– Det er gjort viktige gjennombrot med enkelte opphavsland gjennom å integrere retur i det bilaterale samarbeidet Noreg har med aktuelle land, skriv Justisdepartementet (JD) og med det statsråd Jøran Kallmyr i budsjettproposisjonen som blei lagt fram på måndag.
Konkret kva land det er snakk kunne ikkje Justisdepartementet opplyse i går, men i 2020-budsjettet listar Kallmyrs departement opp land som har fått såkalla prosjekttilskot til migrasjonstiltak frå JD. Mellom dei er Somalia, Sudan, Etiopia, Marokko, Tyrkia, Irak, kurdiske sjølvstyrestyresmakter i Irak, Nigeria og Palestina.
LES MEIR: Kallmyr: – Eg kjem til å vere hard i klypa
Frp jubla for retur- og bistandpunkt i Granavollen-erklæringa
Solberg-regjeringas politiske plattform var knapt signert i januar før Framstegspartiet og KrF i februar byrja å krangle om innhaldet i dette punktet: «Bruke Noreg sin posisjon, mellom anna som bistandsytar, til å sikre fleire returavtalar og auke aksept for prinsippet om at alle land har plikt til å ta imot eigne borgarar.»
Frp-nestleiar Sylvi Listhaug jubla på eiga Facebook-side: «Nå skal vi bruke bistandspengene som et pressmiddel for å få på plass returavtaler for avviste asylsøkere». I fjor vinter, kort tid før ho gjekk av, vitja Listhaug Etiopia, Kenya og Sudan som innvandringsminister. Målet var å få i stand avtalar om retur av personar med endeleg asylavslag her i landet. Norge hadde då ikkje ein returavtale med Sudan.
KrF-minister avviste å bruke bistand som pressmiddel.
KrFs ferske utviklingsminister, Dag Inge Ulstein, var i februar sterk usamd i Frps tolking. Han tilbakeviste koplinga mellom bistand og returavtalar. Han sa til TV 2 at det er uaktuelt å bruke bistand som pressmiddel for å sikre fleire returavtaler: «Det er slik at utviklingspolitikken aldri er slik at vi skal bruke den for å få noe tilbake. Det er ikke egeninteressene våre som skal styre når vi skal innrette den.»
Ingen kommentar frå Ulstein på Vest-Afrika-reise
Statsminister Erna Solberg (H) strekte seg til å seie, til NRK, at «vi bruker bistandssamarbeidet vårt til å snakke med land, også om deres internasjonale forpliktelser. Og deres internasjonale forpliktelser er å ta tilbake borgere av deres land, som er avvist i vårt land. Det betyr at vi bruker den plattformen til å diskutere returavtaler også».
Vårt Land la i går fram Kallmyrs kopling mellom bistand og returavtalar fram for utviklingsminister Dag Inge Ulstein (KrF), som er på reise i Vest-Afrika. Men han hadde ikkje høve til å kommentere regjeringskolleagens presentasjon.
LES MEIR: Frp vil ha nye regler for kriminelle asylsøkere
Regjeringa har fått på plass nye returavtalar
Punktet om retur og bistand i Granavollen-erklæringa kom med fordi Frp fekk gjennomslag for kravet. I budsjettproposisjonen for 2020 skriv Justisdepartementet, og med det Frp-statsråden:
«Eit viktig verkemiddel er å bruke Noregs posisjon, bl.a. som bistandsgivar, for å få på plass fleire returavtalar og arbeide for ei samordna tilnærming til migrasjonsutfordringane gjennom dialog og tiltak overfor slike land. Utanriksdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet har utvikla felles landstrategiar for retur til særleg utfordrande opphavsland. Resultatet av landstrategiane er at det er gjort viktige gjennombrot med enkelte opphavsland gjennom å integrere retur i det bilaterale samarbeidet Noreg har med aktuelle land. Dei felles landstrategiane for retur til særleg utfordrande opphavsland vart reviderte i 2019 og gjeld ut 2020. Regjeringa arbeider også med returavtalar med land utover landstrategiane. Departementet arbeider med å få til betre ordningar for retur og for velordna og trygg internasjonal migrasjon gjennom å gi tilskot til internasjonale organisasjonar og tiltak i land som inngår returavtalar med Noreg, og i land Noreg har migrasjonssamarbeid med.»
---
Retur
- Alle som får endeleg avslag på asylsøknaden, skal reise frå Norge: «Utlendingar som ikkje har lovleg opphald i Noreg, har plikt til å forlate landet (utreiseplikt). Rask retur er viktig for å ta vare på tilliten til asylinstituttet, motarbeide kriminalitet og redusere offentlege kostnader», skriv Justisdepartementet (JD).
- JD opplyser at per 30. juni sat det om lag 1.000 personar med utreiseplikt på asylmottak. Men talet er høgare for mange som har fått endeleg avslag bur hjå vener og kjente.
- I straffesaka mot Arne Viste i Oslo tingrett førre veke blei det brukt eit tal som sa at rundt 3.000 såkalla ureturnerbare oppheld seg i landet. Dette er utlendingar med endeleg asylavslag, men som ikkje er blitt returnerte fordi heimlanda ikkje vil ta imot dei.
---