Nyheter

Vikarar er blitt sendt ut av Norge

Arne Viste: Eg krev at ingen gøymer seg for politiet.

Med ein fullsatt sal 828 i ryggen sette Arne Viste seg i vitneboksen i Oslo tingrett. Han har ikkje plikt til å forklare seg, men fortel at han har eit sterkt ønskje om å gjere det.

Med manus fortel Viste om alle forsøka på å ei rettsleg avklaring på om ureturnerbare kan få jobbe medan dei likevel oppheld seg i Norge.

Han prøvde å saksøkje staten ved Justisdepartementet, men blei avvist.

Han etablerte bemanningsselskapet Plog og byrja å tilsetje vikarar, og vona på at politiet, skatteetaten eller

Utlendingsdirektoratet skulle melde han til politiet, men oppnådde berre at saka blei lagt vekk i 2017.

Men no er han omsider tiltalt, og det er bra, meiner Viste, for no skal domstolen avgjere om det han gjer er straffbart.

LES MER: Nasim og Lula er bare to av over 3.000 mennesker som lever på utsiden av storsamfunnet

Lovtolkar

Han fortel om korleis han meiner at Grunnloven gjev ureturnerbare lov til å arbeide, og at denne loven står over utlendingloven. Det er denne loven han er tiltalt for å ha brote.

Han fortel at han har ingen løyndommar, og at alt han gjer via bemanningsfirmaet Plog skal vere transparent.

Han fortel at skatterekka til vikarane blir sette inn på eigen konto slik at staten skal få sitt.

LES OM SAKEN: Historisk rettssak mot Arne Viste - har kjempa for å bli tiltalt

Må vere opne

Han fortel at han stiller tydelege krav til alle som vil jobbe som vikarar via Plog:

– Ingen vikarar får gøyme seg for politiet. Kjem politiet til meg og spør om kvar dei jobbar og bur, så opplyser eg om dette.

LES MER: Aktor i Viste-sak: Måtte forstå at dette var ulovleg

Hjelp til politiet

Viste fortel at vikarar har slutta i Plog på grunn den opne haldninga hans. Han fortel også at personar er blitt returnerte til heimland etter at politiet har fått opplysningar om kvar folk har jobba og budd.

Viste vedgår at han dermed har hjelpt politiet med å få folk ut av landet.

– Slik må det vere, seier han til Vårt Land i ein pause. Han vil ikkje gje jobb til folk som vil gøyme seg.

– Dette er eg svært tydeleg på i alle samtaler eg har med ureturnerbare som søkjer jobb i Plog.

LES MER: Arne Viste risikerer to års fengsel for kallet han tror han har fått av Gud

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter