Nyheter

Kyrkjegjengar: – Ein i overkant sexfiksert tale

Jan Ingar Båtvik reagerer på at debatten kring Alv Magnus' tale baserer seg på eit manus og ikkje det som faktisk skjedde i Tomb kirke.

– Å lese eit manus er noko heilt anna enn å vere til stades, seier Båtvik som var ein av dei sat i Tomb kyrkje då Alv Magnus preika i februar.

I byrjinga av juli skreiv Biskop Atle Sommerfeldt eit ope brev kor han åtvara mot å bruke Alv Magnus som forkynnar i Den norske kirke i Borg. Det leia til ei rekke debattinnlegg. Saman med kona Torunn, skreiv Båtvik også eit debattinnlegg (VL 21.08), kor dei tok til orde for at det var noko heilt anna å vere til stades enn å lese manuset til Magnus.

LES OGSÅ: 'Streng tale, men ikke retorisk'

– Som ein god foredragshaldar skal gjere, lausreiv Magnus seg frå manuset. Han brukte både kroppsspråk og ulik stemmebruk, nokre repetisjonar og digresjonar som ikkje står i manuset. Dette tek ikkje debattantane som ikkje var der høgde for. Vi opplever difor mykje av debatten som fjern frå røynda.

Problematisk tematikk

– Korleis opplevde du talen?

– Vi opplevde talen som lite tilpassa forsamlinga som var til stades. Det var mange kyrkjeframande som kom for å høyre borna sine synge eller køyre konfirmantane sine. Talen var i overkant sexfiksert med ei slagside som i stor grad blei lagt på sex før ekteskapet, homofili og abort.

Båtvik kjenner fleire kyrkjeframande som var til stades under gudstenesta. Han trur ikkje dei set føtene sine i ei kyrkje med det første.

– Dei fekk bakoversveis. Vi har fått fleire negative reaksjonar. Ein fortalde at han blei uvel og gjekk heim straks talen var over. Andre vart tungsindige over ein tale med så skeivt tyngdepunkt. Dei forventa ikkje ein slik tale på ei gudsteneste som dette.

LES OGSÅ: Debatten som gikk i grøften

Aktuelle synder

Båtvik meiner talen gir inntrykk av at Alv Magnus er meir oppteken av «flisa i auga til andre» enn «bjelken i sitt eige».

– Magnus snakka om synd han truleg ikkje slit med sjølv. Han kunne heller ha snakka om meir allmenne synder, kanskje noko han sjølv slit med, då ville talen blitt meir personleg og tilpassa dei som sat i salen.

– Kva slags synd tykkjer du han burde snakke om?

– Han kunne heller ha snakka om vår egoisme som går utover skaparverket og medmenneske, det blei ikkje nemnt. Kva med krig og våpenproduksjon kor Norge også er medskuldig? Det er då vel mykje verre enn å elske nokon av same kjønn? Det er noko med proporsjonane her som ikkje stemmer.

David Sviland

David Sviland

Mer fra: Nyheter