– Slik vil me ikkje ha det. Hønefoss er eigentleg ein trygg by, så politiet må finne gjerningsmennene.
Aref Husseini har klare krav til politiet etter at to personar laurdag gjekk til åtak på afghansk asylsøkjar som var på skogstur saman med sonen på sju år.
Slegen og skadd
Vårt Land møter Aref Husseini og ei gruppe medelevar frå Hønefoss vidaregåande skule. Dei er på rebusløp inn i Schjongslunden, eit populært turområde sør i Hønefoss.
Det var her far og son var på tur då dei blei opplevde at to menn laurdag ettermiddag gjekk til åtak på dei. Faren blei slegen og lettare skadd, medan sonen blei dytta over ende.
– Me opplever ikkje rasisme her i Hønefoss, seier Aref Husseini og nikkar mot medelevane; storparten av dei har anna etnisk opphav enn norsk.
Husseini er frå Afghanistan. 19-åringen kom som asylsøkjar og har fått opphald.
Opphald
Mannen som blei angripen i Schjongslunden laurdag er også frå Afghanistan. Også han søkte asyl i Norge – saman med kona og dei tre barna deira.
Familien blei landskjent i februar i fjor. Då gjekk politiet inn i forsamlingslokalet til kyrkjelyden Nytt Liv Sunnhordland i Fitjar der dei fem hadde søkt kyrkjeasyl etter avslag på asylsøknadane. Politiets utlendingseining (PU) meinte bygget ikkje kunne kallast kyrkje, og valde difor å hente ut familien. PU hausta etterpå massiv kritikk for å ha brote kyrkjeasylet. Familien fortalde seinare til Vårt Land at uthentinga var brutal og traumatisk for barna.
Politiet plasserte familien på eit asylmottak utanfor Hønefoss, men i frykt for å bli returnerte, gjekk dei på nytt i kyrkjeasyl i mars i fjor, i Hønefoss kyrkje. I juni i år fekk familien melding frå Utlendingsnemnda (UNE) om at dei kan opphalde seg i Norge inntil vidare, for UNE skal vurdere nye opplysningar i saka.
Familien valde i samråd med Hønefoss kyrkjelyd å bli buande i kyrkja.
Ros
– Fullstendig uakseptabelt.
Varaordførar Dag Henhaug (H) leitar ikkje etter orda når han skal kommentere hendinga som fann stad laurdag ettermiddag:
– Ei feig handling.
Frå brua ved rådhuset ser Høgre-politikaren bort på Schjongslunden. Han snakkar varmt om turområdet som er mykje brukt av folk i Hønefoss.
– Eg vonar politiet finn dei, så dei kan stillast til ansvar, seier Henhaug.
For varaordføraren og dei andre på rådhuset er den afghanske familien godt kjent. Henhaug fortel at familien kunne fått bu på eit mottak i nærleiken etter at dei fekk mellombels opphald, men at han forstår at dei valde å bli buande i kyrkja.
– Kyrkjelyden stiller opp for familien, så det var nok naturleg for dei å bli kyrkja.
Han er sikker på at kyrkja tek godt vare på familien på fem etter det som skjedde laurdag.
Skadd
Afghanaren, som blei lettare skadd laurdag, ønskjer ikkje å snakke med Vårt Land om åtaket. Heller ikkje prost Kristin Moen Saxegaard i Ringerike prosti, som handterer saka på vegne av den lokale kyrkjelyden ønskjer å kommentere åtaket ut over det ho sa til Vårt Land laurdag.
Då fortalde Saxegaard at gjerningsmennene skal ha brukt ord før dei gjekk til åtak som tyder på at handlinga var rasistisk motivert.
Bodskap
– Om det er rasisme her, i Hønefoss? Nei, eg kjenner ikkje til det. Nyleg var SIAN, Stopp islamiseringen av Norge, på torget her og demonstrerte. Dei var svært få medan motdemonstrantane var mange, så her står folk opp mot deira bodskap, seier Kåre Bækkevold som Vårt Land møter på torget i byen.
Til liks med dei andre me møter, men som ønskjer å vere anonyme, tykkjer også han at åtaket laurdag er «heilt forferdeleg».
– Eg fekk ei hastemelding på mobilen frå Ringerikes Blad som fortalde kva som hadde skjedd i Schjongslunden. Eg vonar politiet finn dei ansvarlege raskt, så dei kan stillast til ansvar og straffast, seier Bækkevold.
Rasistisk motiv
Operasjonsleiar André Kråkenes i Søraust politidistrikt opplyste laurdag til Vårt Land at det kan liggje eit rasistisk motiv bak åtaket på faren og sonen.
– Det er ein av teoriane me arbeider etter. Men så lenge me ikkje har fått tak i motparten og avhøyrt dei, veit me ikkje.
Politiadvokat John Ivar Johansen i Sør-aust politidistrikt opplyser tysdag at politiet ikkje er nærare ei oppklaring av saka.
– Ingen vitne har meldt seg, men etterforskinga held fram.
LES MEIR: