– På dette feltet, barnefattigdom, er det mange aktørar, og lite samla rapportering. Stortinget får ikkje eit rett bilete av korleis det eigentleg står til, seier Therese Johnsen til Vårt Land, og legg til:
– Å berre pøse på med pengar er kanskje ikkje det rette.
I nesten 25 år har ho vore ein del av toppleiinga i Riksrevisjonen. Johnsen har saman med skarpskodde revisorar granska samanhengen mellom politiske vedtak i Stortinget, gjennomføringa på ulike nivå i offentleg sektor og kva sluttresultata blir.
I sommar blei ekspedisjonssjef Johnsen pensjonist – og tek bladet frå munnen i Aftenposten. Ho ber politikarane bli mykje flinkare til å snakke om resultat framfor å kringkaste kor flinke dei er til å løyve pengar.
LES MEIR: Fattige barn tynges som voksne
Ambisjonar
Konkret dreg Johnsen fram fem felt der ho meiner dei folkevalde feilar. Eitt av dei er kampen mot barnefattigdom. Den røynde kontrolløren av offentleg pengebruk rettar skarp kritikk mot innsatsen som er ført gjennom år:
– Her er ambisjonane store, og sju departement har ansvaret for ulike tiltak. Men ingen har eit felles ansvar for alt som blir gjort, seier ho til Aftenposten, og held fram:
– Det er ingen samordna rapportering og måling av resultata. Stortinget burde oftare få ein heilskapleg rapportering.
Til Vårt Land seier Johnsen dokumentasjonen av resultat er svak.
– Stortinget må få ein samla rapport. I dag er rapportringa for fragmentert.
Glade
I Redd Barna seier seniorrådgjevar Kaja Hegg, i en epost til Vårt Land at, dei er glade for at Johnsen «setter søkelyset på barn som vokser opp i fattigdom. Fattigdommen blant barn vokser raskere enn blant voksne».
På spørsmål om Redd Barna stiller seg bak kritikken frå Johnsen, svarar Hegg at «det er viktig at myndighetene arbeider koordinert, strategisk og langsiktig med utfordringene knyttet til barnefattigdom».
– Problematikken er komplisert både med tanke på årsaker og konsekvenser, det er derfor naturlig at mange ulike offentlige aktører er på banen. Desto viktigere med god koordinering og oppfølging, ikke minst for å lære hvilke tiltak som best hjelper barna det gjelder.
Tredobla
Kampen mot barnefattigdom går feil veg. Talet på barn som veks opp i låginntektsfamiliar er tredobla sidan 2001, og har passert 100.000 barn – eller to til tre barn i kvart klasserom, melder Redd Barna. Statsminister Erna Solberg (H) vedgjekk i vinter at talet vil stige i åra som kjem.
I den politiske plattforma til regjeringa seier dei fire partia at dei «vil målrette innsatsen for å bekjempe fattigdom og sosial nød, spesielt blant barnefamilier.»
Pri ein
For partia i dagens regjering er kampen mot barnefattigdom høgt prioritert, og med KrFs innmarsj i regjeringskvartalet, er kampen blitt eit prestisjeprosjekt. Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) seier at for han som statsråd og KrF-leiar står kampen for å hjelpe fattige barn «aller øvst på dagsordenen».
– Me har heile tida ein ambisjon om å bekjempe barnefattigdom, sa Ropstad som fersk statsråd til NTB i februar då han blei spurt om talet på fattige barn må ned innan 2021 for at han skal vere nøgd med satsinga.
I mars delte Ropstad ut ein rekordstor pott til fritidsaktivitetar til fattige barn, 312 millionar kroner - noko som er drygt 40 millionar meir enn i 2018.
LES MEIR: – Regjeringen svikter de fattige barna
Strategi manglar
I 2015 la Solberg-regjeringa - den gongen Høgre og Frp - fram ein eigen fattigdomsstrategi, Barn som lever i fattigdom - Regjeringens strategi (2015 - 2017).
Men strategien gjekk ut ved årsskiftet 2017-2018, og Høgres Linda Hofstad Helleland fekk ikkje lagt fram nokon ny strategi innan ho måtte gå av som barneminister. Ho lova likevel at regjeringa skal leggje fram ein ny i løpet av året.
Hegg i Redd Barna seier dei er ein «pådriver for å få på plass en ny langsiktig strategi for bekjempelse av fattigdom blant barnefamilier».
Ansvar
Ingen departement har det overordna ansvaret for regjeringas kamp mot fattigdom, men Barne- og familiedepartementet har eit koordinerande ansvar. Statsråd Kjell Ingolf Ropstad hadde ikkje høve til å kommentere saka i går.