Nyheter

Helsepersonell var skeptiske

Dei tvilte på prosjektet då det starta. – No seier eg «korleis klare oss utan», fortel jordmor Karen Juell.

Då Familie for første gang blei introdusert i førstelinetenesta, var mange jordmødrer, helsesjukepleiarar og barnevernstilsette avventande til nyskapinga. Mellom dei var Karen Juell, jordmor på Grønland helsestasjon i Oslo.

– Eg tvilte på om prosjektet hadde noko for seg.

Tre år seinare melder ho om stor entusiasme:

– No seier eg «korleis klare oss utan».

LES MEIR: Vurderte abort - er i dag trygg i rolla som mor

Skaper tillit

Juell trekkjer særleg fram det tillitsbyggjande arbeidet mellom den gravide – som blir mor – og familiesjukepleiaren som følgjer opp kvinna og barnet fram til det fyller to år.

– Her i bydelen har mange dårlege røynsler frå møte med barnevernet, men dei som arbeider i Familie for første gang-prosjektet klarar å byggje tillit.

Jordmora er viss i éi sak:

– Hadde dei ikkje blitt tilvist til NFP, ville det blitt omsorgsovertakingar, heilt sikkert.

NFP står for Nurse Family Partnership, som er det engelske namnet på programmet.

God omsorg

Lene Hesselberg er fagkonsulent i barnevernet i Sandnes kommune var som Karen Juell avventande til prosjektet; var det naudsynt med eit slikt tilbod, oppå alt anna av hjelp.

Men etter å ha lært tilbodet å kjenne, deler ho ut ros. Ho illustrerer det med eit døme:

– Mor kan vere sjuk, ho kan vere innlagt. Men når NFP seier «det går bra», ja, så stolar eg på det. Og det er godt å vite.

Hadde ikkje Hesselberg stolt på vurderingane til dei som jobbar i Familie for første gang-prosjektet i Sandnes, kunne det lett blitt snakk om at barnevernet måtte inn og overta omsorga for barnet.

Både Hesselberg og Juell fortalde om sine røynsler med prosjektet på ein fagkonferanse nyleg.

LES MEIR: Rømde frå familiekontroll

Overlappar ikkje

Forskar Eirin Pedersen ved Arbeidsforskningsinstituttet ved OsloMet, som har ansvaret for evalueringa av Familie for første gang, stadfester bildet som blir teikna:

Programmet overlappar i liten grad med ordinære offentlege hjelpetenester.

Familiesjukepleiarane som arbeider i programmet får yte hjelp til sårbare familiar som ein elles ville slitt med å nå fram til.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Nyheter