Nyheter

Raude, grøne, blå og gule prestar inn kommunestyre

Veljarane har sendt prestar frå MDG, Høgre, Ap og KrF inn i kommunestyre.

Kommunevalet har sendt ei rekkje prestar inn i by- og kommunestyre:

I Hammerfest rykkjer sokneprest Jon Atle Birkeland inn som Høgre-representant. Med seg inn i kommunestyret i den nye storkommunen får han KrFs Vegard Loke Rønning, som er sokneprest i Kvalsund. 1. januar blir Hammerfest og Kvalsund ein kommune.

– Eg var prest i Hammerfest i 20 år før eg blei lokalpolitikar, fortel Birkeland, som melde seg inn i Høgre då lokalpartiet sette opp vallista i fjor.

LES MEIR: Eks-bymisjonsgeneral Helen Bjørnøy inn for SV i Lillestrøm

Skilje

Etter mange år som sokneprest er Birkeland no konstituert prost i Hammerfest prosti.

– Vil hammerfestingar sjå skilnaden mellom prosten og politikaren?

– Ja, men meiner nokre at eg ikkje evnar å skilje, vil dei nok fortelje meg dette, humrar Birkeland.

I Hammerfest har Ap fleirtalet i det nye kommunestyret, men Høgre-representanten vonar at partiet likevel kan få framskotne posisjonar.

Oppdrag

Etter to tiår i Finnmarks-byen kjem Jon Atle Birkeland til lokalpolitikken med eit sjølvpålagt politisk oppdrag:

– Vere med å gjere Hammerfest til ein kommune folk vil busetje seg i.

Når soknepresten i Kvalsund, Vegard Loke Rønning, som har vore KrF-politikar i fire år, tek plass i kommunestyret får han sjefen som kollega.

– Det kjem til å gå svært bra, Jon Atle veit skilnaden på politikk og religion.

– Kva blir di fremste sak i kommunestyret?

– Få oppstart i gruva i Kvalsund, for Nussir kan sikre arbeidsplassar og folkevekst. I dag gravlegg eg 20 og døyper 2 årleg, seier Rønning, som har budd i Kvalsund sidan 2012.

Attvalde

Men det er fleire prestar som skal styre lokalpolitikken.

I Lørenskog får soknepresten Ernst-Modest Herdieckerhoff ein ny periode for MDG. Sidan 2015 har han vore varaordførar i Akershus-kommunen.

I Lillestrøm er tidlegare sokneprest Jørgen Vik attvalt.

I Oslo blir sokneprest Espen Hasle KrFs eine representant i bystyret.

I Porsgrunn er leiar av Kirkens bymisjon og gateprest, Håkon Stornes, valt inn bystyret for KrF saman med pastor Gordon Kleppe i Herøya Misjonskirke, også han for KrF.
I Bergen går sokneprest Thor Brekkeflat i Slettebakken kyrkjelyd laus på sin femte periode i bystyret for Ap.

Veit du om fleire prestar som er blitt lokalpolitikarar, kontakt oss: bjbj@vl.no

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter