prosessen til ei førehandsvurdering.

– I staden for å sjekka selskap for menneskrettsbrot etter at investeringa er gjort, burde dei på førehand undersøke og filtrere ut selskap som me veit er knytt til land eller sektorar med omfattande brot på menneskerettar, fortel politisk rådgivar Ingrid Stolpestad.

Utvalet skal levera utreiinga innan 15. juni 2020.

Verdi

Oljefondet kan snart nå ein verdi på 10.000 milliardar kroner. Frå 2000 til 2010 steig Oljefondet frå ein verdi på 386 milliardar kroner til 3.000 milliardar. I berre dei siste ni åra har Oljefondet tredobla seg. Ingrid Stolpestad meiner fondet ikkje er rigga for dei etiske utfordringane dei står overfor. Med tanke på storleiken til fondet og menneskerettsituasjonane i dei marknadane de er inne i, må det bli tatt grep, meiner ho.

– Me vil ha eit menneskerettsvenleg fond, seier Stolpestad.

LES OGSÅ: Kom med millionsedler og ba Oljefondet bli grønt.

---

Dette er saka

  • Handelsdepartementet i USA har lagt til 28 nye kinesiske selskap i lista over selskap som blir hindra ifrå å kjøpa produkt og komponentar frå amerikanske bedrifter. Oljefondet har investeringar i fire av dei.
  • Lista til handelsdepartementet («The Entity List») identifiserer selskap som er involvert i, eller som er mistenkte til å bli involvert i, verksemd som strider mot amerikansk sikkerheit eller amerikanske utenriksinteresser.
  • Handelsdepartementet grunnla oppdateringa med at dei kinesiske selskapa skal vera innblanda i menneskerettsbrot og undertrykking av spesielt muslimske minoritetar i Xinjang-provinsen.
  • På den nye listeoppføringa er selskap med verksemd innan overvaking, talegjenkjenning, kunstig intelligens i tillegg til lokale sikkerheitsselskap i regionen.
  • Det hvite hus har nekta for at oppdateringa er knytt til handelskrigen mellom USA og Kina.

---

Les mer om mer disse temaene:

Jo Arne Hansen Marvik

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter